Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 09. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Gertrude Abbott



Gertrude Abbott (1866 - 1951) var frå Philadelphia i USA. Då ho kom til Noreg og Balestrand tapte ho hjarta sitt til bygda. Her var ho kvar sommar fram til 2. verdskrigen. Ho døydde i heimen sin i Philadelphia.

<i>Villa Balderslund</i> som Gertrude Abbott bygde i 1906/7. Hagen hennar var svært vakker.

Villa Balderslund som Gertrude Abbott bygde i 1906/7. Hagen hennar var svært vakker.

Eigar: Ingrid Melkild Hustavnes.

Datering: Kring 1985.

Fotograf: Arne Melkild.

Miss Gertrude Abbott

Kring århundreskiftet var det mange som fekk kjøpa tomter med strandline nær sentrum i Balestrand. Lensmann Lem fekk kjøpa sjøtomt på Askelund i 1899. Av ein eller annan grunn, nytta han ikkje eigedommen. I 1905 kjøpte den amerikanske dama Gertrude Abbott eigedommen for 6000 kroner. Miss Abbott kom frå ein velståande familie i Philadelphia, Pennsylvania. I 1891 hadde ho vore med mor si på tur til Europa. Dei likte Noreg best av fleire land som dei vitja. Gertrude Abbot fekk boka Hardy Norsemen av nokre engelske vener, og der fekk ho høyra om Balestrand for fyrste gong. Ho kom til Balestrand i 1894 og avgjorde at det skulle bli hennar stad i Noreg. Miss Abbott bygde "Villa Balderslund" i 1906/7. Miss Abbott var ein dugande amatørmålar, og hadde mykje omgang med Hans Dahl og Adelsteen Normann.

Faste vanar

Miss Abbott kom til Balestrand kvar sommar. Til vanleg kom ho til Bergen med eitt av skipa til Den Norske Amerikalinje like før 17. mai, og kom til Balestrand kring 20. mai. Ein lokal mann hadde ansvar for hagen og han hadde då stelt hagen vakkert til. Lars Sjøtun hadde dette ansvaret fram til han døydde i 1939. Sidan stelte huslyden hans eigedommen.

Miss Abbott hadde mange gjester. Ein av desse var den amerikanske dama Charlotte Matlock. Margit Sahlgaard Børresen var lektor og vitja Balderslund mange gonger. Ein annan gjest var frøken Paludan som var tannlege og hadde litt sommarpraksis i bygda. Miss Abbott var glad i dyr, ho hadde ender og høns som Lars Sjøthun stelte. Ei tid hadde ho og ei ku i fjøset til Lars. Gertrude Abbot var glad i å køyra tur med hest, og fyrste hesten heitte Bikki, den neste heitte Sonja. I tillegg hadde ho to hundar, Balto og Scout. Frå kl. 15.30 til 17.30 køyrde ho turar med hesten. Fyrst hadde ho stolkjerre, seinare trille. Ho hadde alltid gjester med i vogna, og turane gjekk til Esebotn eller Flesje.

Bilete av miss Abbott til venstre og Margit Sahlgaard Børresen til høgre i ei hestekjerre framføre villaen som miss Abbott bygde.

Omsut for bygda

Miss Abbott tok på mange måtar del i bygdelivet. Ho støtta arbeidet med å byggja Den Engelske kyrkja, og ho var ein sentral person då sjukestova vart bygd. Ho hadde eit vake auga og eit varmt hjarta for dei som hadde lite og leid vondt i Balestrand. I Balestrand hadde miss Abbott to innejenter, ei var kokke og ei serverte. Anna Olsdtr. Sjøthun vart miss Abbott sin trufaste tenar i nær 40 år. Ho var saman med miss Abbott både i Balestrand og i Philadelphia. Kring 10. september drog Gertrude Abbot til England. Anna Sjøthun skulle då stella huset til vinteren og ha ferie. Fyrst i oktober drog ho frå Noreg og møtte miss Abbot i Philadelphia. Gertrude Abbott snakka flytande norsk med vestlandsk preg. Bortsett frå krigsåra 1914-1918 reiste ho kvar sommar til og med 1939 frå Philadelphia til Balestrand. Ho testamenterte eigedommen til ferieheim for Bergen Krins av Røde Kors.

Odd og Edel Martens

I 1953 fekk Odd og Edel Martens kjøpa eigedommen. Odd Berle Martens (1899 - 1979) var utdanna lege frå Bergen. Kona Edel Astri Wilhelmine Mejlander (1899 -1979) var og utdanna lege og kom frå Stavanger. Dei innreia legekontor i 2. etasje og hadde kontor der til 1975. Edel Martens var svært oppteken av arbeidet til Raudekrossen og var ei drivande kraft i arbeidet med å få etablert Granlia. Odd Martens var ivrig jeger og fiskar. Han var fiskarlege ein sesong på Skrova, og han var med polarinstituttet då radiostasjonen i Myggbukta på Grønland vart nedlagd. Martens var med Helge Ingstad til Halifax på Novia Scotia og til Newfoundland, som kokk, då Ingstad grov ut vikingtufter der. Då Odd og Edel Martens døydde, gjekk heimelen over til borna. I 1980 vart eigedommen med mykje innbu seld på auksjon. I 1980 fekk Sigurd og Åse Ese kjøpt eigedomen.

Bilete av Dr. Odd Martens og Helge Ingstad i "Vinland."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards - og ættesoge. Bind II. Balestrand 1991.
Intervju med eldre folk i Balestrand.

PERMANENT IDENTIFIKATOR