Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Eggjasteinen



Eggjasteinen er ein av dei mest kjende runesteinane som er funne i Norge. Han inneheld den lengste kjende innskrifta med eldre runeteikn, og er framleis noko av ei gåte for forskarane. Opp gjennom åra er det skrive fleire bøker og ei mengd artiklar om han. I Kulturminneåret 1997 vart Eggjasteinen vald til Sogndal kommune sitt kulturminne.

Eggjasteinen.

Eggjasteinen.

Datering: Kjelde: Magnus Olsen: Norges Indskrifter med de ældre runer, bind III. Christiania 1914-24

Fotograf: Ukjend.

Funnet

Det var bonden Nils J. Eggum som fann steinen då han pløgde ein åker saman med sonen sin, Johannes, 5. juni 1917. Dei pløgde på Bergahaugen, så langt ute på høgda på Eggja at ein har utsynet over dalen nedover mot Stedje, Fjøra og fjorden. Plogen trefte på ei stor helle. Dei snudde ho, og såg at det var runer på undersida av hella. Nils tok kontakt med Gert Falch Heiberg, som styrte De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, og etter å ha sett på steinen varsla han straks arkeologen Haakon Shetelig. Han kom så raskt han kunne til Eggja og undersøkte både steinen og staden der han var funnen.

Ros frå arkeologen

Nils og Johannes fekk skryt for måten dei hadde handsama steinen på. Det hadde skjedd "med en omtanke som fortjener den største anerkjendelse", skreiv professor Magnus Olsen i si store utgreiing om Eggjasteinen i 1919. Granskingar av funna slo fast at steinen må vera frå 600-talet e. Kr. Runesteinen vart flytta til Bergen Museum, der han også no ligg. De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum har ein gipskopi av steinen.

Steinen

Sjølve Eggjasteinen er 1,60 meter lang og 0,71 meter brei. Han har runer frå den eldre runerekka. Runene er plasserte i to lange og ei kort rekke på øvste halvdelen av flata. Den øvste runerekka er om lag 1,20 meter lang og har truleg 110 runer (nokre runer er skada eller har skala av, difor er det ikkje lett å fastslå talet heilt nøyaktig). Den nedste runerekka er om lag 1 meter lang, med ca 70 runeteikn, mellom dei er det ei kort rekke med 9 eller 10 "stupvende" runer - dvs. at dei står på hovudet og er venstrevende.

Innskrifta

Eggjasteinen har den lengste innskrifta med denne tidlege runerekka i Europa. Språket er urnordisk, eit fellesgermansk språk som var i bruk i dei ikkje-romerske delane av Europa fram mot 500-åra e.Kr. Innhaldet peikar framover mot nyare tider, for det er eit kvad - den forma for poesi som var mest vanleg i vikingtida. Dette er ei tidleg form for kvad, med mange uklåre poetiske omskrivingar.

Magnus Olsen si tolking

Den eldste - og mest kjende - tolkinga av innskrifta på steinen vart gjort av professor Magnus Olsen alt i 1919. Han meinte at innskrifta var ei gravskrift over husbonden på Eggja, som var vorten drepen ved svik. Liket hans vart lagt på ein slede som vart trekt opp på garden. Slik er hans tolking:

Ikke truffet av sol
og ikke skoret med kniv.
Denne (stein) overøste mannen med liksjø (blod)
og skrapte med den keiper på en borrmødige hun (sleden)
Hvem av flokken er kommet hit til menneskeland.
Fisken, den faste i sitt forsett,
gjennom likstrømmen svømmende.
Fuglen, som ville skrike om den fikk slite lik.
For Ormar er fostret en hevner.

Andre tolkingar

Seinare har andre forskarar kome med sterkt avvikande tolkingar. Den framståande runeforskaren dr. philos. Ottar Grønvik gav i 1985 ut ei bok om Eggjasteinen. Han meiner og at innskrifta har tilknyting til ei gravferd. Han tolkar den første delen av innskrifta som ei forteljing om eit dramatisk skipsforlis. I den andre, meir religiøst-kultiske delen av innskrifta er det, ifølgje Grønvik, tale om ein menneskefisk som fører dei omkomne frå forliset over til "hint landet", "landet med de lysende vanger" , dvs. dødsriket. Grønvik ser her ei fast tru på eit lykkeland for dei døde ute i havet, og på ein guddommeleg hjelpar som fører dei forliste over dit.

Seidtradisjonen

Dei siste linene i innskrifta les Grønvik som ei bøn om at grava ikkje skal oppsøkast av "den mann som hyler over naken dødning", eller av "forvillede menn". Denne tolkinga kastar lys over den gamle nordiske seidtradisjonen. Den må ha eksistert som ein slags religiøs utgruppekultur, med tilhengarar som sette seg utover dei aksepterte normene for kultutøving. Grønviks tolking er berre ei av mange, og status pr. i dag, er vel at ein stadig står spørjande til kva som faktisk står på Eggjasteinen. Han er framleis langt på veg ei gåte

Den eineståande steinen

Den viktigaste grunnen til at det har vore så vanskeleg å tolka innhaldet på steinen, er at han er så eineståande. Dei fleste innskriftene på urnordisk er korte, gjerne berre eitt ord. Difor finst det så lite å samanlikna Eggjasteinen med. Når i tillegg mange av runeteikna er borte eller berre svakt synlege, vert tolkingsmulegheitene mange. Det forskarane i alle fall tykkjest å einast om, er at innskrifta må ha noko med eit rituale å gjera, at ho er av magisk karakter.

Ein litterær kultur

Sjølv om vi ikkje kan vera visse på meininga av innskrifta, gir Eggjasteinen eit fascinerande bilete inn i bygdesamfunnet kring 600-talet. Her fanst altså kunstnarar som hadde kompetanse til å skriva kvad, som syner at ein i bygda var delaktige i ein litterær kultur og at her var kontaktar mellom Sogndal og større litterære og kulturelle miljø.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Olsen, Magnus: Norges Indskrifter med de ældre runer. Bind III. Christiania 1914-24.
Grønvik, Ottar: Runene på Eggjasteinen: en hedensk gravinnskrift fra slutten av 600-tallet. Oslo 1985.

PERMANENT IDENTIFIKATOR