Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. november 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Fossane i Nærøyfjorden



Nærøyfjorden kan skilte med så mange som 25 større og mindre fossar. Av desse reknast Kjelfossen som den viktigaste, men fleire andre er òg verdt å nemne.

Tufteelvi kjem ned til fjorden ved garden Tufto. Langs elva går den gamle stølsvegen til Rimstigen, som i dag er ei populær turrute.

Tufteelvi kjem ned til fjorden ved garden Tufto. Langs elva går den gamle stølsvegen til Rimstigen, som i dag er ei populær turrute.

Eigar: Nærøyfjorden Verdsarvpark

Datering: 06.08.07

Fotograf: Trude Knutzen

Kjelfossen

Kjelfossen, som òg går under nemninga Stor Kjelfossen er ein del av elva Kjelfossgrovi, som kjem ned frå fjellvatna Kjelfossvotni på om lag 1180 meters høgd. Fossen renn sør for garden Ramsøy og aust for Gudvangen i enden av Nærøyfjorden. Kjelfossen kan skilte med eit fritt fall på 150 meter og eit fall på 840 meter totalt. Ifylgje Statistisk Sentralbyrå er dette det høgste fossefallet i Noreg.

Kjelfossen skal ha fått namnet sitt etter at ei budeie mista ystekjelen sin utfor fossen. Ifylgje segna hadde ho sett kjelen frå seg i grova, men la ikkje merke til at vatnet steig. Såleis endte det med at kjelen flaut opp og følgde med utfor fjellkanten.

Tufteelvi

På veg ut Nærøyfjorden er grenda Bakka fyrste busetnad etter Gudvangen og Ramsøy. Grenda ligg på vestsida av fjorden og består av gardane Bakka og Tufto. Ved Tufto kjem elva Tuftaelvi ned frå fjellet. Langs denne elva går stølvegen til stølane Rimstigen, Breidalen og Røyrdotten oppover fjellsida, på det høgste opp til 1300 moh.

Odnesfossen og Styvefossen

Like rundt neste "sving" i fjorden kjem vi til den korte, men vakre Odnesfossen. Odnes er slåttemark tilhøyrande garden Styvi, og takka vere det godt skjøtta kulturlandskapet kjem fosse godt til sin rett i landskapet. Bak tunet på Styvi kjem elva Styviselvi ned frå fjellet og dannar eit lite fossefall. Dei to fossane på Styvi kan opplevast på nært hald ved å gå den gamle postvegen mellom Styvi og den såkalla Bleiklindi, ei lind som har gule blad på vår- og sommarstid og grøne blad om hausten. Dette skuldast truleg ein mutasjon, men har vorte ein attraksjon for besøkande i området.

Lægdafossen og Sagelvi

Ytst i Nærøyfjorden, like før fjordskiljet ved Aurlandsfjorden ligg neset Krossnes. Før ein når dette neset kjem Sagelvi og Lægdafossen. Fossen er rekna som eit av dei viktigaste fossefalla innanfor Nærøyfjorden verdsarvområde med sitt fall på 75 meter. På stølen Lægdene oppe på fjellet var det midt på 1800-talet god furuskog som vart hoggen. Namnet Sagelvi nedanfor stølen vitnar om tidlegare sagbruksaktivitet langs elva.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

The West Norwegian Fjords. Norwegian Nomination 2004. UNESCO World Heritage List. Miljøverndepartementet.

PERMANENT IDENTIFIKATOR