Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Storevik - feriestad for forfattaren Gøsta af Geijerstam



Den svenske forfattaren Gøsta af Geijerstam kjøpte i 1920-åra småbruket Storevik på Øyna, og han og familien nytta bruket som feriestad. Han skreiv fleire bøker med skildringar frå Storevik.

Potetopptaking pågår i Storevik. Svante og Gøsta (Pelle) hjelper far sin, Gøsta af Geijerstam.

Potetopptaking pågår i Storevik. Svante og Gøsta (Pelle) hjelper far sin, Gøsta af Geijerstam.

Eigar: Sunniva af Gjerstam Hagenlund/Fylkesarkivet, SFFf-94228.0050.

Datering: 1919.

Fotograf: Astri af Geijerstam.

Draumen om naturen

Det finst ein draum hjå det moderne mennesket om å forlate sivilisasjonen og finne tilbake til naturparadiset. Også den svenske forfattaren Gøsta af Geijerstam hadde denne draumen. I boka "Paradisdager i Storevik" fortel han om dette: "kanskje noe om voksne barn, som fløy fra redet, hvitt hår og en fredfull alderdom i en hytte under susende trær."

Paradiset på Øyna

Det skulle vise seg at af Geijerstam fekk realisert draumen sin raskare enn han hadde tenkt. Tidleg i 1920-åra budde han i Dale med kona Astri de Ferry Smith som var songarinne og musikkpedagog, og dei då fem borna deira. Då dei fekk tilbod om å kjøpe Storevik, slo dei til. Det var ikkje minst Astri som var freista av eit tilvere som småbrukar, då ektemannen innvende at dei verken kunne slå, hesje eller mjølke, meinte ho at det kunne dei lære seg.

Storevik i litteraturen

Familien nytta Storevik flittig og oppheldt seg det meste av sommarhalvåret der ute, og Gøsta af Gejerstam let seg inspirere til å skrive "Paradisdager i Storevik" (1925) og "Ongene og vi to i Storevik" (1937). For desse bøkene fekk han gode kritikkar, mellom anna for si evne til å skildre naturopplevingar og daglegdagse observasjonar han gjorde av borna sine. Til liks med tre andre bøker han skreiv, vart desse utgjevne både i Sverige, Danmark, Tyskland, Polen, England og USA.
Storevik fekk også vitjing av andre litteratar, blant andre Sigrid Undset, som var ei god venninne av familien af Geijerstam. Og i 1933 kom professor Hudson Strode frå Alabama University på besøk for å sjå om det var sant at ungane "sprang rundt nakne og levet av surmelk og fisk", som Sunniva af Geijerstam Hagenlund skriv.

Skuggar over paradiset

Men af Geijerstam fekk også oppleve at naturen krev sine offer. Av økonomiske grunnar måtte familien leige ut huset i Dale og overvintre i Storevik. Dette vart mykje hardare enn å bu der om sommaren. I desember 1937 drukna den eine sonen, Svante, mellom Heileberget og Storevik, berre 20 år gammal. Dette har Sunniva, systera hans, skildra i boka "Portrett av et vennskap". Etter den ulukka skreiv ikkje af Geijerstam fleire bøker. I 1949 drukna dessutan ein annan bror, Peter Lorentz, på veg frå Storevik til Dale.

Gøsta af Geijerstam døydde i 1954 og kona Astri i 1972. Etterkomarane deira nyttar framleis Storevik som feriestad.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Geijerstam, Gøsta af: Paradisdager i Storevik og Ongene og vi to i Storevik. Selje 1997.
Hagenlund, Sunniva af Geijerstam: Portrett av et vennskap Oslo 1994.
Losnegård, Gaute, o.fl.: Dalsfjordboka. Leikanger 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR