Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. januar 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Revomn - mykje brukt i Guddal



Bjarne Huseklepp fortel i juleheftet Jul i Sunnfjord (1989) om revefangst med fangstreiskapen r e v o m n. Han var med fyrste gongen som fire-åring for å sjå om reven hadde gått i fella. Seinare i livet dreiv han fangst sjølv. Stykket hans "Revomn frå Guddal" er her attgjeve slik det står i Jul i Sunnfjord, men med redigerte mellomtitlar.

Revomn bygd i to etasjar. Når reven går inn i fangsrommet og riv og slit i agnet lengst inne, utløyser han ei steinhelle som fell ned og stengjer opninga. Sauen: "Betre med ein rev i omnen, enn ti utanfor".

Revomn bygd i to etasjar. Når reven går inn i fangsrommet og riv og slit i agnet lengst inne, utløyser han ei steinhelle som fell ned og stengjer opninga. Sauen: "Betre med ein rev i omnen, enn ti utanfor".

Eigar: I Jul i Sunnfjord. 1989.

Datering: 1989.

Fotograf: Bjarne Huseklepp.

Spanande for fireåring
Det var sein-haust. Klårveret og den skarpe lufta dei siste dagen gjorde at det knasa under føtene på dei to som var på veg mot revomnen i Lia. Føre gjekk ein gamal mann, etterpå kom ein gut på fire år, med korte, men lette steg. Forventningane og spenninga sat i kroppen på den yngste.

Endeleg skulle eg få oppleve det som til no berre hadde vore barnslege fantasiar omkring reven og bruk av revomnane. Bestefaren min på Tuland var ein garva revejeger. For eit barn er slike opplevingar i lag med vaksne ein ufatteleg rikdom på mange vis.

Revomn - ein veltilpassa fangstreiskap
Revomn er ein felletype murt i heller av gråstein. Konstruksjonen vitnar om teknisk innsikt og bruk av lokale ressursar. Bruk av revomn går truleg 200 år attende i tida. Revomnen er tilpassa våre forhold med skiftande vertypar og mykje nedbør. Agnet ligg alltid under tak. På grunn av materialbruken er revomnen svært slitesterk.

Oppbygging
Ein vanleg revomn er om lag 1,5 meter lang. Han er bygd i to etasjer med ein avstand på om lag 40 cm mellom kvar etasje. Breidda inne er om lag 25 cm. Total breidde varierer etter steinane som vert brukte. I eine enden er revomnen open i første etasje. Her går reven inn og bit i agnet som ligg i andre enden. Når reven dreg i agnet, vert han innestengd. Ei steinhelle dett ned frå andre etasje. Denne steinhella heng i ein staur som er kopla til agnet med ein enkel og driftssikker utløysar-mekanisme.

Plassering
Revomnen må plasserast der reven går, det vil seie nær urer og stiar. Reven har mange passeringspunkt i terrenget, mellom anna der han kryssar elvar. Revomnen må murast noko opp frå bakken. Inngangen må plasserast over ein stein som er ca 20 cm høg. Då slepp ein å moke snøen vekk om vinteren.

Agn
Reven er nesten altetande. Mest brukt er saueføter. Desse er seige og ligg lenge. Før fangsten tek til, kan det vere lurt å kaste diverse kjøtavfall nær revomnen. Då vert reven trygg og veit kvar han finn mat.

Avliving
Reven er uskadd inne i omnen. Den mest brukte avlivingsmetoden er skot gjennom hjernen med kaliber 22. I gamle dagar vart reven trekt ut med smietenger og slegen i hel med ein vanleg hammar.
Revomnen skal ettersjåast regelmessig, helst to gonger for dagen.

Dyrevenleg fangstmetode
Revomnen er ein av dei mest dyrevennlege fangstmetodane som finst. Han er tilpassa vestlandsnaturen både med omsyn til materialval og funksjon. Revomnen kan vere svært effektiv. Eg har fått to revar på same dagen i eit område med tre revomnar.

Reven økslar seg fort og tilpassar seg lett livet nær menneskeleg aktivitet. Mange revomnar kunne restaurerast og takast i bruk att. Gamle fangsttradisjonar held på å gå i gløymeboka. Skuleverket har no vist interesse for fella i fagemnet friluftsliv [Guddal skule har påvist 52 revomnar.(Merknad 2006.)]

Tette bestander med rev trugar småfebestanden og småviltet. Men reven er også ein trussel mot seg sjølv. Reveskabben spreier seg svært raskt når bestanden er stor. Sjukdom utset reven for lidingar, og ein daude som burde engasjera dyrevener.

I utlandet spreier rabies seg [1989], og ingen veit når den kjem til Noreg. Reven er heilt sentral i denne spreiing på grunn av levesettet sitt. Det er truleg på tide at kunnskapen om human revefangst vert teken betre vare på. Revomnen er i dag eit godt kulturhistorisk monument over korleis folk i tidlegare tider måtte kjempe for å redusere tapa av småfe.

kjelder:

Opplysningar frå:
Bjarne Huseklepp, 2006.

PERMANENT IDENTIFIKATOR