Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 10. februar 2021

Sist oppdatert 11. februar 2021

Kommune

Rå-data

Glimt av historia til Sogns Barneheim



Sogns Barneheim vart opna i 1891 på Leikanger. I denne artikkelen vil vi ta ein glytt inn i historia til barneheimen fram til 1950-talet.

Barneheimen hadde eige blad, De lidendes ven, frå 1892. I 1937 gjekk bladet inn i eit større indremisjonsblad, Sognevarden, organ for Sogn Barneheim, indremisjonen sin ungdomsskule i Balestrand, Sogns ungdomsskule, og indremisjonen i Sogn. Her fekk lesaren oppbyggjeleg stoff, smånytt om barna og institusjonen, m.a. gåvelister.

Barneheimen hadde eige blad, De lidendes ven, frå 1892. I 1937 gjekk bladet inn i eit større indremisjonsblad, Sognevarden, organ for Sogn Barneheim, indremisjonen sin ungdomsskule i Balestrand, Sogns ungdomsskule, og indremisjonen i Sogn. Her fekk lesaren oppbyggjeleg stoff, smånytt om barna og institusjonen, m.a. gåvelister.

Eigar: Fylkesarkivet i Vestland: SFFf-100057.110459

Datering: 15. januar 1938

Barneheimshistoria er ei historie som m.a. handlar om at nye tankar om barndom vart sette ut i praksis og om den sentrale plassen filantropien hadde i dette arbeidet. Det er historia om eit brennande engasjement for dei svake og hjelpelause, men også om barn som misjonsmark der makt og omsorg gjekk hand i hand. I denne soga har også Sogns Barneheim, 1891-1974, på Leikanger sin plass.

Huset bygges, hjemmet trygges,
Hjemmet trygges de smaa til ly;
For dem herinde livet oprinde,
Livet oprinde med lovsang ny.
Huset bygges, hjemmet trygges,
Hjemmet trygges de smaa til ly.

Slik tona songen då lekfolk frå heile Sogn den 22. oktober 1891 var samla og skreiv seg inn i institusjonssoga i Sogn og Fjordane ved den høgtidlege opninga av Sogns Barneheim i Leikanger. Den fyrste, og det som skulle bli den einaste barneheimen i fylket låg der, midt i ein frukthage på tjukkaste bygda. Eit retteleg nyhende var han, langt frå byen og byens fattigdom der slike moderne institusjonar hovudsakleg fann sin plass, som følgje av dei store samfunnsendringane i denne perioden. Sogns Barneheim var eit reint religiøst-filantropisk motivert prosjekt som vi i det fylgjande vil sjå litt nærmare på.

Eit gamalt postkort med bilete av hus, fjell og fjord, med trykk: "Leikanger Sogn Bautastein og Baldershage"

Bakteppe

I Noreg skjedde det ei storetablering av barneheimar frå om lag 1870 til 1920. Sogns Barneheim vart etablert relativt tidleg i denne etableringsboomen, som ein av dei få barneheimane på bygda. Dei fleste barneheimane låg elles langs kyststripa frå Østfold til Hordaland. Framveksten av barneheimsinstitusjonen vert knytt til ei felles europeisk institusjonsrørsle på 1800-talet, der løysinga på mange samfunnsproblem låg i institusjonar. Mange filantropar var med rette skeptiske til dei offentlege utplasseringane i private heimar eller offentlege institusjonar.

Skepsisen galdt både den materielle og åndelege standarden dei utsette barna levde under. Den private barneheimsinstitusjonen vart såleis lansert som eit alternativ og supplement til dei offentlege tilboda. Målet var tosidig, samfunnets beste og barnets beste, ved hjelp og kontroll. Dei fleste barneheimane som vart bygde i Noreg var private, og hovudaktørane var dei religiøse filantropane. Deira hovudmotiv var ynskje om å redde barnas sjel for Herren, kor kroppsleg omsorg og pleie var meir å sjå på som eit middel enn eit mål i seg sjølv. Fleirtalet av barneheimane var private og sjølv om barn vart sett på den offentlege dagsordenen i større grad enn før, såg dei statlege styresmaktene på barneheimane som private prosjekt, kor eigarane sjølve måtte syte for driftsmidlar gjennom gåver og innsamlingar. Barneheimane levde i stor grad eit anonymt tilvere, rimeleg fritt for innsyn og tilsyn og mange av barna levde såleis ei lukka verd, i ein total institusjon. I etterkrigstida kom barneheimstanken etter kvart i utakt med dei faglege råda om kva som var barns beste, og barneheimar vart i stor grad ei naudløysing.

Kort om institusjonen Sogns Barneheim

Sogns Barneheim, 1891-1974, vart skipa og driven av indremisjonen i Sogn. Institusjonen vart styrt av eit overstyre med representantar frå prestar og lekfolk frå inst til ytst i Sognefjorden, samt eit lokalt styre med overvekt av representantar frå Leikanger. Hos lekfolket fanst det personressursar med både åndeleg, politisk og verdsleg makt. Mange av bygdas beste menn, bønder, prestar og lærarar fann seg vel til rette i den tette fellesskapen med felles mål om gjenkristning av landet og utvikling av lokalsamfunnet til det beste for Gud og menneske.

Ideen om ein barneheim kom frå sokneprest i Leikanger Jakob Walnum, og det hadde neppe blitt nokon barnheim i Sogn utan han. Han var idérik og hadde ein ustoppeleg trong til kristeleg byggjande verksemd. Han var ein autoritet med personlege ressursar og eit solid personleg og fagleg nettverk, strategen som tok i bruk dei ressursane indremisjonen representerte. Prestenettverket og lekmannsrørsla var ein uslåeleg kombinasjon når barneheimen skulle etablerast og fundamenterast.

