Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. oktober 2001

Sist oppdatert 15. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Telegraflina over Jernhetta



Telegraflina over Jernhetta på fjellet mellom Lærdal og Aurland vart bygd i 1859 som ein del av telegrafsambandet mellom Oslo og Bergen. Dette var den fyrste lina bygd i aude høgfjell.

Skjerdalshøgdi sett frå vest. Nærast ser me stolpefeste frå 1859. Rekkja med stolpekar i snøen er frå fyrste omlegginga, truleg i 1863. Me ser hyttemurane i synsrandi.

Skjerdalshøgdi sett frå vest. Nærast ser me stolpefeste frå 1859. Rekkja med stolpekar i snøen er frå fyrste omlegginga, truleg i 1863. Me ser hyttemurane i synsrandi.

Eigar: Oddkjell Bosheim.

Datering: 1991.

Fotograf: Oddkjell Bosheim.

Planarbeid

Ei telegrafline, bygd langs kysten mellom Oslo og Bergen, måtte ha ein reserveveg. Mellom Lærdal og Voss vart det då bygd ei line som kom til å krysse Skjerdalsfjellet ved Jernhetta. Dette var eit pionerprosjekt på bygging av telegrafliner i høgfjellet.

Linebygging

Våren 1859 starta bygginga av lina frå Bergen til Lærdal. Arbeidslaget til Hennum nådde Skjerdalsfjellet seint på hausten. Ved Jernhetta gjekk lina opp i 1300 m o.h. Stolpane kom frå fjellskogen i Frønningen, køyrde fram på snøføre vinteren 1858. Materiellet elles var det beste som kunne skaffast. Porselens-isolatorar - berlinermodell, påstøypt jarntopphetter, var importerte frå Preussen. Grov jarntråd var skaffa frå England. Utanom jordfeste vart det nytta til dels runde steinkar, dels vart stolpane sett inn til steinar. Seinare omleggingar hadde firkanta stolpekar. Stolpane vart impregnert med blåstein (koparvitriol), som vart lagt inn i utbora hol nær jordbandet. Den 26. november 1859 vart lina teken i bruk.

Bilete av ei topphette.

Bilete av eit stolpekar.

Vedlikehald og feilretting

Vedlikehaldet skulle gjerast av lineoppsynsmenn. Lars Larsen Skjerdal hadde strekninga frå Gjeldejuvet i Aurland til stølen Vardahaug på Lærdalssida. Dette vart rekna til 2 mil og godtgjersla var 20 spesidalar, utbetalt i desember. Lars Engebretsen Kvigne hadde ansvaret frå Vardahaug til Helland og hadde 10 spesidalar for ei mil. Landhandlar Hans Bruun i Aurland hadde strekninga frå Skjerdalsberget til Flåm. Han kom til å spela ei viktig rolle som telegrafstyraren sin hjelpesmann.

Bilete av ei faksimilie.

Vanskar

Lars Skjerdal fekk det vanskeleg. Materiellet var for veikt i høgfjellet. Isolatorane brotna. Telegraftråden isa ned og brotna. Storm reiv ned stolpar og tråd. Stolpane snøa ned eller brotna av snøsig. Telegrafdirektør Tank Nielsen var beinhard. Lina måtte rettast snarast om vêret var aldri så ille. Lars fekk utreiseordre natt til julaftan 1863. I rapporten skriv han:
"Den Dag led vi frygtelig ondt, vore Ansigter vare ganske tilslaaed med Iis og det gik heller ikke af uden Skade paa vaar Helse."

Under slike vêrtilhøve vart jarntråden vriden saman i skøytane. Ein ekstra ståltråd vart strekt på stolpane over fjellet og nytta som reserveline, kalla Varelinie. Stolpesko var ikkje teke i bruk. Lars hadde 3 stigar utplassert i området sitt.

Bilete av litt jarntråd.

Ein søknad frå Lars om auka godtgjersle på grunn av alt slitet, vart sendt over til landhandlar Bruun som hadde denne merknaden:
"Jeg finder dog at den for Opsynet i Strøget om Skjerdal tilstaaede Godtgjørelse 20 Spd Aaarlig, for en hver paa Skjerdal boende Mand maa være nogsaa Antagelig."

Linehytter

Ei mura steinhytte til overnatting vart tidleg reist nær høgste punktet på fjellovergangen. Hytta var tetta med sementblanding. Bak hytta og inntil denne, var mura eit stolpeskur for stolpar inntil 11 alen. Hytta snøa ofte ned. Ny hytte og større stolpeskur vart bygd på ein betre plass nær ved i 1870-åra.

Bilete av Skjerdalshytta, ei linehytte.

Kulturminne

I skaret ved Jernhetta står enno murane etter hytter og stolpeskur. Det er stolpekar frå fleire omleggingar og restar av linemateriell som viser utviklinga gjennom pioneråra. Linekursen var i bruk til 1909. Materiell og hytter vart selde. Telegrafline nr. 12 vart då lagt om over Vikafjellet.

Bilete av eit stolpekar.

Bilete av hund i snøen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bugge, F.: Den norske statstelegrafs grundlæggelse og vækst. Christiania 1890.
Arkivsaker tilhøyrande Lærdal Telegrafstasjon.
Bastiansen, Henrik Grue: Herom har jeg nærmere telegraferet til Kongen. - telegraf og telefon i norsk politikk 1850-1940. Utgjeven av Norsk Telemuseum. Oslo 2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR