Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 31. juli 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sogn og Fjordane fylke - oppretta i 1763



Sogn og Fjordane fylke vart oppretta ved Kongeleg Resolusjon av 19. september 1763. Det som i røynda skjedde var at Bergenhus amt, oppretta i 1660, vart delt i to: Nordre Bergenhus amt og Søndre Bergenhus amt. Boka "Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år" (1987) har eit kort kapittel om opprettinga

Sogn og Fjordane fylke.

Sogn og Fjordane fylke.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kva var bakgrunnen?

I 1763 vart dei fire nordlegaste fogderia i Bergenhus stiftamt skilde ut som eit eige amt under namnet Nordre Bergenhus. Det var fogderia Indre og Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Det kan vera grunn til å stogga litt ved denne hendinga og spørja etter bakgrunnen for at desse fire fogderia no kom til å verta eit sams administrativt område. Var det fordi ein hadde klare tankar om at dette området utgjorde ei naturleg eining?

Joachim de Knagenhielm tok initiativet

Initiativet til delinga kom korkje frå stiftamtmann, sentralstyresmakter eller frå allmugen, men frå ein person som sterkt ynskte seg eit amtmannsembete. Denne personen var Joachim de Knagenhielm (Knagenhjelm). Han var fødd i Kaupanger i 1727, hadde studert jus i København og hadde hatt fleire verv i offentleg teneste før han i 1760 vart fullmektig hjå stiftamtmannen i Bergen, Ulrik Fredrik de Cicignon. Med dette utgangspunktet tok han i 1762 tilå arbeida for sjølv å verta amtmann.

Reiste til København i 1762

Planen hans gjekk ut på å dela stiftsamtmannsbetet Bergenhus i to, slik at han sjølv skulle overta amtmanspliktene medan Cicignon skulle halda fram med å ta hand om dei sakene som vedkom stiftet, dvs. bispedømet. Det kan neppe vera tvil om at det verkeleg låg så mange oppgåver til stiftamtmannen i dette store amtet at det var vanskeleg, eller uråd, for ein mann å vinna på dei alle. Knagenhielm fekk då òg stiftamtmannen til å støtta planen, og i 1762 drog han til København for å leggja han fram for sentralstyresmaktene.

Grunngjeven søknad til Kongen

Tankane hans om dette er uttrykte i den søknaden han sende Kongen, datert København 20. september 1762. Han argumenterte sterkt for at alle pliktene som no låg til stiftamtmannen, ikkje var overkomelege for ein person. Det var lange avstandar og vanskelege kommunikasjonar, og stiftamtmannen hadde mange plikter i Bergen. Knagenhielm konkluderte med å be om at "Eders Kongelige Majestet vilde allernaadigst forunde mig det Bergenhusiske Amt".

I så fall ville han slå seg ned i Kaupanger og Være Almuen og de kongelige betienter, samt Tingene, mer nær. Dette var vel ikkje utan vidare rett så lenge han skulle ha hand om heile Bergenhus Amt.

Knagenhielm streka under at han hadde stiftamtmannens støtte for dette forslaget. Denne støtta hadde han fått ved å lova å styra amtet utan løn så lenge Cicignon levde.

Ikkje tankar om geografisk deling

Det går fram av dokumenta at Joachim Knagenhielm på dette tidpunktet ikkje hadde ei geografisk deling av Bergenhus i tankane. Han søkte om ei deling av stiftsamtmannsembetet etter fremst var hans eige sterke ynske om å få eit amtmannsembete.

Nytt alternativ: geografisk deling
Etter brevvekslinga med Rentekammeret i november gjekk tida utan at noko skjedde. Knagenhielm vart utolmodig, og 13. juni 1763 skreiv han eit nytt brev til Rentekammeret. Han bad framleis om å få amtmannsembetet i Bergenhus, men kom også med eit alternativt framlegg dersom dette ikkje let seg gjera:

"nemlig: at ieg til Amtmand over det halve Bergnhusiske Amt maatte blive beskikket, og den anden halve, eller øvrige Deel, henlagt under Stiftbefalingsmannens Decition (...).

