Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 08. mars 2001

Sist oppdatert 05. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Varden på Veten



På fjellet Veten (566 m o.h.), på høgdedraget mellom Eidsfjorden og Hundvikfjorden i Nordfjord, bygde dei i 1910 ein stasleg minnevarde. Ved 80-årsmarkeringa i 1980 fortalde major Kåre I. Torheim soga om varden gjennom ein glimrande tale skriven av Sigurd B. Hundeide.

Varden på Veten i 1999. Etter snart 100 år ser ein ikkje det minste teikn til at steinar har losna eller noko er blitt skeivt. Framfor varden står Pål Gunnar Naustdal (tv) og Knut Vemund Naustdal.

Varden på Veten i 1999. Etter snart 100 år ser ein ikkje det minste teikn til at steinar har losna eller noko er blitt skeivt. Framfor varden står Pål Gunnar Naustdal (tv) og Knut Vemund Naustdal.

Eigar: Knut Naustdal.

Datering: 1999.

Fotograf: Knut Naustdal.

Vardefest 2. juli 1910.

Varden på Veten stod ferdig i juli 1910 og det vart skipa til fjellstemne, søndag 2. juli. Lærar Haakon Aasvejen var hovudtalar. Han fortalde om ordninga med varslingsvardar og mana folk til å halda oppe dei historiske minna og ha samhug med forsvaret.
Åtti år etterpå, i 1980, var det på ny mykje folk samla på Veten. Major I. Torheim heldt tale etter manuskript av Sigurd B. Hundeide om soga til varden. Nedanfor fylgjer utdrag av talen.

Bilete frå fjellstemna i 1910.

Gamal varslingsstad

"Når vi er samla her idag, så er det til minne om eit varslingssystem dei brukte når det var mobilisering av mannskap for å slå tilbake framande inntrengjarar. Slike stasjonar var plasserte på lett synlege stader dei dei kunne sjå frå den eine til den andre og elles verte sett rundt omkring i bygdene. I Eid var det to slike varslingstasjonar - den eine var på Åsebønakken og den andre var her på Veten. Her var det og ei vakthytte til bruk for dei som skulle halde vakt og passe varden. Då dei arbeidde med å få reist denne steinvarden, fann dei gamle stokkar som skreiv seg frå denne vakthytta."

Godt handtverk

"Det var ein sunnmøring som heitte Daniel Følsvik som sette fram ideen om å få reist eit minnesmerke av eitt eller anna slag, for å markere den plassen der varden hadde vore, også for komande slekter. Ideen vart motteken med begeistring. Det var då også rimeleg, sidan vi nett då hadde vorte løyst frå unionen med Sverige. Her hadde også vore eit militært miljø i bygda i lange tider - med eksersisplass og militærøvingar. Når det så vart spørsmål om kva slags minnesmerke dette skulle vere, så måtte det bli ein steinvarde. Noko anna kom ikkje på tale her."

"Heldig var det også at dette var i dei tider då vegen frå Eid til Hundeide var bygd. Mange av dei unge karane her hadde vore med på vegbygging og lært både å mure og å kile stein. Dei lagde fine vegmurar i den tida. At det var folk som kunne handverket, viser arbeidet som er gjort her. Her er ikkje mykje som er skakt eller skeivt. Eit arbeid som dei har all ære av dei som var med og reiste denne steinvarden."

"Steinen fann dei synnanfor hammaren der varden er reist, og den måtte berast opp til byggjeplassen. Det vart mange bører, men alle var med og tok sin tørn. Dei nemnde spesielt han Kristian Taklo, han var stor og sterk og gjorde ein stor innsats med å bere stein."

Innskrifta

"Tavla med innskrifta på laga dei sjølve. Dei hogg til ei steinhelle, tok den i båten og rodde bort til Naustdal der dei fekk han Pål Naustdal til å teikne på innskrifta. Så reiste dei heim, laga seg fine meislar og hogg innskrifta i steinen sjølve, - og det var godt gjort."

Bilete av den innfelte steinhella.

To må nemnast særskilt

"Arbeidet med reising av varden vart gjort av bygdefolket, men det er likevel eit par personar utanfrå som vi kan nemne særskilt i samband med dette, Daniel Følsvik og Pål Naustdal."
"Daniel Følsvik var frå Volda, men var militær befalingsmann og var busett på Nordfjordeid. Det var han som hadde ideen og som var pådrivar for å få reist denne varden. Sunnmøringen hadde hatt militæroppdrag på Eid i lange tider og følt seg knytt til bygda og likte seg her."
"Pål Naustdal teikna bokstavane på innskrifthella. Han var også ein flink tambur (trommeslagar) og møtte opp med tromma si då dei hadde innviing her i 1910. Han var då 78 år gamal. (....)"

Vardevakt i ufredsåra 1807-1814

"Varden vart sist brukt i det militære varslingssystemet i 1808 og utover under Napoleon si storheitstid. Då var fedrane våre og heldt vardevakt her. Sidan veit eg om at varden har vore kveikt 2 gonger - om ikkje nett til krigsføremål."

To gonger seinare

"Den fyrste gongen var i 1938 då det var eit stort forsvarsstemne på Eid. Dei venta besøk av orlogsskipet Olav Trygvason som vel var marinen sitt flaggskip den gongen. Anders A. Hundeide og Rasmus Hundvik laga til så dei skulle kveikje skikkeleg bål heroppe, dei hadde og med dynamitt til salutt. Sjølv om dei visste kva klokkeslett båten skulle vere på Eid, såg dei korkje Eidsfjorden eller nokon krigsbåt. Dei måtte difor kveikje etter klokka. Om det vart nokon respons på dette, veit eg ikkje, - men det kom i alle fall ikkje noko om det i avisene."
"Andre gongen det vart kveikt vardebål her var under EF-striden i 1972. Då var det meieristyrar Aga, lektor Jon Tolaas, bonde Reidar Solheim o. fl. som stod for vardevakta."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fjordenes Blad/Fjordabladet, 05.07.1910, 02.08.1990.
Opplysningar frå:
Knut Naustdal, Eid.
Reidar Solheim, Eid.

PERMANENT IDENTIFIKATOR