Portrettfoto av ein mann med briller, gamaldags prestekrage og medalje.
Etableringa av barnheimen kom ikkje som resultata av store samfunnsendringar i regionen, men i samfunnet generelt. Det var ope for nye impulsar og nye idear og då Walnum kasta fram denne tanken, greip mange lekfolk han. Misjonen var ein informasjons- og inspirasjonskanal som femna vidt, og folk fekk nye idear og tankar gjennom det store religiøse samfunnet. Det var difor hos lekfolket, og indremisjonen i sær, det ideologiske og økonomiske grunnlaget for å realisere ein barneheim låg. Sogningane kjende godt til fattigdom og ulivnad. ”Alle” kjende til barn som levde i materiell og åndeleg naud. Barn som rak rundt på gardane, som vart bortakkorderte til andre fattige, barn som budde hos gamle, fattige besteforeldre som ikkje var i stand til å ta seg av dei osv. Å utøve gjerningsmisjon i form av nestekjærleik og kristen omsorg for slike verjelause små gav meining, og det religiøse var både legitimerande og motiverande faktorar i barneheimsetableringa.

Det økonomiske fundamentet for etablering og drift kvilte på det frivillige gjennom gåver og medlemsinnsats. Dei religiøse filantropane i Sogn var jamt over ikkje rike på gods og gull, men dei hadde misjonssamvit og gåver til misjonsarbeid var ei gjengåve til Gud. For indremisjonsfolket var også misjonsgåver ei plikt i arbeidet med nykristninga av landet. Det religiøse utgjorde såleis drivkrafta og var basisen for det økonomiske fundamentet til barneheimen, i form av pengegåver og naturalia. Trass i kommunal betaling for bruk, det var dei frivillige, primært lekfolket og deira kontaktnett som heldt liv i barneheimen. Økonomisk var barneheimen inga gullgruve, og i periodar sleit dei hardt, men frå slutten av mellomkrigstida lysna det grunna større gåver, sparsemd, lite barnetal og redusert bemanning.

Sogns Barneheim var for dei vanlege barna, dei fattige, foreldrelause og eventuelt vanskjøtta, ikkje dei utagerande, dei kriminelle barna. Barneheimen var i fyrste rekkje tenkt å rekruttere barn frå Sogn, men det hende at dei tok i mot barn frå andre deler av landet og fylket. Dei barna som kom frå andre deler av landet, var primært barn som hadde ein eller begge foreldra frå fylket eller Sogn.

Det besluttedes at opptage et børn fra Leikanger efter nærmere bestemmelse. Endvidere to foreldreløse børn fra Aardal, anbefalet af sogneprest Jakobsen. Ligesaa et børn paa omtrent 2 aar fra Sognefest, anbefalet af Jørgen Pedersen. Ligesaa to børn fra Jostedalen, (…) og(…), anbefalet af sogneprest Børresen. Ligesaa en gut fra Hafslo, anbefalet av Fredrik Fraas. Optagelsen skjer ved nytaar.

Dette styrenotatet viser eit gjennomgåande trekk ved søknadane, spesielt den fyrste tida. Det var einskildpersonar i heimekommunane som søkte barna inn, og innsøkjarane var gjerne personar med autoritet, som t.d. presten. Eit anna trekk er at det ofte var folk knytte til overstyret og indremisjonen som søkte dei inn. Det offentlege var ein viktig leverandør av barn til Sogns Barneheim frå første stund og mot 1920 var det stort sett fattigstyra som søkte inn barn. Det religiøse nettverket med lekfolk og prestar var i stor grad også representerte her.

Det var sjeldan at foreldre sjølve bad om plass, men det hende. Den praktiske og økonomiske situasjonen mange foreldre møtte når det økonomiske og familiære sikkerheitsnettet rakna, var fortvilande. Foreldre kunne då freiste alle utvegar for å finne gode løysingar for seg og barna slik som den mora som bad så inderleg om plass for sine fem små, samstundes som ho sjølv ynskte å få teneste der. Dette er ikkje det einaste dømet på at foreldre såg på bortplassering på barneheimen som ei løysing på å få vere i nærleiken av barna sine og då aller helst saman med dei. Men det fekk dei ikkje, praksisen var at kontakten med barna vart avskoren når dei vart plasserte på barnheimen og foreldra måtte skrive under på at dei gav frå seg råderetten til barnet var konfirmert.

Barneheimen var open for begge kjønn, sjølv om dei i periodar prioriterte jenter. Aldersgrensa var to år, men det hende ein gong i blant at yngre barn fekk plass. Det vart aldri sett noko øvre aldersgrense, men det vaks fram ein inntakspolitikk der barn under ti – elleve år vart prioriterte. Spesielt galdt dette gutar. Barna skulle elles vere friske, døypte og vaksinerte.

Både innsøking og opptak var sterkt prega av det religiøse nettverket sin medverknad. Dei var aktive på innsøkingssida, men påverka også sjølve inntaksprosessen. Når presset var stort frå venene, kunne prinsipp bli sett til sides og skjøn og fleksibilitet utøvd. Venene hadde også ein viktig kontrollfunksjon i sjølve opptaksprosessen med å kontrollere barn og bakgrunnen deira når styret kjende seg usikre, og sameleis når det kom førespurnader om å få overta eit barn som sitt eige.

