Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 10. april 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Kraftstasjonen i Hagane – teknisk kulturminne



Frå Henjabrua, på vegen til Kleppa, er det råd å sjå kraftstasjonen til tidlegare Leikanger kommunale elektrisitetsverk. Sommaren 1930 arbeidde folk på spreng for at bygda skulle «lysa i elektrisk ljos til hausten». Då straumproduksjonen stogga i 1980-åra, vart installasjonane ståande; turbin, generator og måleinstrument på veggen. Ei tid var det planar om setja kraftstasjonen i stand, som teknisk kulturminne til skulebruk.

Kraftstasjon i Hagane, Hermansverk, bygd 1930 (her sett frå nedsida), står på austsida av elva, eit kort stykkke nedom Henjabrua. Leikanger kommunale elektrisitetsverk produserte straumen sin her frå 1930 til 1983 då elverket gjekk inn i Sognekraft. Då produksjonen stogga, vart maskineriet ståande. Ei tid arbeidde Systrond sogelag, ved leiar Knut Skjånes, med å «opna» ein restaurert kraftstasjon som teknisk kultuminne, til bruk skule og andre. Han lukkast diverre ikkje.

Kraftstasjon i Hagane, Hermansverk, bygd 1930 (her sett frå nedsida), står på austsida av elva, eit kort stykkke nedom Henjabrua. Leikanger kommunale elektrisitetsverk produserte straumen sin her frå 1930 til 1983 då elverket gjekk inn i Sognekraft. Då produksjonen stogga, vart maskineriet ståande. Ei tid arbeidde Systrond sogelag, ved leiar Knut Skjånes, med å «opna» ein restaurert kraftstasjon som teknisk kultuminne, til bruk skule og andre. Han lukkast diverre ikkje.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2017

Fotograf: Hermund Kleppa

Andre synlege spor
Det finst og andre materielle leivningar etter Leikanger kommunale elektrisitetsverk enn sjølve kraftstasjons-bygningen. På utsida kan ein sjå spor etter røyrgata som gjekk frå ei demning i Henjaelva kring 3 km frå stasjonen inne i Henjadalen. Røyrgata gjekk langs elva. Ho vart riven ei tid etter år 2000, men enno er det råd å sjå stubbar av traséen og betongkar her og der. Nedom gardstunet på Henja stod det lenge to stolpar av betong utan leidningar. Dei var frå det gamle elektrisitetsverket. Det finst elles same sort stolpar andre stader, t.d. i Fatla.

Kommunalt elektrisitetsverk
Det var Leikanger kommune som bygde elektrisitetsverket med kraftstasjon og linjenett. Førebuinga tok til i 1912, men det kom til å gå 18 år før «bygda lyste i elektrisk ljos» frå kraftstasjonen i Hagane.

Sverre Aas skreiv kraftverkssoge
I 1984 hadde skuledirektør Sverre Aas ferdig 15 maskinskrivne sider om soga til Leikanger kommunale elektrisitetsverk. Framstillinga omfattar både byggjeperioden og dei åra elektrisitetsverket var i drift. Dei neste avsnitta er i hovudsak eit kort samandrag av det vesle heftet, avgrensa til to tidlegare elektrisitetsverk og prosessen fram til ferdig eletrisitetsverk.

To elverk før det kommunale
I Henjaelva er det år 2017 råd å sjå spor etter utnytting av vasskraft i elva nedom kraftstasjonen i Hagane. Det mest iaugefallande kulturminnet er ei betongdemning ved Lakshøl, kring 400 m opp frå sjøen. Det var to mindre elektrisitetsverk i gang i Henjaelva før det kommunale elverket byrja å produsera straum i 1930, Knutsen sitt og Sygna Ullvarefabrikk sitt.

Knutsen sitt
Henrik og Albert Knutsen frå Askøy kom til Lærdal og dreiv kvernbruk der. Dei flytte til Hermansverk og kjøpte forretninga etter Herman Brun på Njøsasanden. Knutsen sette opp ei mølle eit stykke oppe i elva og eit sagbruk nede ved sjøen, begge drivne av vasskraft. Seinare tok sonen Per Klingenberg Knutsen over. Han sette i gang fleire føretak, mellom anna hermetikkfabrikk. No gjekk det ikkje lenger med rein vasskraft. Klingenberg Knutsen kjøpte ein likestraumsgenerator som vart montert i eit eige bygg mellom elva og fabrikken. Inntaksdammen til røyrgata var dammen oppe ved Lakshøl.

Dette verket kom i gang ein gong mellom 1914 og 1916, og det var truleg brørne Andreas og Erling Haugen som stod for anleggsarbeidet. Kraftverket leverte seinare også straum til hus i Riverdalen, og nokre hus på utsida av elva. Verket gjekk over til vekselstraum først på 1930-talet.

