Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. november 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Fossane i Flåm og Aurlandsfjorden



I Flåmsdalen og i Aurlandsfjorden finst det både kjende og ukjende fossar som pregar landskapet. Nokre av desse er blant dei mest kjende turistattraksjonane i Noreg, slik som Rjoandefossen og Kjosfossen i Flåmselvi. Flåmselvi vart i 1986 verna i samband med Verneplan III for vassdrag.

Eit gamalt postkort syner Rjoandefossen og det vanskelege terrenget arbeidarane på Flåmsbana jobba i.

Eit gamalt postkort syner Rjoandefossen og det vanskelege terrenget arbeidarane på Flåmsbana jobba i.

Eigar: Aurland kommune, Lokalhistorisk arkiv

Datering: 1923-1930

Fotograf: Ukjend

Rjoandefossen

Rjoandefossen kjem ned i Flåmsdalen aust for Vassetvatnet. Ifylgje namnegranskar Erlend Vinjum kan nemnet på fossen tydast ut frå førlekkjen "Rojande". Dette kan forklarast med det gamalnorske verbet hrjoða, som tyder å kaste utfor eller "å spreie". Dette stemmer også godt med den måten fossen kastar seg utfor eit 140 meter høgt stup og spreier seg ut i nedslaget.

Fossen som vêrmerke

Det vert sagt at når lyden til Rojandefossen endrar seg, så vert det vêromslag. Den vitskapelege forklaringa på dette fenomenet er at lyd beveger seg raskare med vinden enn mot vinden og fortare gjennom varm luft enn gjennom kald luft. På den måten varslar fossen om dårleg vêr idet lydbølgjene frå fossen vert bøygd nedover når kalde luftmassar tek over for varme luftmassar.

Kjosfossen

Av dei kjende fossane i Flåmsvassdraget er òg Kjosfossen. Fossen er ein stor turistattraksjon og eit ynda fotomotiv grunna plasseringa han har ved Flåmsbana, og huldrene som dansar her.

Ved fossen ligg Kjosfoss kraftverk som sørgjer for straum til Flåmsbana. Som fylgje av kraftverksemda er Reinungavatnet og Seltuftvatnet regulerte. Reguleringa i 1944 førte m.a. til utvasking av ein grusrygg i austenden av Seltuftvatnet. Her kom det etter kvart til syne store mengder slagg, trekol og brente steinar. Det skulle vise seg at dette var restar av jernvinneaktivitet tilbake til eldre jernalder, i tida rundt år 0. Funna er framleis dei eldste funna av jernvinne som finst i Noreg.

Brekkefossen

Eit ynda turmål i Flåm er Brekkefossen som høyrer til elva Ljosdøla som renn ned Ljosdalen forbi garden Brekke. Fossen har eit fritt fall på 45 meter. Turen opp til fossen er bratt, men let seg gjennomføre for dei fleste med litt trening. Ved toppen er det fint å nyte utsikta over fossen og Flåmsdalen i begge retningar, mot fjorden og mot gamle Flåm.

Frondøla

På Fronnes, på vestsida av Aurlandsfjorden mellom Flåm og Aurlandsvangen kjem elva Frondøla ned. Elva har gjennom lange tider danna eit djupt juv og dannar ovanfor sjølve neset to fossar og ein kulp ved staden som heiter Grønehaug.

I tillegg til flotte fossar kan Fronnes og Frondalen skilte med ei spanande historie, vakkert kulturlandskap som fylgje av støls- og gardsdrifta, og ei rekke fornminne. Her finn vi ei tuft som kan vere frå jernalderen, og ei stor samling gravrøyser. Samlinga består av eit felt på 9 røyser i tillegg til ei frittliggande røys. Røysene er ikkje daterte, men kan ifylgje fylkesarkeolog Eva Moberg tidfestast til bronsealderen (perioden 1800-500 f.Kr.), basert på plassering og utsjånad på røysene. Garden Frondalen er òg nemnd i Sverre-soga, i samband med at kong Sverre og birkebeinarane gjekk seg vill i fjellet grunna eit uvêr. Med dette enda Sverre opp hos bonden i Frondalen i år 1177.

Fronnes er mykje nytta som turmål, både for turistar og lokalbefolkning. I 2006 vart det utarbeida ein skjøtselsplan for Fronnes, som skal fungere som hjelpemiddel for forvaltinga av området.

Flugandefossen

Flugandefossen ligg i Aurlandsfjorden, om lag vis a vis Aurlandsvangen. Fossen har eit fall på 75 meter og står på lista blant dei viktigaste fossefalla innanfor Nærøyfjorden verdsarvområde. Kanskje er det grunna det lette og flygande fallet at fossen har fått namn?

Ifylgje Erlend Vinjum var linefiske i fjorden ei viktig inntektskjelde i mellomkrigstida. Det vart sett liner langs heile fjordarmen på kjende plassar som vart kalla "sett". Eit av desse setta var Flugandesettet ved Flugandefossen, der lina vart bunden i eit strengspel og rodd ut i fjorden i retning Duehuset på Aurlandsvangen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bøthun, Siri W. Fronnes i Aurlandsfjorden; skjøtsel av kulturminne og kulturlandskap og tilrettelegging for friluftsliv. Aurland Naturverkstad Rapport 6/2006, 27s. + vedlegg. 2006.
Indrelid, Svein. Aurland bygdebok. Soga om Flåm. Band 1. Bygdi. Aurland sogelag. 2003.
Ohnstad, Anders. Gardssoga for Aurland. Ein del av Vangen sokn. Frå Loven til og med Frondalen. 1996.
Vinjum, Erlend. Stadnamn og kulturhistorie. Gjøvik bokbinderi. Aurland.

PERMANENT IDENTIFIKATOR