Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. november 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Beitelen



Beitelen er eitt av dei fremste kjennemerka i Nærøyfjorden verdsarvområde. Den særmerkte fjelltoppen er òg eit godt utsiktspunkt over fjordsystemet.

Beitelen ruvar i skiljet mellom Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden.

Beitelen ruvar i skiljet mellom Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden.

Eigar: Nærøyfjorden Verdsarvpark

Datering: 06.08.07

Fotograf: Trude Knutzen

Eit skilje i fjordsystemet
Det høgste punktet på Beitelen ligg 675 moh. og dannar eit markant skilje mellom Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden. På Beitelen finst ein av dei beste førekomstane av edellauvskog med lind i området. I tilknyting til denne skogen veks og grasarten Huldregras (lat. Cinna latifolia) som til vanleg er å finne i meir austlege strok.

Stadnamnet
Namnet Beitelen stammar ifylgje historikaren Johs B. Thue frå det gamalnorske ordet for meisel. Ein beitel er òg det nederlandske ordet for denne reiskapen. Thue tolkar det òg slik at dette noko skråstilte fjellet kan samanliknast med meiselen som er eit kileforma reiskap, brukt til å forme råmaterial. Såleis kan stadnamnet ha sin bakgrunn i mytar og folketru som omhandlar måten landskapet vart forma på.

Turen til utsiktspunktet
Ruta til Beitelen går om høgdegarden Stigen som ligg 350 meter over fjorden, om lag 200 meter søraust for Beitelen. Stien som fører opp frå fjorden er svært bratt, men er likevel trygg å ferdast på. Stigen var i drift frå Svartedauden og fram til 60-talet då han vart nedlagt. På 1990-talet kjøpte dagens eigar det eine bruket og sette det i stand. I dag er det sommardrift med servering og overnatting på garden.

Fiske ved Beitelen
I fjorden nedanfor Beitelen var ein av dei plassane det var vanleg å sette ut line etter brosme og lange. Dette var særskilt vanleg i mellomkrigstida. Lina frå Beitelen kunne settast i fleire retningar ut i fjorden.

Det finst fleire døme på at meir sjeldsynte artar vart fiska i samband med det tradisjonelle fisket. Erlend Vinjum skriv om eit tilfelle på 1960-talet då ei brugde hadde surra seg inn i eit sildegarn. Brugda er ein haiart som kan bli svært stor, og denne brugda vega om lag 2 tonn. Sjølv om lever frå brugde er ein verdefull vare, vart heile denne brugda hengt i krana på D/S "Stavenes", for så å bli senka ved Beitelen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Thue, Johs. B. Nærøyfjorden. Skald.2006.
Vinjum, Erlend. Stadnamn og kulturhistorie. Gjøvik Bokbinderi. Aurland. 2004.

PERMANENT IDENTIFIKATOR