Livet på barneheimen

Om lag 200 barn har hatt store deler av barndommen sin ved Sogns Barneheim. Her vaks dei opp i ein barneheim som var eigd og driven av indremisjonen, ein organisasjon som skilde skarpt mellom dei truande og ikkje truande og med ein sterk religiøs fellesskap som fungerte som eigne samfunn i samfunnet. Pietistane hadde eit strengt normverk, synda låg på lur over alt og ein måtte difor ha ein livsførsel som ikkje kunne føre til synd. Det lettpåverkelege barnet måtte også vernast mot mogeleg uheldig påverknad frå den nære verda. Omgang med barn som ikkje høyrde til dei rette og vekte kunne bli problematisk. Då var det tryggare å halde barnet innanfor den religiøse fellesskapen. For barna ved Sogns Barneheim skulle det bety at opplæring, oppdraging og sosialisering primært skulle skje innanfor institusjonen i indremisjonens bilete. Eigenvilje og spor av tidlegare liv måtte brytast ned. Det betydde også minimal kontakt med familien. Eigen skule i mest 30 år forsterkar biletet av ein total institusjonen, i stor grad isolert frå omverda og med minimalt med innsyn frå styresmaktene som skulle sjå til at barnheimen vart driven til barnas beste.

Ein gjennomregulert kvardag

Korleis såg så kvardagen og livet ut ved Sogns barneheim? Ytre faktorar som økonomi og dermed personaltilgang måtte leggje føringar på drifta, men ideologi og oppdragingsideal gav dei verdinormene som barneheimen skulle styrast etter. Disiplinering, orden og struktur var viktige element i samtidas oppdraging då barneheimen starta opp. Barna som kom til Sogns Barneheim måtte ha ulike oppfatningar om ein heim. Nokre av barna hadde utvilsamt ein bakgrunn der heimetilhøva var prega både av manglande struktur og orden, medan andre igjen kom frå enkle, men vanlege kår med både skuleplikter, arbeidsoppgåver og faste rutinar. Ein regulert dagsrytme var såleis ikkje ukjent for mange av dei. Slike dagsplanar som vist nedanfor var ikkje spesielt for Sogns Barneheim. Plan, orden og arbeid var kvardagen på både skule- og barneheim.

Dagsplan for Sogns Barneheim anno 1892:

 

Sommeren

Vinteren

Børnene vækkes

Kl. 6

Kl. 6 ½

Opredning af sengene, rengjøring, ovnsilægning, skopudsing og vadsk

Kl. 7

Kl. 7 ¼

Frokost og andakt

Kl. 7 ¼

Kl. 7 ¼ - 8

Praktiske arbeider

Kl. 8 – 9

Kl. 8 - 9

Skole

Kl. 9 – 12

Kl. 9 - 12

Middag

Kl. 12

Kl. 12

Middagshvil

Kl. 12 ½ - 1 ½

Kl. 12 ½ - 1½

Sløid, handarbeide, stopning og lapning eller vask

Kl. 1 ½ - 4

Kl. 1 ½ - 4

Mellommad

Kl. 4

Kl. 4

Hvile til

Kl. 5

Kl. 5

Lektielæsning

Kl. 5-7

Kl. 5-7

Fritid til

Kl. 8

Kl. 7 ½

Andakt

Kl. 8

Kl. 7 ¾

Sengetid

Kl. 8 ½

Kl. 8 ¼

I kva grad og kor lenge denne planen vart fylgd, gjev ikkje kjeldene sikkert svar på. Ei dagbok frå 1920, som styraren førte over dei ulike gjeremåla til barna, viser nøyaktig førte lister, veke for veke og kven som gjorde kva. Huset var stort og med unntak av dei private romma til personalet, var både inne og uteområdet inndelt i arbeidsstasjonar som gjekk på omgang. Då barna vart flytta over til den offentlege skulen, måtte dagsplanen endrast, men det kan sjå ut til at hovudtrekka stod fast fram mot andre verdskrig. I den tida barneheimen hadde eigen skule vart lekselesinga gjort under oppsyn av lærarane, som også hadde ansvar for å sjå etter barna den vesle timen dei hadde fri. Oscar Lilleøren kom som sjuåring til barneheimen i 1934. Han fortel i eit intervju med NRK Sogn og Fjordane at leggjetida var kl. 19.00, sommar som vinter. Om sommaren når sola skein og dei andre ungane bada og hoppa i fjorden, var det heller inga bøn. ” Leggjetida var fast takst ”, som han seier.

Bøn og arbeid, leik og fritid

Faste arbeidsoppgåver var ikkje spesielt korkje for barneheimsbarna eller andre barn på bygda, spesielt dei som var knytte til primærnæringane. Dette var vanleg fram på 1960-talet. Arbeid var opplæring, arbeid sosialiserte og disiplinerte. Kristenfolket stod lenge sterkt innan fagorganisasjonane i barnevernet, og dei faglege råda langt inn på 1950-talet gjekk også ut på å bruke bøna aktivt. Bøn og arbeid ville gje barna ein harmonisk karakter, og bøn ville løyse dei fleste flokar. Arbeidsoppgåvene i barneheimen oppfylte såleis fleire funksjonar, men dei var også naudsynte for å halde talet på tilsette nede då barneheimen i store periodar sleit med dårleg økonomi: Det er nu god hjelp i de fleste av barna, og vi har da ogsaa greiet det med saa liden tjenerhjelp uden at leie noget ( udenom skoarbeide). Barnas arbeid var såleis ein viktige økonomisk innsatsfaktor i institusjonsdrifta.

