Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sogn og Fjordane fylke - Møteklubba til fylkestinget



"Til vel gjennomarbeidd og godt avgjord sak, meiner vi der bør vera eit verdig punktum bak." Desse orda stod i fylgjeskrivet frå fire kvinner som i 1957 gav fylkestinget ei ny møteklubbe. "Det var ei vakker formannklubbe laga av trevyrke frå fylkesmannsgarden", skreiv avisa Fjordabladet.

Fylkestingsklubba frå 1957, gjeven til fylkestinget av Hildur Blaauw, Karen Lem, Signe Røsberg, og Othilia Schei.

Fylkestingsklubba frå 1957, gjeven til fylkestinget av Hildur Blaauw, Karen Lem, Signe Røsberg, og Othilia Schei.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Øystein Åsnes

Gåve frå fire kvinner

I 1957 vart det årvisse fylkestinget halde på Hotel Alexandra i Loen. Etter at fylkesmann Nikolai Schei hadde opna tingseta, og tinget hadde valt ordførar Bertel Flaten frå Førde til formann [Merknad: Sjå avsnittet Fylkestinget frå 1838 nedanfor.] bar fylkesmannen fram ei gåve til fylkestinget frå fire kvinner. Han las opp eit skriv som fylgde med gåva:

"Til Sogn og Fjordane fylkesting v/fylkesmannen.
Til vel gjennomarbeidd og godt avgjord sak
meiner vi der bør vera eit verdig punktum bak.
Loen, 20/5 1957.
Hildur Blaauw, Karen Lem. Signe Røsberg. Othilia Schei."

Og fylkesmannen heldt fram: "Klubba skal vera til bruk for formannen under fylkestinget og meininga var at ho skulle tene han frå fyrste sekund i hans nye verdigheit og til han legg ned i samband med dimittering [avsluttar]."

Takk og historikk

Fylkesmannen gav så ordstyrarplassen til formannen som opna talen sin til fylkestinget med å takka for gåva og fortelja noko om den nye møteklubba. Han sa: "Før eg går over til det tradisjonelle elles, skal eg få referere historikken for denne verdige klubba som er overrekt her i dag."

"Klubba er laga av akasietre frå fylkesgarden på Hermansverk, ornamentet på handtaket er teke etter motiv frå Ornes stavkyrkje. På den eine plata på klubbe-hovudet er riksvåpenet, på den andre plata motiv frå dei viktigaste næringsgreinene i fylket. Klubba er laga av firma Brødrene Lohne i Bergen."

Og så takka han: "Formannen skal alt no få takke hjarteleg for denne vakre gåva, som i dag er overrekt fylkestinget i Sogn og Fjordane, takke gjevarane og takke også for den måten arbeidet er utført - laga av akasietre frå fylkesgarden på Hermansverk med motiv frå Urnes stavkyrkje, riksvåpenet og motivet frå dei ulike næringsgreiner i fylket. Ei fin sameining av mange ting som hopar seg opp i og ved denne klubba som eg ynskjer vert brukt med forstand både i denne fylkestingsseta og vidare. Hjarteleg takk frå fylkestinget!"

Gjevarane

Hildur Blaauw var gift med fylkeslege H.J. Blaauw som og var distriktslege i Sogndal. Karen Lem var gift med fabrikkeigar A. Lem i Måløy. Signe Røsberg var gift med administrerande direktør i Fylkesbaatane, Otto Røsberg. Othilia Schei var gift med fylkesmann Nikolai Schei.

Fylkestinget frå 1838

Fylkestinget vart oppretta med formannskapslovene av 1837. I perioden 1838-1962 var fylkestinget samansett av ordførarane i primærkommunane og det var til vanleg fylkesting ein gong i året. Frå og med 1963 var fylkestinget samansett av kommunestyre-valde medlemmer for fireårs-periodar. I 1976 vart fylkeskommunen ei sjølvstendig politisk og administrativ eining. Fylkestinget vart no valt ved direkte val.

I åra 1838-1976 var det fylkesmannen som administrerte fylkestinget og la fram dei sakene fylkestinget handsama. Fylkesmannen var ordstyrar/møteleiar til og med 1922. Frå og med 1923 valde fylkestinget formann og varaformann for kvar tingsete. Formannen vart no ordstyrar/møteleiar. Frå og med 1963 valde fylkestinget fylkesordførar og fylkesvaraordførar for fire år. Fylkesordføraren kalla inn til fylkesting.

kjelder:

Fylkestingforhandlingar for Sogn og Fjordane. 1957.
Fjordabladet. 21.05.1957.
Innformasjon frå:
Knut Henning Grepstad, Leikanger

PERMANENT IDENTIFIKATOR