Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Rå-data

Nynorsk i Sogn og Fjordane - Smaakvæde



Smaakvæde av Henrik Krohn kom ut i 1867, berre 3 år etter Ivar Aasen gav ut si bok Norsk Grammatikk. Det var den første skjønnlitterære boka på nynorsk frå Sogn og Fjordane.

Henrik Krohn var ein sentral skikkelse i arbeidet for nynorsken på vestlandet og gav ut ei rekkje andre bøker på nynorsk, deriblant <i> Minner fraa ei Stockholmsferd</i>same året som <i>Smaakvæde</i> kom ut.

Henrik Krohn var ein sentral skikkelse i arbeidet for nynorsken på vestlandet og gav ut ei rekkje andre bøker på nynorsk, deriblant Minner fraa ei Stockholmsferdsame året som Smaakvæde kom ut.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fotograf: Ukjend.

Om forfattaren

Forfattaren av boka, Henrik Krohn, var fødd i Bergen i 1826 og vaks opp på Stend i Fana. Han var handelsmann i Bergen fram til han flytta til Sogndal i 1858. Der vart han verande til han døydde i 1879. Henrik Krohn var ein ivrig nynorskforkjempar. Det kan nemnast at han i 1868 skipa mållaget Vestmannalaget og i 1865 vekebladet Ferdamannen, det andre nynorske vekebladet etter Dølen.

Nasjonalromantisk tradisjon

Krohn sin iver for nynorsken fekk også sitt utspring i diktsamlinga Smaakvæde. Sentrale tema er natur og folkeliv. Denne vektlegginga i nær relasjon med kampen for målsaka kjenner ein att frå nasjonalismen som knyter seg til kampen for sjølvstende og unionsopplysninga i 1905.

Hyllingsdikt

Det er variasjon i Krohn si dikting. Me finn episke dikt som Futarspranget, stemningsdikt og høvesdikt som "nasjonalsongen" Mitt Heimland. Her finst også hyllingsdikt til andre målmenn, mellom anna til Ivar Aasen. Krohn opnar diktsamlinga med eit hyllingsdikt til målmannen Georg Grieg (1826-1910) som endar slik:

Din Kjærleik til dei Gamle fyrst dat var,
som leidde meg i retta Fotafar.
Eg difyr byrjar litla Versa-Rad
med Takk aat deg i dette fyrsta Kvad.
Skildringar frå Sogn

Naturen og landskap i Sogn har også inspirert Krohn. Høvesdiktet Mitt Heimland gir i tillegg til ein hyllest av Noreg, fin naturpoesi. Krohn tenkte seg Mitt Heimland som nasjonalsong. Samanlikna med Bjørnstjerne Bjørnson sin Ja, vi elsker ( første gong på trykk i Aftenbladet 1859, endeleg versjon 1868) er Mitt Heimland ei meir nøktern skildring og hyllest til Noreg. Diktet byrjar slik:

Eg ser detta Landet, eit undarlegt Land,
Med snaudaste Øyar kring steinutte Strand,
Med Brim og med Brot yver svikfulle Bodar,
Med Fjellgarden myrk, som mot Nordhavet skodar.
 

Futespranget

ISmaakvædefinn me også ei rekkje forteljande dikt som Futarspranget. Dette har bakgrunn i segna om Sogne-futen som var heimehøyrande på Hafslo. Futen var ikkje noko særleg godt likt, og bygdefolket reiste difor heilt til kongen i København for å klaga på han. Det var det ikkje mykje hjelp i. Dei tok så saka i eigne hender og jaga futen på Helvetesfossen i Årøyelva. Futen prøvde å hoppa over til ein bergnabb på andre sida, men skleid ned. Bergnabben har fått namnet Futespranget etter denne hendinga.

kjelder:

Krokvik, Jostein: Henrik Krohn. Vestmannalagsreisaren og målreisaren:: Norsk Bokreidingslag 2002
Krohn, Henrik August: Smaakvæde:: Bjørgvin: Ed. B. Giertsen 1867
Lund - Iversen, Carl Lauritz: Ord gjennom år. Dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700-1986:: Sogn og Fjordane Forlag 1990

PERMANENT IDENTIFIKATOR