Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

I storm og snøføyk på Filefjellet



Det første forsøket med å halda Filefjellsvegen vinteropen var i 1936, men det tok fleire år før dei fekk høveleg utstyr. Før krigen var det difor berre nokre spreidde forsøk på å halda vegen open. For det meste måtte vegvesenet gi tapt for naturkreftene og stengja vegen.

Det første brøyteutstyret over Filefjell var av typen Citroen P.107 som vart kalla ein Citroen-traktor. Det franske 'krigsministeriet' hadde gitt løyve til å selja Citroen beltebil av denne typen til utlandet. Vegvesenet i Sogn og Fjordane fekk den første som kom til landet. Det var store forventningar til bilen som var konstruert for å trekkja, framfor å bera last.

Det første brøyteutstyret over Filefjell var av typen Citroen P.107 som vart kalla ein Citroen-traktor. Det franske 'krigsministeriet' hadde gitt løyve til å selja Citroen beltebil av denne typen til utlandet. Vegvesenet i Sogn og Fjordane fekk den første som kom til landet. Det var store forventningar til bilen som var konstruert for å trekkja, framfor å bera last.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest

Fotograf: Ukjend

 

Vinterope Filefjell frå 1936
Den 6. mai 1935 var det møte på Gol mellom vegsjefane Carl Crøger frå Oppland og Knud Knudsen frå Sogn og Fjordane. Dei drøfta vinterbiltrafikk på Filefjellet. Vegvesenet i Sogn og Fjordane hadde kontrakt med Maristuen Hotel om vintervedlikehald med hest frå Maristuen til fylkesgrensa. Kontraktsummen var 900 kroner for vinteren, og oppseiingsfristen var 6 månader. Oppland hadde ingen slike kontraktar og var interessert i å starta brøyting med bil alt same vinteren, men Sogn og Fjordane mangla brøyteutstyr. Dei vart difor samde om at først frå vinteren 1936 skulle dei setja inn utstyr slik at vegen kunne haldast open.

Fransk Citroen
Stor var Knudsen si overrasking då han gjennom radio fekk greie på at Filefjell skulle haldast open for biltrafikk i 1935. Vegdirektøren avkrefta at så var tilfelle. Det sette likevel fart i forsøket på å skaffa brøyteutstyr. Norsk Citroen kunne då tilby beltechassis type P.107 til 19.000 kroner. Ingen i Noreg kjende til bilen, som ikkje tidlegare var selt til utlandet. Den franske fabrikken hevda at bilen var godt eigna til snøbrøyting og veghøvling. Beltesystemet skulle vera særleg robust. Leveringa frå Paris var sett til ein månad frå bestillingsdato. Bilen vart tinga gjennom eit sveitsisk firma Aebi & Cie. A.G. Zurich.

Førebuingar
Mellom Borlaug og krysset til Tyin er det om lag 28 km. Rundt 25 km av desse ligg høgare enn 800 moh., og høgste punktet er 1004 moh. Om hausten vart det sett opp snøskjermar på dei mest utsette stadene over fjellet, og i begge fylka sette dei opp garasjar og opphaldsrom for brøytemannskapa. I Sogn og Fjordane var det vegvesenet sjølv som tok på seg brøytinga, medan vegvesenet i Oppland overlet det til ruteselskapet Jotunheimen og Valdresruten, som ville nytta ein 4,5 tonns F.W.D. lastebil til brøytinga. Av plogar hadde dei ulike typer til disposisjon.

Storm og uvêr
Vinteren 1936/37 kom tidleg, og alt ved juletider fekk dei høve til å prøva det nye materiellet. Men juleveka kom med sterk snøstorm som gjorde at det var uråd å brøyta. Brøytinga vart teken opp att 29. desember. I andre halvdel av januar kom ein ny storm som varte lenger, og som gjorde vegen ufarbar frå 18. januar til 6. februar. Stormen var så hard at til og med Bergensbana måtte stogga. Einaste måten å komma seg over fjellet på var igjen å bruka beltebil slik dei gjorde over Hemsedalsfjellet. Frå 6. februar vart vegen halden open resten av vinteren.

Utstyret var for dårleg
Vinteren 1937/38 byrja bra, og snøforholda var gunstige. I mars braut stormen laust. Heile fjellet fauk att, og dei måtte moka fjellet i 10 dagar med 70 mann for å få vegen open att. I april kom ein ny storm, og brøytekantane var så høge at dei ikkje greidde å kasta snøen over kanten. Vegen vart igjen stengd og opna ikkje før 17. mai. Beltetraktoren måtte med andre ord gi opp for dei norske snømassane.

Nye forsøk i 1939
Etter to års erfaring konkluderte vegvesenet med at dei ikkje kunne halda fjellovergangane opne med alminneleg brøytemateriell. Dei skaffa seg difor ein roterande plog og ein snøfresar av "Konrad Peters konstruksjon". Snøfresaren vart levert i januar i 1939 og vart stasjonert på Nystua. Kostnaden var 55.000 kroner. Det karakteristiske ved denne typen snøfresarar var dei roterande knivane. Desse skjer snøen ut og slyngar den bort utan at den vert pressa saman. Belta var av stål. Dei prøvekøyrde maskina på vegen frå Tyin hotell mot Tyinoset med ein sveitsisk montør, som var der for å læra opp det norske mannskapet. Diverre vart fresaren ståande på Hemsedalsfjellet då dei skulle opna vegen våren 1940. Maskina fekk motorstopp.

Moderne snøbrøyting
Peterfresarane var i mange år det beste utstyret vegvesenet hadde til å halda høgfjellsovergangane opne. Snøen vart fint sprøyta og pulverisert og la seg over eit så stort område, at det var vanskeleg å sjå kor den vart av. Det viste seg at Peterfresen på ein time kunne fresa vekk 300 meter snø på vegen med ei snødjupn på 1 meter. Peterfresen vart ikkje nytta i den daglege brøytinga, men vart sett inn kvar gong vegen fauk att og plogen ikkje greidde oppgåva.

 

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Askeland, Kristin: Maskiner ryddar veg. Historia om maskindrifta i Statens vegvesen Sogn og Fjordane. Statens vegvesen Sogn og Fjordane 2002.

PERMANENT IDENTIFIKATOR