Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Singerheimen



Litt opp frå Olden sentrum ligg ein staseleg bygning. Dette er Singerheimen. Her budde det amerikanske ekteparet William og Anna Singer. Singer var arving til ei stor stålformue, men valde kunsten framfor forretninga. Singer var både kunstmålar og ein kunnskapsrik kunstsamlar. Han gav midlar til gode føremål i Olden og i Nordfjord. Særleg er han kjend for stønad til vegen mellom Olden og Innvik. Begge er gravlagde ved Singerheimen.

Huset som Singer bygde i 1921 fekk namnet "Villaen" på folkemunne. Då det var ferdig, vart alle arbeidarane samla på marka nedanfor og dette biletet vart teke. Dette var ei tid med stor arbeidsløyse, og bygginga skaffa mange kjærkome arbeid.

Huset som Singer bygde i 1921 fekk namnet "Villaen" på folkemunne. Då det var ferdig, vart alle arbeidarane samla på marka nedanfor og dette biletet vart teke. Dette var ei tid med stor arbeidsløyse, og bygginga skaffa mange kjærkome arbeid.

Eigar: I boka Anna og William Singer.

Datering: 1921.

Fotograf: Ukjend.

Wilhelm og Anna Singer

William Henry Singer var fødd i Pittsburg i USA i 1868. Han arva ei stor formue etter stålfirmaet Singer Nimick & Co, men valde kunsten framfor forretninga. Singer gifte seg i 1895 med Anna Spencer Brugh frå Maryland. Dei møtte kvarandre då han var 25 år og ho 15 år. Paret drog til Paris i 1900 og til Holland i 1901. Dei kom første gongen til Noreg i 1903 og til Olden i 1913. Her likte dei seg godt. Dei valde Olden som bustad, og straks etter fyrste verdskrigen sette dei i gang med planane.
Singer bygde atelier i Olden i 1914. Villaen og andre hus på "Dalheim" vart bygde i 1921. Huset fekk ei golvflate på 900 kvadratmeter fordelt på 3. etasjar. Dei flytta inn sommaren 1921. William ofra seg mykje for kunsten sin, men han likte og å gå på jakt, og han var glad i sportsfiske. Det var kona som tok seg av eigedommen og det daglege stellet på "Dalheim".

"Stillhetens og stemningens maler"

Då ekteparet Singer kom til Norge, søkte dei stilla i Jotunheimen. Seinare busette dei seg i Tydal og i Nordfjord. Til slutt vart Olden basen deira. I Olden budde dei frå tidleg vår til seint om hausten. Dei fleste vintrane budde dei i den nederlandske småbyen Laren. Ekteparet Singer drog òg verda rundt. Dei samla seg impulsar i det internasjonale kunstmiljøet, og dei var stadig på leit etter kunstskattar. Olden var heimstaden og katedralen deira. Her fann ekteparet det dei drøymde om. Her var vakker natur, harmonisk miljø, fred og her fann dei inspirasjon. Singer var verdsborgar og impresjonist. I Olden var han "stillhetens og stemningens maler".

Velgjeraren

Då Singerfamilien kom til Nordfjord, var det ikkje veg mellom Innvik og Olden. Denne vegen ville knyta Sognefjorden og Nordfjord saman over land ved vegen mellom Vadheim og Sandane. Hausten 1923 starta stikkinga av vegen, men løyvingane mangla. Det var ei stund fare for at prosjektet måtte skrinleggjast. Då kom William Henry Singer på bana. Han sende to menn til fylkestinget i Høyanger med 450 000 kroner på ei bankbok. Seinare gjekk han inn med meir, slik at han i alt stilte 710 000 kroner til rådvelde for vegen. Arbeidet skulle visa seg å ta 13 år. Det gav arbeid til mange som elles hadde gått arbeidsledige.
Vegen vart opna 21. juni 1936. Singer spanderte middag på dei 130 arbeidarane. Om kvelden var det festmiddag med 200 gjester. Kong Haakon VII opna vegen. Han takka Herr og Fru Singer i ein varm tale og understreka det dei hadde gjort for folk og samfunn. Singer fekk Storkorset av St. Olavs orden.

Arbeidarane reiste minnestein

Vegarbeidarane ville òg visa si takksemd til Singer. Dei sette opp ein minnestein på Hildaneset mellom Olden sentrum og Innvik sentrum. Steinen hadde dei funne i fjøra. Minnesmerket kosta kvar arbeidar fem kroner. Det utgjorde om lag ei dagsløn den gongen. Minnesteinen vart avduka dagen etter den offisielle opninga av vegen.

Engasjerte seg i andre saker

Singer engasjerte seg òg i mange andre saker i bygda og regionen. Ved nokre høve vart han involvert i saker som slett ikkje samla bygdefolket. Ei tid truga dei med å flytta frå Olden på grunn av dette. Men dei vart buande, og ting gjekk seg til. Singer støtta elles bygginga av ungdomshuset i Olden, og han gav støtte til einskildpersonar ved mange høve. Ein gong kom ein mann og ville låna pengar til kjøp av hest. Det fekk han. Det gjekk lenge før han kom att med pengane. Då han likevel kom med setlane i handa, vart Singer så rørt over dette at han ettergav gjelda. Singer var òg sentral då sjukehuset på Nordfjordeid skulle byggjast.

Stiftinga Singerheimen

Singer døydde i 1943, og kona i 1962. Dei kviler i eit kapell ved atelieret på Dalheim. Ekteparet hadde ikkje born, og dette var ei stort sakn for dei. Singerheimen vart først testamentert som ei gåve til Nordfjord sjukehus. Seinare vart det oppretta ei stifting som fylkeskommunen styrer. Huset vart testamentert med eigedom, inventar og ein del kunstskattar. Kunstverk etter Singer finst elles ved samlingar og galleri i inn- og utland. I Maryland, fru Singer sin fødestad, er det eit eige Singer-museum.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Møller, Arvid: Anna og William Singer. Thorsrud as. Lokalhistorisk Forlag. Lillehammer 1999.
Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane: William Singer Jr. 1868-1943. Verdsboregaren og impresjonisten i Olden. Utstillingskatalog 15. juli til 31. august 1988.

PERMANENT IDENTIFIKATOR