Styrardagbøkene frå 1900-1920 viser at det vart sett av ei veke kvar vår til ulikt praktisk arbeid inne og ute. Inne var det mellom anna storvask etter vinteren. Barneheimen hadde ikkje så stort uteområde, men alt skulle haldast i hevd. Dei heldt gris og saman med dyra dei fekk, var slakting ei sjølvsagt arbeidsoppgåve for dei større gutane saman med ein av dei mannlege tilsette. Huset slukte ved, og det å skaffe brensel til heimen var ei viktig og arbeidskrevjande oppgåve. Elles var barna ute på gardane i nærområdet og deltok i ulikt arbeid, som t.d. potetsetjing, smalajag, hausting og ikkje minst potetopptak, ” i arbeid vedrørende hjemmet ” som det står skrive. Når t.d. amtmann Utheim nytta barneheimsbarn til å ta opp poteter, så vanka det gjerne nokre kroner eller naturalia. Når utearbeidet i bygda tok slutt, går ikkje fram av kjeldene. Slikt arbeid vert heller ikkje nemnt av dei som har stått fram med sine historier frå mellomkrigsåra. Det treng ikkje tyde at slikt arbeid ikkje skjedde, men at det var så vanleg at det ikkje vert trekt fram. I alle høve var pliktig arbeid ein saga blott i 1950. Arbeidet var til ei viss grad kjønnsdelt, men både gutar og jenter måtte stoppe og lappe. Theodor Vassvik, f. 1920, budde på Sogns Barneheim frå 1927- 35 og stadfestar at dette var ei oppgåve for gutane også i mellomkrigsåra.

At dagen starta og slutta med andakt på ein indremisjonsbarneheim var sjølvsagt, og på dagsplanen var det sett av mest like mykje tid til andakt som til fritid. Leik var viktig, i fylgje misjonsbladet Samleren. I kva grad slike råd vart teken til fylgje ved barneheimen, er meir uvisst. Det er lite i kjeldene som fortel om korleis barna leika og kva dei eventuelt leika med. I fylgje rekneskapen vart det ikkje brukt mykje pengar til leiker. For barna på Sogns Barneheim betydde uteleik fyrst og fremst aktivitet innanfor ”barneheimsplanen”, og ein informant fortel frå 1950-talet at uansett vêr så var det ute på plassen barna leika, lite inne. Det var slikt som folk i nærområdet reagerte på. John J. Dale, som budde ved barneheimen kring hundreårsskiftet, fortel om straffa som venta viss han gjekk utanfor planen, og desse grensene galdt også i mellomkrigstida.

Barneheimen låg heilt i strandkanten og på godversdagar om sommaren var det eit yrande badeliv der. ”Eg kan hugse at me leika med båtar og vart oppmuntra til å fiska i fjorden for matauk, men ikkje at me fekk bada”, fortel Teodor Vassvik. Fritida var fyrst og fremst knytt til det religiøse samveret; søndagsskulen, kyrkja, religiøse møte og stemner saman med dei vaksne, barneavhaldslaget, det kristelege ungdomslaget osb. Bøker og anna litteratur var også hovudsakleg av religiøs karakter. I 1937 vart det kjøpt inn radioapparat, og verda utanfor kunne opplevast gjennom eteren, men fri bruk var det neppe. Den verdslege verda kunne bringe med seg tankar og idear som kunne føre borna på syndefulle vegar. Litt anna nytt på underhaldningssida kom også til. ”Kollektpengar til barni på Vanførefilmen” står det å lese i rekneskapen for 1947. Eigentleg var film plassert inn i det normverket pietistane skulle sky. Men vanføresaka var eit felt spesielt for kristenfolket, så i Holum vanførelag var barna truleg i gode hender, filmmediet til tross. Det kan elles verke som at Holum skule var ein ”trygg” plass å ta med barna. Dit sokna fleire styremedlemmer, grenda hadde eit aktivt religiøst lagsliv, og dit for dei på søndagsskulefestar og stundom på 17. mai festar. Barna vart av og til tekne med på bil - og båtturar, men det var også saman med tilsette på heimen og andre vaksne.

ei gruppe born, dei fleste med vinterjakker eller strikkajakker og luer, framfor eit hus

Kontakten var minimal med jamaldringar og det ordinære sosiale livet, sjølv etter at barna byrja i den offentlege skulen. Informantar fortel at det kom heller ikkje på tale å gå i fødselsdagar til klassekameratar, heim på besøk, ordinære juletrefestar og liknande, sjølv på 1950-talet. Det vart utvikla eit slags vennskap med dei nærmaste nabobarna og klassekameratar, men i og med at grensene var så snevre både fysisk og åndeleg, vart dei ikkje ein del av den sosiale fellesskapen med barna i grenda og bygda. Det ser ut til at det var viktig for styrarane å halde avstand til dei utanfor fellesskapen for å skjerme barna frå eventuell dårleg påverknad, ein praksis heilt i tråd med bedehusfolket si forvalting av foreldreansvaret. Dette var ein praksis som varde ut min periode.

Omsorg, oppdraging og straff

Det borgarlege oppdragingsidealet med orden og disiplin para med pietistisk tankegang var grunnelementa i den oppdraginga som skulle skje ved Sogns Barneheim. Alfred Oftedal Tellhaug omtalar oppdragings- og omsorgsfilosofien til pietistane som ”underkastelsens pedagogikk” ved at barnet skulle oppdragast til å leve sitt liv til ære for Gud. Han fortset: Dette programmet skal realiserest gjennom pietismens tre hovedverdier: Den naturlige egenviljen skal brytes og bringes til lydighet under Guds vilje. Lydighet er den største moralske dyd og egenviljen den største last. Lydighet skal kombineres med sannhetskjærlighet og med en omsorg som fremmer flid og utholdenhet i alle ting.