Geografiske tilhøve

Grunngivinga var den same som før. I eit eige Pro Memoria som følgde søknaden som vedlegg, gjekk Knagenhielm meir detaljert inn på dei geografiske tilhøva i Bergenhus. Han la vekt på å syna kor vanskeleg og tidkrevjande det var å reisa i dette distriktet. Han peika spesielt på det ekstremt dårlege sambandet mellom dei fire nordlegaste fogderia:

"Saa at naar mand for Exempel skal reyse fra Bergen til Indre Sogns Fogderie, maa man passere den lange Sognefiord, og dernæst reyse ud den samme Fiord, den samme vei tilbage, derpaa omkring ved Havkanten, og saa endelig innad til Sunnfiords, og af Sundfiords Fogderier, men og med Sundfiords og Nordfiords (...):

Kommunikasjonstilhøva i dei fire nordlegaste fogderia var klart vanskelegare enn i dei fire sørlege, som låg slik til at(...):

"de udgiøre en Circumfernse som en Halvsirkel omkring Bergen bye, der (..) ligger som en Centro, foruden at det er endog imellem disse Fogderier indbyrdes er saa bequem Communication, at mand fra Bergen dels til at tilbagereyse det mindste af den Vei mand er fremfaren"(...):

19. september 1763

Framlegget om å dela Bergenhus stiftamt i to vart lettare akseptert hjå sentralstyresmaktene enn det opphavlege. No skjedde ting raskt. Saka enda med Kongeleg resolusjon 19. september 1763 der Knagenhielm sitt framlegg om å dela Bergenhus Amt fekk fullt gjennomslag.

Joachim de Knagenhielm - den første amtmannen (fylkesmannen)

Joachim Knagenhielm vart utnemnd til amtmann og fekk pålegg om å ta bustad på ein høveleg stad i amtet. Han busette seg sjølvsagt i Kaupanger. Knagenhielm fekk ikkje løn så lenge stiftamtmann Cicignon var i live. Når han var borte, skulle Knagenhielm forhandla med ettermannen hans om ei rimeleg løn.

Tilfeldig

Nordre Brgenhus Amt, slik det stod fram etter 1763, var ei forholdsvis tilfeldig administrativ eining. Ingenting tyder på at fogderia Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn vart gjorde til eitt amt fordi dess områda utgjorde ei naturleg eining, eller hadde eit slags indre felleskap. For det første var det temmeleg tilfeldig at det no vart ei geografisk deling. Knagenhielm sjølv arbeidde i utgangspunktet for å dela stiftsamtmannsembetet slik at han sjølv vart amtmann over heile Bergenhus. Det var først då han såg at dette ikkje førte fram, at han kom med tanken om geografisk deling. Heller ikkje i grunngjevinga hans for å gjera desse fogderia til eitt amt finn ein noko som tyder på at dei burde utgjera ei eining fordi det var band som knytte dei naturleg saman. Utgreiinga fra Knagenhielm tyder snarare påd et motsette.

Fylkesidentiteten

Frå historisk synsstad er Sogn og Fjordane også ei temmleg ung eining. Fylkesidentiteten har såleis i ikkje så svært djupe røter. Langt på veg er han utvikla nettopp gjennom den fylkeskommunale aktiviteten vi her skal sjå nærare på. [I boka Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år (1987).]

Etter Kaupanger - i Bergen

Både skipinga av Nordre Bergenhus og utviklinga i tida etter syner kor mykje ynskjemåla frå embetsmenn og høgtståande privatpersonar hadde å seia i riksstyringa. Amtet vart oppretta på privat initiativ. Men ikkje nok med det. Argumentet for nyskipnaden var å gjera det lettare for amtmannen å administrera det store området som låg så langt frå Bergen. Likevel var det berre Joachim de Knagenhielm som tok bustad i amtet. For dei etterfølgjande amtmennene passa det nok mindre bra å busetja seg i ei avstengd bygd i dette distriktet; dei tok nemleg bustad i Bergen heilt fram til 1840. Med utgangspunkt i argumentasjonen som vart ført i marka for å dela stiftamtet, kan ein ikkje anna enn undra seg over styresmaktene i København gav dei løyve til det.

Namneendring

Namnet Nordre Bergenhus Amt stod ved lag til 1919 då det vart endra til Sogn og Fjordane fylke.

kjelder:

Engesæter, Aage og Thue, Johs B.: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. 1987.

PERMANENT IDENTIFIKATOR