Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Storesvingen i Vik



Storesvingen heiter eit kjent utsiktspunktet på vegen Vik-Voss. Svingen ligg ovanfor garden Tistel der oppstiginga til Vikafjellet byrjar. Frå Storesvingen er det flott utsikt over Vik og Sognefjorden.

Her ser me kvar Storesvingen ligg, på vegen Vik-Voss, før oppstiginga til Vikafjellet. Biletet er teke frå Bøeggi.

Her ser me kvar Storesvingen ligg, på vegen Vik-Voss, før oppstiginga til Vikafjellet. Biletet er teke frå Bøeggi.

Eigar: Arne Inge Sæbø.

Datering: 1999.

Fotograf: Arne Inge Sæbø.

Utsikts- og rasteplass

Frå Storesvingen er det god utsikt over Bøadalen og dei sentrale deler av Vik, men ein kan og sjå Sognefjorden, Vangsnes, over til Balestrand, fjella på nordsida av Sognefjorden og Jostedalsbreen.
Storesvingen er difor ein vanleg stoppestad for turistar som vil sjå på utsikta og ta bilete eller for å rasta. Ofte stoppar og turistbussar ved Storesvingen. Prospektkort der fotografen har stått i Storesvingen, er og blant dei mest kjende og selde korta frå Vik.

Skildring av utsikta

Olav Hoprekstad (1865-1955) har skildra utsikta slik: Det er ei utsyn som ikkje mange stader finst maken til: Fyrst heile den breide Vikjabygdi nedfyre, som skyt sine store Galdar fram paa baae sidor ut i Sognefjorden; den ytre liksom tvers avhoggen og lagar den store porten for Sognefjorden utanfraa; den andre skyt seg radt fram til Vangsnes, og lagar der port for Sognefjorden innetter. So ser ein heile Balestrondi og fjordane i nord, og fjelli som taarnar seg upp i eit veldugt skaparverk, med bredande lysande og glitrande ovanpaa det heile. Den vidgitne utsyni fraa jarnvegen yver Lierdalen, eller yver Gauldalen, yver Hol i Hallingdal, ja til og med yver Flaamsdalen, dei er alle einlagde og smaae imot den megtige og rike utsyni fraa Hovsaasen. Hovsåsen ligg nedanfor Storesvingen, men utsikta vert den same.

Kafe og utgangspunkt for turar

I år 2000 er det under bygging ein kafe ved Storesvingen. Ein kafe som nok vil bli godt besøkt i sommarhalvåret både av fastbuande og av turistar.
Storesvingen eignar seg godt som utgangspunkt for turar til stølen Pridlao, opp til Ovriseggi og vidare innover Vikafjellet. Turen til Pridlao tek berre ein halvtime. Det er denne stølen som har gjeve namnet til det lokalhistoriske tidsskriftet som har komme ut i Vik sidan 1984. Namnet tyder ein stad der det vert spelt på bukkehorn. Jamfør namnet Prillar-Guri.

Vegbygging

Vegen mellom Vik og Voss vart påbegynt i 1938. Det gjekk heile 19 år før vegen var ferdig i 1957. Det var vegstykket frå Tistel mot Storesvingen som vart fyrst bygt. Historia til Storesvingen byrjar difor i 1938. Då vegen dit var ferdig, vart det vanleg å reisa til Storesvingen på tur. Bygdafolk nytta både bilar og traktorar til turen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hoprekstad, Olav: Bygdabok for Vik i Sogn, bind I, s. 9-51. Bergen 1951.
Hoprekstad, Olav: Vestlandet og jarnvegjene. I Stambanen mellem Vestlandsfjordene. Stavanger 1918.

PERMANENT IDENTIFIKATOR