Slik var programmet, men det var dei tilsette som konkretiserte det, forma det i sitt bilete og etter sine personlege føresetnader. Det var dette som i stor grad avgjorde kva kvardag barna skulle få. Klara Haugen har ingen minne om kjærleik, omsorg og forståing for at barn var barn. Ho kom lita og redd til Leikanger saman med dei to eldre brørne sine, og dei vart straks sorterte på kvar si avdeling. Kontakten med den eldste broren, som hadde vore støtta i heimen, vart raskt avskoren. Barneheimsverda var kald, i fylgje Haugen. Vaksenkontakten var minimal, ingen strauk deg over kinnet og forstod at du hadde både sorg og sakn, seier ho. Når kvelden kom og tårene trilla, var det ingen vaksne som kom og tok handa hennar, men ho fekk lov å strekke henne ut til jenta i nabosenga.

Fysisk straff var lenge eit allment godkjent disiplineringsverkty både i heim og skule. I 1936 vart det forbode å straffe fysisk i skulen, og ved barnevernslova av 1953 vart dette også gjeldande i barnevernsinstitusjonar. Instruksane til både styraren og læraren gav opning for å bruke dette disiplineringsmiddelet, om enn med lempe, og det skulle protokollførast. Det skjedde nok meir unntaksvis. John J. Dale skildrar pryl med bjørkeris så blodet spratt for ein liten bagatell. Ved øvre enden af bordet stod bestyreren og forklarte straffen, (...) Alt er udført i Guds vilje (...) Videre sluttede han andakten med at synge salmen ” Nu takker alle Gud.

Det hende at styret handsama disiplinsaker. I styremøte 09.01.1900 deltok delar av styret ei slik sak. Ugjerningane var rømming og oppmuntring til rømming,  "(…) lidderlig snak paa sovesalen”, latter under andakt, rå omtale av barnejenta, banning og hånsord om styremedlemane. Rømlingane og dei medsamansvorne måtte forklare seg for styret, som fann ut at barna hadde rømt utan grunn og at årsaksforklaringa var usann. To fekk pryl og dei andre skarp irettesetting. Det hadde vore fleire rømmingsforsøk tidlegare og styret var uroa for at dette hadde medført ein (...)tendens hos Børnene til at løse Baandet til Hjemmet og Disiplinen i Hjemmet.” Dessutan såg dei på falske forklaringar og vrangviljen til å forklare seg om kvarandre som ” (...) Solidaritet med det onde.

Johanna Haugen, f. 1908, kom til barneheimen i 1917. Ho fortel at styrarparet E. Mundal og kona var snille, var foreldre og la aldri hand på nokon. Men så kom Aalens i 1920 og då skjedde det endringar. Dei var ved barnheimen i 17 år, eit mørkt kapittel i barneheimen si historie ”Han var det ikkje noko å seia på, men (…) ho sleit ut mange buske, juling, over røvi”. Dette vert stadfesta av mange som budde der i perioden, og verst var det i samband med vekkingar i distriktet. Vassvik fortel at standardspørsmålet ungane i mellom var «Kåleis e mammao i dag?» Dei visste aldri kva lune ho var i og kva som kunne framkalle juling. Klara Haugen fortel at når dei vaska opp, brukte dei soda og viss mor meinte dei hadde hatt for mykje i, så var det pryl. Vart dei våte på føtene, vart dei daska med dei våte sokkane kring øyrene. Oscar Lilleøren seier at dei vart haldne under oppsikt både på dagtid og på kveldstid. På sovesalane var det kikhol i veggene som vart flittig nytta. Vassvik fortel at brått kunne styrarkona kome på gutesalen og rive dyna av dei. Viss ho såg noko ho ikkje likte, var det straks pryl. Truleg var det her snakk om seksualitet, kanskje onani, kanskje ereksjon. ”Seksualiteten var underlagt strengeste båndtvang,” skriv Bjørg Seland i si doktoravhandling om bedehusfolket. Barns seksuelle drifter var lenge eit tabuområd, ikkje berre for pietistar, og kom fyrst med tyngde på den faglege dagsordenen blant legar, psykologar osb. på 1930-talet.

Fru Aalen sine fysiske straffemetodar kunne variere. Ho hadde eit spesielt grep, tok tak i underleppa og vrei rundt. Trappa til mørkeloftet vart ofte nytta ved pryling. Syndarane måtte hente riset sjølve, halde seg i trappa og setje tennene fast i eit trin for ikkje å bli høyrde når dei skreik. Etter prylen vanka det alltid litt sjokolade. Det vert og fortalt om slag med reimar mot kjønnsorgana, og jenter kunne bli snauklipte som straff. Også bygdefolk fortel om Signe Aalen og hennar terrorregime. Kva form for oppdraging som føregjekk ved barnheimen etter at styrarparet Aalen slutta, kjem lite fram gjennom kjeldene. Disiplinærsaker vert mindre omtala, og ris vert ikkje nemnt i styreprotokollane. Dei yngste av dei som har uttalt seg, flytta frå barneheimen på slutten av 1930-talet.

Rammevilkåra vart etter kvart betre med færre barn og betre økonomi, og det skjedde også ei viss opning mot omverda. Men kjeldene ber ikkje spor etter fagleg orientering som kunne gje impulsar om meir moderne barneoppdraging med sterkare individorientering etter kvart som den moderne pedagogikken og profesjonaliseringa av fagfeltet vaks i styrke frå 1930-talet. Endra rammevilkår og ein smule faglege impulsar til tross, det var likevel dei personlege eigenskapane hos dei tilsette og dei rådande haldningar i det nære indremisjonsmiljøet som var dei viktigaste styringsreiskapane i kvardagen.

