Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Nynorsk i Sogn og Fjordane - Svartfjellsønerne



I Holmenkollen, som er eit av Noregs fremste nasjonalsymbol, står tre æresvakter; Kong Olav, Fridtjof Nansen og Henrik Angell. Dei to første kjenner me alle til, men sistemann ukjend for mange. Angell er forfattaren av ei av dei første skjønnlitterære bøkene på nynorsk frå Sogn og Fjordane.

Om forfattaren

Henrik Angell (1861-1922) vaks opp i sognebygda Luster. Også der er det reist eit minnesmerke, ei fem meter høg minnestøtte. Då Angell vaks opp, var Luster ei blomstringsbygd kulturelt, nasjonalromantikkens fødestue, som forfattaren av biografien Henrik Angell - en nordmann på tvers, Roy Andersen, vel å kalla ho. Her vart han kjend med skisporten, og me får ei aning om kvifor han vaktar Holmenkollen. Henrik Angell var ein sentral person i norsk skihistorie og gjorde ein viktig innsats for å spreia og styrkja denne sportsgreina. Nasjonalisme, ski og militær entusiasme kan seiast å vera tre kjennemerke ved Angell. Dette kjenneteiknar også det litterære arbeidet hans.

Føredøme for nordmenn

Angell si bok Svartfjellsønerne frå 1889 forsterkar dette inntrykket av han. Boka kom i ei tid då dei nasjonalistiske kreftene var sterke i Noreg, noko som må ha oppteke Angell då han skriv innleiingsvis i boka:

No vil eg i denne boki prøva aa fortelja den norske ungdomen og den norske hæren om eit fjellfolk endaa mindre og endaa fattigare en vaart, eit folk som i over eit halvt aartusen hev vart fridomen sin og landsens ære mot endaa større overmagt.

Soga om Svartfjellsønerne

Fjellfolket som Angell snakkar om er, det montenegrinske Svartfjell-folket. I boka fortel han deira soge som går tilbake til 1360 då tyrkarane kom frå Vetleasia over til Europa for å leggja under seg land. Då var det berre det vetle landet Montenegro som greidde seg. Dette på eiga hand, berre med Guds hjelp, skriv Angell. Landet med eit par hundre tusen innbyggjarar, hadde trass i dårlegare militære ressursar enn fienden, kjempa med kløkt gong på gong og behalde sin fridom.

I boka får me gjennom fargefulle skildringar kjennskap til mange av desse bragdene. Om striden i Albania i 1876 skriv han: heile baktroppen vart etter den djervaste motstand nedhoggen til siste mann. I 1796 hogg 6 000 montenegrinar ned 30 000 soldatar frå den tyrkiske armeen i løpet av ein tredagarsstrid.

Bragdene til Svartfjellfolket har imponert militærmannen Angell og han måler Svartfjellsønene sine kampevner opp mot grekarane i stridane mot persarane (500 f.Kr -448 f.Kr). Det er ikkje ende på ros som Angell gir dette fjellfolket.

Om å ofra seg for fedrelandet

Boka er skriven i lys av nasjonalismen, og truskap til fedrelandet er soleis via mykje merksemd. Den som ikkje gjer sin innsats for fedrelandet eller som gjer noko som kan vera til skade for landet, misser sin rett til vern i landet og vert utvist. Landsutvisning var den strengaste straffa ein kunne få i Montenegro, verre enn å verte hengt. Frå 1855 vart blodhemn forbode og straffa var utvisning frå landet.

Historia om Mirko, den landlyste montegrinen, syner kor gjævt det var å høyra til blant Svartfjellsønene. Mirko miste far sin i blodhemn og trassa blodhemnforbodet då han hemna far sin. Han drog heim att for å slåst i krig. Første gongen var det ingen nåde, han fekk ikkje tilbake retten til å bu i landet. Andre gongen kjempa han til dess han fekk dødelege skadar. På dødsleiet fekk han æra tilbake.

Nasjonalisme

Svartfjellsønerne er ei bok skrive i den nasjonalromantiske tradisjonen, men skil seg ut frå dei andre tidlege skjønnlitterære bøkene på nynorsk frå Sogn og Fjordane. Først og fremst ved krigselementet som nok skriv seg frå Angell sin militære bakgrunn. Angell ønskte at nordmenn skulle læra av fjellfolket si soge, identifisere seg med dei og ha dei som fordøme. Inspirert av nasjonalisme var dei ei bok av tida då ho kom ut. Den vart godt motteken og vart seld i 20 000 eksemplar.

Staten Montenegro som var bygd på krigarkultur, æresomgrep og ortodoks tru, vart i 1918 innlemma i ein storserbisk stat då Austerrike-Ungarn vart opplevd som ein trussel. Etter ei folkeavstemning 3. juni i 2006 står Montenegro igjen på eigne bein.

kjelder:

Andersen, Roy: Henrik Angell - en nordmann på tvers: Aschehoug 2000
Angell, Henrik August: Svartfjellsønerne:: Aschehoug 1898

PERMANENT IDENTIFIKATOR