Sygna-verket
På austsida av Henjaelva, tett attmed gangbrua eit kort stykke nedom Henjabrua, ligg tufta etter Sygna Ullvarefabrikk. Dei reiv bygningen i 1990-åra. Sygna Ullvarefabrikk stod ferdig i 1913. Tidlegare hadde Matias Larsen frå Hyllestad drive ei stampe og eit fargeri ved Henjaelva, i nærleiken av der mølla til Knutsen stod. Det gjekk ei bru over elva her som vart heitande Stampekloppa.

Om lag på den tida Knutsen bygde elverket sitt, 1914-1916, kjøpte ullvarefabrikken ein likestraumsgenerator og fekk med den nok elektrisk kraft til fabrikken. Elverket stod eit kort stykke nedom fabrikken. Dette verket var mindre enn Knutsen sitt. Også her fekk husa som låg nærast kjøpa straum.

Leikanger kommunale elektrisitetseverk – langvarig førebuing
Opptaket til det kommunale elverket byrja i 1912. Då valde soknestyret (soknestyret - dei medlemmene i kommunestyret som var frå hovudsoknet) ei nemnd til å arbeida med saka. Nemnda hadde første møtet sitt 12. november same året og valde handelsmann Knut Jordal (på Hanahaug) til formann. Nemnda vedtok at formannen skulle ta kontakt med grunneigarane for å få hand om vassrettane. Det ser ut til at alle var villege til å gje frå seg vassrettane, men prisen var det vanskelegare å koma til semje om.

Tida gjekk, og i nemnda si møtebok står følgjande i april 1914:

"Formannen fikk det bestemte indtryk at her ingen Udvei kunde sees, hvorfor sagen forløbig maatte hvile. Imidlertid fortsatte konferansen enkeltvis, da der lagdes for Dagen, at ialdfald en del av Eierne vilde sælge og at der er forekommet mindst femti konferanser. trods, at det stadig ser mørk du, saa har det iblandt lysnet..".

Nemnda frå 1912 hadde siste møtet sitt 25. april 1916. Neste steg var å leggja plan  utbyggingsarbeidet. To alternativ for framføring av vatnet stod opne, enten beinveges ned langs elva, eller røyrgate til Røysum for å få større fall derifrå ned til kraftverket. Nemnda såg seg no ferdige med arbeidet sitt og bad soknestyret løyva pengar slik at ein sakkunnig mann kunne ta stilling til dei to alternativa. Nemnda bad óg soknestyret om å velja ei ny nemnd.

Nye nemnder - formalia med vassrettane ordna
I den nye nemnda var desse med: Knut Jordal, amtmann Christensen, Hans H. Grinde, Karl Lende og Hans H. Njøs. I juli 1916 kom ingeniørane Kinck og Lem og var med på synfaring av Henjaelva, Trastadalsvatnet og Myrdalsvatnet. Dei såg og på nedre delen av Grindselva lenger ute i bygda. Utgreiingane deira skulle føreliggja hausten same året. Vanskelege tider som følgje av verdskrigen forseinka arbeidet, og ikkje før 6. januar 1922 gjorde soknestyret vedtak om å gå med på avtalane med vassretteigarane. Ei ny nemnd tok over arbeidet og no vart det vedteke å sjå på regulering av Fjærlandssete-vassdraget. Nemnda fekk ordna med kjøp og tinglesing av kjøp av alle vassrettane. Arbeidet vart avslutta i 1928.

Utbygging
Ingeniør R. Knoff hadde hatt arbeidet med å planleggja utbygginga. Han hadde kome til at vassføringa i elva var for lita til ein generator på 120 Hk. På eit møte hausten 1929 kom nemnda til at det var trong for 150 Hk for å dekka kraftbehovet i bygda.

Etter eit allmannmøte på Nybø skule 24. januar 1930 rådde nemnda soknestyret å gå i gang med anleggsarbeidet så snart det let seg gjera. Soknestyret følgde opp, og arbeidet pågjekk for fullt sommaren 1930. Olav Skeide, Guttorm Hagen, Anders Faleide, Edvard Hagen, Endre Menes, Ivar Mundal og Tor Skarestad vart godkjende som installatørar.

Anleggsarbeid for fullt i 1930
Oslofirmaet Betonmast AS var hovudentreprenør. Den 26. juli melde avisa Sogns Tidende at ni mann hadde vore i arbeid "ein månads tid" med "utbyggjing av vatskrafti." Dei var ferdige med røyrgata og heldt på med å støypa betongstolpane. Ein venta at bygda skulle få lys til hausten "eller seinast til jol." Den 2. august annonserte "Leikanger elektrisitetsverk" etter driftsstyrar, og 5. september vart Andreas S. Haugen tilsett. Han gjorde teneste til 1951, då Arnfinn Norstein tok over.

Straum til jul i 1930
Det blei satsa stort for å få straum «til jol». Det lukkast. Linenette var då utbygd frå Njøs til Grinde og Engesæter. Gardane lenger vest kom seinare.