Ein nøktern og tarveleg heim

Det var inga overflod ved Sogn Barneheim. I fylgje den fyrste planen skulle barna dessutan oppdragast ” nøisomt og tarvelig”, ei formulering som stod fram til 1947. Barna skulle oppdragast til den klassen dei høyrde heime i og til det livet som var forventa dei skulle attende til. Eit slikt mål var ikkje spesielt for Sogns Barneheim. Det spesielle var kanskje at formuleringa stod inn i etterkrigstida, i motstrid til samtidas nye ideal om det lukkelege barnet i ein triveleg heim, som også skulle gjelde bortsette barn.

Det er ikkje ofte det kjem fram korleis det såg ut inne på barneheimen, eller at det vart uttrykt noko kritisk frå venekrinsen, men i 1916 stod der eit lesarbrev frå ein av venene til styraren som uttrykte godord om barn, styrarfolk og disiplin, men han tykte omgivnadane var lite tiltalande. ”(…) disse graa, umalte værelser, der gir et trist indrtryk. Lyst og venlig er i harmoni med barnesindet.”

Nøkternt var det elles og, spesielt i matvegen. Då styret i 1892 laga dagsplanen, sette dei samstundes opp ein menyplan, eller eit ”spisereglement” for institusjonen. Etter matsetelen å døme, var det ikkje store variasjonen i kosten, men i følgje kokeboka Fjordamat, var maten mykje lik den folk flest i fjordafylket åt fram til dei tidlege etterkrigsåra. Fisk, poteter, graut, mjølk og brødmat, gjerne flatbrød, var kvardagskosten.

John Joe Dale vaks opp ved barneheimen på slutten av 1800- talet til byrjinga av 1900-talet, og gav i 1918 ut barndomsminna frå Sogns Barnheim. Han var då emigrert til USA. Faktiske opplysningar kan truleg diskuterast og nokre er urette, men forteljinga er likevel eit vitnemål om korleis eit barn i denne fyrste perioden kunne oppleve tida ved Sogns Barneheim. Eit av minna var maten og dei små porsjonane dei fekk. Han skriv at dei fekk grauten i koppar i storleik etter alder, som sparetiltak frå styraren. Men matminnet hans er fyrst og fremst prega av den urettferda som barna opplevde i matvegen. Dei vaksne tok det beste, og barna fekk det simplaste. Dette er minne han deler med Klara Haugen, f.1922, som kom til barneheimen seks år gamal. Maten var grusom, seier ho. Det gjekk i graut og skumma mjølk og klarte du ikkje ete det, så fekk du ikkje noko anna. Ho fortel til liks med Dale om skilnaden på dei vaksne og barna sin mat. Dei såg lite til alle kjøtskrottane, smøret og fløyten som folk gav. Fløyten vart teken av mjølka for den skulle dei vaksne ha i kaffien.

Barneheimen vart ein sentral møteplass for emissærar og andre misjonsvener, og det var mykje besøk, i periodar svært mykje. Langvegesfarande tok inn på barneheimen for overnatting og gjester skulle trakterast godt. Etter slike middagar var det barna som rydda og vaska opp. Klara Haugen fortel at viss gjestene t.d. hadde fått sviskegraut, så tok barna sviskesteinane, knekte kjernane og åt mandelen for dei hungra slik etter noko godt. Theodor Vassvik fortel at distriktslege Heiberg var uroa for han var så mager. Han vart send til sanatoriet i Luster for gjennomlysing då legen trudde han hadde fått tuberkulose, men diagnosen var underernæring. I tida framover sende difor kona til legen, ei av barneheimsvenene, mjølk til Theodor. Om sommaren vart borna utplasserte på gardar kring i distriktet, helst hos indremisjonsvener. Klara Haugen fortel at ho kom i ein god sommarheim og der vaks ho og la på seg meir enn heile året elles. Det vert også fortalt at det å ta i mot mat frå andre, same kor svolten ein var, førte til straff viss det vart oppdaga. Lite mat og dårleg mat er felles minne.

Dei som vitja barneheimen i denne perioden, hadde tydelegvis eit anna inntrykk av matstellet enn barna. ”God mat og nok mat, der alt vert utnytta og smakfullt tillaga! Borni er kjekke, og dei ser godt ut alle saman.” Mat vart elles nytta som middel i samband med straffereaksjonar. Eit lite barnleg pek eller noko som mishaga, så var det å gå utan mat heile dagen. Nokre barneheimar uniformerte barna i klesvegen. Slik var det ikkje ved Sogns Barneheim. Fram til 1920-åra sytte barneheimen for alle kleda til barna, etter den tid krov dei eitt klesskift med frå inst til ytst når dei kom. Sommaropphalda gav også ofte verdifulle tilskot til kledekontoen. Om barna fekk behalde kleda som sine eigne er kanskje meir usikkert. Men i fylgje John J. Dale hadde dei eigne finklede. Materielt hadde barna ved Sogns Barneheim det truleg betre enn mange andre fattige barn. Sjølv om kosten var enkel og kleda gjerne både arva og godt brukte, hadde dei mest truleg reine, heile klede, sko og mat på bordet kvar dag, sjølv om nokre av styrarfolket kunne vere vel knipne.

