Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. april 2005

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Steinkrossen i Korssund



Sogn og Fjordane har vel 15 steinkrossar frå tida då kristendomen vart innførd i Noreg. Det finst kring 60 i heile landet, dei fleste i Vest-Noreg. Somme stader har krossane skapt stadnamn, som til dømes Krosshaug i Rogaland, Krosshaug, Korsvika og Korssund i Sogn og Fjordane. Steinkrossen i Korssund ragar høgt, - på fleire måtar.

Steinkrossen i Korssund sett mot nordvest.

Steinkrossen i Korssund sett mot nordvest.

Eigar: Statens Vegvesen.

Datering: 1999.

Fotograf: Per Birger Lomheim.

Ein av dei fremste

Steinkrossane er ikkje einsarta. Dei varierer i storleik. Somme har rette armar, andre avrunda. Nokre har hol. Eit fåtal har runeinnskrifter. Dei fleste er utan fotstein og steinkar. Dessutan er det skilnad med omsyn til korleis dei er tilhogde.
Steinkrossen i Korssund er med sine 3,84 meter ein av dei høgaste i landet. Det finst spor etter runer og han høyrer med til dei få som er utstyrte med fotstein og steinkar. Dessutan er han særs fint tilhoggen.

To hovudgrupper

Biskop Fritjov Birkeli la i 1971 fram eit forskingsarbeid om steinkrossane. Birkeli opererer med to hovudgrupper, ei norsk-keltisk gruppe som er kjenneteikna ved rette armar og runde armholer, som til dømes steinkrossen ved kyrkja i Loen og krossen i Korssund.
Den andre gruppa er den norsk-angliske som er kjenneteikna av runde former i kroppen og armane, som til dømes ein av krossane i Eivindvik.

Mange av krossane fell ikkje eintydig inn i desse to gruppene. Steinkrossen på Rygg i Gloppen er til dømes spesiell ved at han viser slektskap både med den keltiske typen og den angliske.
Typenemningane indikerer at opphavet til steinkrossane i Vest-Norge er å finna på dei britiske øyane og Irland. Kjerneområda for den keltiske typen er Irland og Skottland, krossar som for ein del førekjem utforma på steinflater (cross slabs).

Resultat av innføringa av kristendommen

Noreg vart offisielt kristna i perioden 950-1050 under misjonskongane Håkon den gode, Olav Trygvasson og Olav den heilage, og av bispar og prestar dei hadde med seg frå utlandet. Gjennom ein århundre lang misjonsperiode avløyste Kvite-Krist Odin og dei andre norrøne gudane. Det kom felles-kyrkjegardar i staden for ættegravstader, og kyrkjer og krossar i staden for hov og kultstader.

Ein har gjerne tidfesta Korssund-krossen og dei andre steinkrossane til den offisielle kristningsperioden 950-1050. Ein av krossane med runer, Erling Skjalgsson-krossen i Rogaland, kan nokså sikkert daterast til 1028-1029. Somme meiner at steinkrossar kan ha vorte reiste før, etter som nordmennene, og då særleg folk frå Vestlandet, gradvis vart kjende med kristendommen under vikingferdene i vesterveg heilt frå slutten av 700-talet.

Kva funksjon hadde steinkrossane?

Steinkrossane kan ha hatt fleire og skiftande funksjonar, men eit opphaveleg føremål var å markera kristen samlingsstad. Fleire kjelder handlar om føremål og funksjon, og me tek med utdrag frå to av dei: frå ein artikkel i Skilling-Magasin, 1846, og frå eit stykke av ein sogeinteressert lærar, 1965.

Skillings-Magasin, 1846:
"Man har troet, at disse Kors have tjent de første kristne til Samlingssteder for at udøve deres Andagt førend Kirker bleve opførte. Andre er imidletid af den Formening at man i Kristendommens første Dage opreiste slige Kors, for at ved den Underkraft man tillægger Korstegnet, at fordrive de onde Ånder og hedenske Dæmoner. Begge Dele kunne have været tilfælde."

Lærar Martin Sagen, 1965:
"Når ein ser på Korssund som messestad, så er det klårt at dei vanskeleg kunne finna ein laglegare samlingsstad for folket på halvøya mellom Dalsfjord og Åfjorden og tilgrensande øyar i den tid då båten var det viktigaste samferdslemidlet. Der var framifrå god hamn for den tids farkostar og ein viktig overnattingsstad for sjøfarande. I nærleiken hadde det også vore heidensk gudsdyrking. Dei trong ikkje flytta det religiøse sentret så langt. Knapt 3 km austanfor ligg Hovland, der grendahovet for desse distrikta må ha stått."

"Det er somme som har meint at denne krossen først og fremst var tenkt til eit seglmerke som skulle hjelpa sjøfarande folk til å finna ei god hamn. Mot denne teorien talar det faktum at armane på krossen står parallelt med sundet, altså nord-sør. Skulle han kunna vera eit fullverdig seglmerke her, måtte armane snu aust-vest. [Det] kan nok tenkjast at han i si tid har hatt ei sideoppgåve som seglmerke."

Kongeleg vitjing år 1704

Fredrik 4, konge av Danmark-Norge 1699-1730, var på Norgesreise sommaren 1704. Den 19. juli var det kongeleg fylgjet i Korssund. I reisedagboka står:
"Reiste Kongen derfra [Eivindvik] forbj et stort field kaldet Norske Hesten til Korssund hvor dette tegn [teikna krossmerke] var udhugget udj en Steen hvilket tegn var ganske fuldt besat med Rubiner, og steenen var saa stor som een Møllesteen, ellers til fogdegaarden Ask og blev der om natten."

Opplysninga ".. besat med Rubiner" tyder på bergart frå Åfjorden i Hyllestad, ein glimmerskiferbergart med harde granatinnslag.
Kristine Holme Gabrielsen granska 30 steinkrossar i samband med eit hovudfagsarbeid i arkeologi, 2002. Ho fann at 14 av dei er laga av bergarten frå Hyllestad, godt kjend som bergart for stor kvernsteinproduksjon.

Oppleving

Møte med synlege kulturminne - gjennom sjølvsyn og kunnskap - gjev rom for oppleving. Martin Sagen fortel om si oppleving ved steinkrossen i Korssund i stykket sitt i Jul i Sunnfjord:

"Den som (..) ser stort på vår kristne kulturarv, må attmed denne mektige steinkrossen kjenna seg gjennomstrøymd av heilag vyrdnad, når ein veit at for mange hundre år sidan fekk folket her trøyst i sorg og saknad, åndeleg oppattnying, og kraft til å bera dagsens byrder i skiftande tider."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Birkeli, F.: Norske steinkors i tidlig middelalder. Oslo 1972.
Sagen, Martin: Steinkrossen i Korssund. I Jul i Sunnfjord. 1965.
Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder fra viking tid til reformasjonstid. Bind XVII. Oslo 1972.
Notat med foto og oppmålingar ved Per Birger Lomheim, Statens Vegvesen, Hermansverk, 23.03.1999.
www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk sogn og fjordane/fylkesleksikon
Bendixen, B.E.: Stenkors i Bergensamterne. I Oldtiden II. Stavanger 1912.
Christie, W.F.K.: Om Stenkors. I Urda II. Bergen 1842.

PERMANENT IDENTIFIKATOR