I historikken sin har ikkje Sverre Aas dagen og datoen når lyset kom, men nemnda skipa til ein fest på Leikanger hotell søndag "før jul" (dvs. 21. desember 1930) for leverandørar og arbeidarar. "Det er mogeleg at dette var den offisielle opningsdagen", skriv Sverre Aas.

Straum til Tinghuset og kyrkja
Kyrkja fekk elektrisk lys i 1936 og elektrisk oppvarming etter krigen. Tinghuset som stod ferdig i 1938, vart etter kvart ein stor straumbrukar.

Demningar
For å sikra og regulera vassføringa i Henjaelva, måtte det byggjast reguleringsdam i Store Trastadalsvatnet. Både Sygna og Knutsen var med og dekka kostnaden på 20.000 kroner. Dei bygde dammen på 1930-talet. I 1940-41 bygde dei demning i Fjærlandset-vatnet.

Isvanskar
Alt første vinteren fekk verket vanskar med is ved inntaksdammen og i røyra. Dette vart problem eit stadig problem i kalde vintrar. I 1941 påla styret abonnentane å gjera gratisarbeid med å hogga laus is i røyra.

Inn i Sognekraft
Frå 1930 produserte kraftstasjonen straum til lys og kraft i fleire ti-år. Men etter kvart vart kapasiteten for liten til å stetta aukande kraftbehov, særleg på 1960- og -70-talet. Første januar 1983 gjekk Leikanger elektrisitetsverk inn i Sognekraft.

Teknisk kulturminne – til skulebruk
Då kraftverket stogga i 1980-åra, vart alle installasjonane ståande. Det var tankar om å nytta den gamle kraftstasjonen til skulebruk. Systrond sogeleg og leiar Knut Skjånes (1928-2013) sette prosjektet på dagsorden, men «det var ei heller sørgeleg historie», skreiv Skjånes i ein epost år 2008:

«Det starta med at stasjonen vart  nedlagt, og det vart slurva med å halda temperturen over null. Dermed fraus det vatnet som sto i den ventilen som står framom turbinen, og ventilen i støypegodset sprakk. Eg ville likevel prøve å få stasjonen på fote igjen som dokumentasjon på korleis ein kraftstasjon fungerer. Det var serleg ungdomsskulen eg tenkte på, og rektor var interessert.»

Ventil til reparasjon to gonger
Skjånes, tidlegare vegsjef, og sogelaget arbeidde i fleire år med prosjekt: Kraftstasjon på Hermansverk. Vegsentralen lova å ta seg av nødvendig sveisearbeid. Fylkeskultursjefen og Sognekraft løyvde pengar. Men ventilen sprakk for andre gong, og ein var like langt. Ukuelege Knut Skjånes heiv seg på ein ny runde, og no blei ventilen frakta til Bergen. Ein verkstad der tok på seg å reparera ventilen gratis. Vegsentralen betalte frakta. Mange var med på dugnadsarbeid. Det såg lovande ut.

Ferdig «til våren» - 1997
Kraftstasjonen i Hagane, Hermansverk, står fleire gonger oppført i Systrond sogelag sine årsmeldingar. Under punkt 5.3 i årsmelding 1997 står det:

«Det vil kosta kr. 80.000,- å setja stasjonen i slik stand at den kan tene som eit undervisningsobjekt for ungdomsskulen. Vi har fått stønad frå kommunen, fylkeskultursjefen og A/S Sognekraft, men vi har støtt på uventa tekniske problem med sveising av ein ventil av støypejern. Det har teke si tid å få løyst dette problemet, men vi reknar no med at vi er i god gjenge, og at kraftstasjonen til våren kan stå ferdig til å kunne vise skuleelevar og andre interesserte korleis elektrisitet vert produsert.»

«ei heller sørgeleg historie» - 2017
Det vart aldri at kraftstasjonen i Hagane stod ferdig restaurert til bruk for skular og andre. Knut Skjånes, drivkrafta i prosjektet, måtte leggja inn årane då han vart sjuk, og sogelaget valde å ikkje å følgja opp. Røyrgata vart riven nokre år etter år 2000. Men Kraftstasjonen i Hagane står, år 2017, som han  gjort sidan 1930, og framleis med mykje og variert elektrisitets-historisk innhald; eit teknisk kulturminne med potensiale som ekskursjonsmål for «skuleelevar og andre», om enn utan at generatoren lagar straum.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Uprenta kjelde: Aas, Sverre: Leikanger kommunale elektrisitetsverk 1912-1983. Eit attersyn.


Korrespondanse Hermund Kleppa – Knut Skjånes, 2008


Munnleg kjelde: Kaare Risnes, Leikanger.


Sogns Tidende, 26.07.1930, 02.08.1930


Lakshøl Sølvgrube

PERMANENT IDENTIFIKATOR