Barneheimen skulle redde barna både kroppsleg og åndeleg, og friske og sunne barn var eit nasjonalt mål. For lite mat og underernæring skulle ikkje skje ved ein slik institusjon. Når dette likevel skjedde i mellomkrigstida, og kanskje både før og seinare, er det truleg meir eit uttrykk for styrarane og deira haldningar til barnas ve og vel, enn tronge matbudsjett. Å måtte ete mat ein ikkje likte var ikkje noko spesielt for dåtidas barn, heller ikkje at gjester vart trakterte vel. Men i ein vanleg heim delte familien måltida, både vaksne og barn måtte ete det som stod på bordet, og godene vart vanlegvis delte. Å forfordele gode, vart opplevd som rangering og verdisetjing og sette eit skarpt skilje mellom dei tilsette og barna. Når barna opplevde at den gode maten hamna på dei vaksne sine bord, måtte dette kjennest som kraftig nedvurdering og er truleg ei forklaring på kvifor dette minnet står så sterkt. Det største problemet var kanskje ikkje skummamjølka og grauten i seg sjølv, men atmosfæren knytt til mat og måltid, prega av tvang, rigiditet og mangel på det vesle rause som viste at ein ikkje vart sett som det barnet og den personen ein var.

Eit gamalt bilete i svart-kvi av ei gruppe med to eldre som sit og 8 i ulike aldrar som står.

Eigen skule frå 1891 - 1920

Folkeskulelova av 1889 gav høve til å opprette privatskular, men det kunne variere om barneheimane hadde eigne skular. Kvifor overstyret vedtok eigen skule går ikkje fram av kjeldene, men tanken om at barna skulle skjermast frå dårleg påverknad og få ein åndeleg overbygning i tråd med indremisjonens verdiar, må ein tru var noko av bakgrunnen. Den nye folkeskulen hadde svekka kristendomsfaget og sjølv om privatskulen var underlagt det offentlege lovverket både med omsyn til timetal og fag, ville kanskje eigen skule med rett utdanna lærar kunne bøte på avkristninga. Totalt sett ville det kunne skje ei langt meir heilskapleg oppdraging i ein ”heim” som sytte for alt barna trong innanfor institusjonen.

Lærarane vart henta frå det religiøse nettverket eller frå «godkjende» lærarskular, men sjølv om lærarkreftene hadde den rette trua og den rette innstillinga, var det hyppige skifte. Etter kvart vart det vanskelegare å rekruttere lærarar som ville bu på institusjonen og vere tilgjengelege for borna og barneheimsaka døgnet rundt. Skulen styrde seg rimeleg fritt, og det var lite kontroll frå skulestyret. Privatskulen skulle årleg gje sine rapportar til skulestyret, både om skulerute og årsmelding, som igjen vidaresende dette til skuledirektøren. Brevjournalane til Leikanger skulestyre viser at barneheimen i periodar tok noko lett på denne rapporteringsplikta utan at det fekk konsekvensar. Skuledirektørane skulle også utøve direkte tilsyn, men det er tvilsamt om dei nokon gong inspiserte skulen på Sogn Barneheim. Våren 1920 vart det gjort eit vedtak som folk i bygda snakkar om enno. I brevjournalen til Leikanger skulestyre frå Lars M. Husabø, datert 26.08 1920 står det å lese ; ”Segjer fraa, at styret for barnheimen hev vedteke aa senda borni der til folkeskulen. Dei største til Holum og dei minste til Nybø. 10 born i det heile.” Med skulestyret si godkjenning sende styret i barneheimen dei eldste barna ut på ein lang og strabasiøs skuleveg over haug og hammar til ein skulekrins dei ikkje høyrde til. Dei andre barna i nærområdet som budde lenger ute i bygda, gjekk i skulekrinsen Nybø, kort veg å gå og lett tilgjengeleg. Fyrst i 1935 fekk alle skulebarna frå Sogns Barneheim gå på skulen dei sokna til. Bygdefolket fortel at barneheimsbarna kjende denne skuleløysinga som ei nedvurdering. Dei var berre barneheimsbarn og såleis mindre verdt enn bygdas eigne.

Sommaropphald

Fram til 1939 vart barneheimen tømd for barn om sommaren. ”I det vi takker for de mottagne gaver til hjemmet, maa vi minde vennerne om de iaar også vil være saa venlige at tage børn i ferien. Vi har igjen 4 gutter, hvoraf den ynsgte er 10 år og den ældste er 13 aar som ikke har faaet plads.” skreiv styraren i De lidendes Ven mai 1912. Dei heilt minste kunne vere med ein av dei tilsette i ferien, medan dei andre vart plasserte i heimar over heile regionen. På slutten av 1930-talet kom det ny distriktslege, dr. Hovind, til kommunen, og han uttrykte uro over utplasseringane av dei minste. ”(...) ynskjemaalet er at sommarferien bør sløyfast.” Feriedagboka syner at dette vart teke til fylgje frå 1940. Primært var det venene som fyrst og fremst vart spurde, men det hende at det også kom førespurnader om å få sommarbarn frå ukjende. Motiva for å ta sommarbarn var truleg delte, nokre hadde trong for arbeidskraft, for andre var det ein kombinasjon av kristenplikt og behov for arbeidskraft, medan andre igjen hadde eit brennande ynskje om gje omsorg til vanskelegstilte barn. Alderen på barna bestemte sjølvsagt kor nyttige dei kunne vere, men det vart søkt etter barn ned til 10 år som barnepassar for småbarn på slutten av 1920-talet. Arbeidsoppgåvene kunne såleis variere frå regulært gardsarbeid til småplikter i hus og heim. Frå barneheimen si side var føremålet med sommaropphaldet m.a. oppøving i praktisk arbeid, og var såleis ikkje i motstrid med ynskjemåla til mange sommarheimar.

Det kunne vere eit omskifteleg tilvære å vere sommarbarn. Mange skifta ny heim kvar sommar, medan andre igjen hadde meir permanente heimar. Årsaka til at mange skifta heim, kunne variere. Det kunne t.d. vere at behovet for arbeidskraft endra seg, eller at barna ikkje innfridde forventningane vertsheimen hadde til dei. Barna sine opplevingar av desse sommaropphalda kunne sjølvsagt variere, men slike sommaropphald kunne og vere eit kjærkome høve til å bli sett som einskildindivid, ikkje berre som ein av den store flokken. Den heimlege atmosfæren som barna ofte lengta etter, måtte også vere annleis i desse heimane enn det gjennomregulerte institusjonstilværet. Klara Haugen hadde ein slik sommarheim, det same hadde John Joe Dale, som skriv slik: Der er sommerferie paa hjemmet. Alt synes at leve bedre uten de svarte plan. (...) Han elskede hende fraa samliv, lige siden han kom under hendes kår i sommerferi fra barnehjemmet, da han var fem aar gammel.

Nokre fann seg så godt til rette at dei rømde attende til sommarheimen, truleg vel vitande om at dei vart sende attende, men håpet om å få bli, helst som familiens eige barn må likevel ha vore der. Lenge vart ikkje barna plasserte på sommaropphald i nærleiken av heimstaden og dermed slekta. I løpet av 1930-talet hende det sporadisk at barn vart plasserte i heimkommunen, men kva bakgrunnen var for dette, kjem ikkje fram. Ein vidare kik inn på 1950-talet viser at nokre av barna no ferierte hos foreldra.

Manglande innsyn og tilsyn

Barneheimen starta opp i ei tid utan offentlege krav og instruksar med omsyn til drift og innhald. Det offentlege hadde frå slutten av 1800-talet teke stegvis større ansvar for sosialpolitikken, inklusive barn og deira rettar. I løpet av denne perioden hadde synet på kva som var bra for barn endra seg og kva og korleis ein barneheim burde vere. Banda mellom det frivillige og det offentlege hadde gradvis slakna gjennom heile mellomkrigstida. Eit offentleg ansvar var erkjent, staten ville sjølv setje standarden, også for barneheimane. Ein politikk som det såg ut til å vere vanskeleg å godta for leiinga ved Sogns Barneheim. Dei kom fleire gonger i konflikt med lovverket, men fortsette i grove trekk å leve sitt eige liv. Det er knapt spor etter eksternt tilsyn, og dei slapp også unna sanksjonar.

Kva så med det uformelle innsynet gjennom familie, naboar, skule og lokalsamfunn? Det ser ut til at kontakten med foreldre og familie var minimal. Ved alvorleg sjukdom vart foreldre tilkalla, og det hende at foreldre kom til barneheimen, men om det var ordinær besøksordning er meir uvisst. Brevkontakt var heller ikkje så enkelt då brev både ut og inn vart sensurerte, i alle høve under Aalens. John J. Dale skriv at det hadde lite føre seg å klage for dette vart avvist av dei styrande og barna stod att som lygnarar. Dei som har stått fram med sine historier frå mellomkrigstida vart spurde om ikkje lokalsamfunnet hadde kjennskap til og reagerte på tilhøva ved barneheimen, og kvifor barna ikkje bar sine opplevingar vidare. Dei meinte at delar av omgivnadane visste kva som gjekk føre seg, men at dei styrande og tilsette ved barneheimen var beskytta av krinsen kring dei og det vart vanskelege å gripe inn. Andre påpeikar kor lukka systemet var og at mykje var halde løynt, det kom ikkje ut. Ein av dei seier at barna trudde det skulle vere slik, at det var slik det var å bu på barneheim.

Religionen og dei mange funksjonane han hadde, vil vere ein viktig fellesnemnar for studien av Sogns Barneheim. Det religiøse legitimerte, motiverte og batt saman lekfolket lokalt, regionalt og nasjonalt i barneredningsarbeid. Likeeins danna det grunnlag for samfunnsmakt og viktige nettverk i byggjande arbeid ved etablering og drift av nye samfunnsinstitusjonar som t.d. barneheimar. Denne samfunnsmakta og nettverket virka sterkt i små samfunn som i sognebygdene. Det religiøse var også berande for innhaldet i slike institusjonar, og danna grunnlag for totale institusjonar slik Sogns Barneheim vart. Kombinasjonen lokal makt og høg tiltru til religiøse velgjerarar kunne samstundes hindre innsyn og samhandling med det offentlege, slik det skjedde i Leikanger. Religionen kunne unnskylde, skjule overgrep og dårleg omsorg.

Oppsummering

Denne artikkelen har berre kasta eit blikk på historia til Sogns Barneheim, eit omsorgstiltak som i ein periode var sett på som barns beste. Føremålet har ikkje vore å seie noko om denne barneheimen var betre eller dårlegare enn andre for det finst det ikkje grunnlag for, men gje eit bilete av ein institusjonen og vise korleis indremisjonen og deira verdiar og haldningar, makt og mynde påvirka drifta og livet til dei som budde der.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Artikkelen byggjer på masteroppgåva til Kjerstin Risnes, UIB våren 2008, « Det er makt i de foldede hender…» Ein studie av Sogns Barneheim frå 1891 - 1950 med utgangspunkt i den religiøse filantropien. Hovudkjelda er arkivet etter Sogns Barnheim. 

PERMANENT IDENTIFIKATOR