Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 18. august 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Rå-data

Anders Skaasheim – interessert i «gammel bebyggelse» – i Finnmark



«Når De interesserer Dem for gammel bebyggelse, synes jeg De bør afse tid til at tage en tur hertil før De reiser sydover. Stedet er et af de ældste i Finmarken og Huserne er adskillig over 100 aar. Ludvig Filip af Orlean (hvis byste staar her skjænket af ham selv) boede her under den franske Revolution og da var vistnok huset han beboede opført for en god del Aar siden.»

Havøysund på postkort, hausten 1922 sendt frå handelsmann Rasch til Anders Skaasheim. Huset merka X er handelsmann Rasch sin fjøsbygning, og huset merka XX er pakkhusa (varehusa). Påskrift: «x Fjøsbygning ca 130 aar [-] xx Pakhuse omtrent samme alder.» Til høgre for pakkhus/fjøsbygning: hovudbygningen, og oppom: «baardstuebygning», hus for tenarar. Fiskeværet Havøysund ligg på øya Havøy. År 2017 går det bru mellom Havøy og fastlandet (venstre).

Havøysund på postkort, hausten 1922 sendt frå handelsmann Rasch til Anders Skaasheim. Huset merka X er handelsmann Rasch sin fjøsbygning, og huset merka XX er pakkhusa (varehusa). Påskrift: «x Fjøsbygning ca 130 aar [-] xx Pakhuse omtrent samme alder.» Til høgre for pakkhus/fjøsbygning: hovudbygningen, og oppom: «baardstuebygning», hus for tenarar. Fiskeværet Havøysund ligg på øya Havøy. År 2017 går det bru mellom Havøy og fastlandet (venstre).

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1910-1922

Fotograf: Ukjent

Busett i Finnmark 1921-1922

Sitatet er henta frå brev, datert 4. oktober 1922, frå handelsmann Rasch i Havøysund, til Anders Skaasheim, då busett i Hammerfest. Brevet er svar på brev frå Anders Skaasheim «av 2. ds», om mellom anna «gammel bebyggelse».

Frå desember 1921 til november 1922 var Anders Skaasheim (1880-1965) konstituert kontorsjef i Norges Bank si avdeling i Hammerfest. Utanom bankarbeidet brukte Skaasheim tid og krefter på å gjera seg kjend med den nordlege landsdelen, så vel naturlandskapet som det kulturhistoriske landskapet i vid tyding. På kort tid var det var mykje å fara over for ein breitt interesser mann.

Illustrerande døme på arbeidsform

Nå vart det ikkje til at Skaasheim kom på besøk til Havøysund det året han budde i Finnmark. Likevel skaffa seg han seg kjennskap til både til den gamle «bebyggelse» i fiskeværet og mangt anna, ved at han heldt kontakt med handelsmann Rasch, etter at han var komen tilbake til Bergen. Det konkrete resultatet førleligg i form av eit par brev, postkort og foto. Heile korrespondansen er elles eit illustrerande døme på Skaasheim si arbeidsform. Han oppretta kontakt med folk, viste interesse, i samtale eller i brevveksling, stilte spørsmål, noterte, samla og tok vare på, formidla i skrift og tale.

«Ludvig Fillip av Orlean»

I brevet datert 4. oktober, fortel handelsmann Rasch at det står ein byste av «Ludvig Fillip av Orlean» i hovudbygningen hans; og viser til vedlagt bilete/postkort av kunstverket. På baksida av står skrive: «Ludvig Fillip af Orlean. (…).

Merknad: Bysten finst framleis på Måsøy museum, Havøysund, eller rettare sagt, ein noko redusert byste. Under evakueringa av Finnmark hausten 1944 vart alle bygningane i Havøysund brende, og i samband med dette vart bysten påførd skade.

Ludvig Filip (1773-1850) høyrde til det franske kongehuset Bourbon. I åra 1793-1814 levde han i eksil; i 1795 var han også innom Finnmark, hjå handelsmann Buck i Hammerfest og hjå bror til Buck, handelsmann i Måsøy. Mange år seinare, som konge, ønskte Ludvig Filip å visa takksemd for opphaldet i Måsøy, og sende ei byste nordover med ein fransk forskings-ekspedisjon 1838-1840. Sidan huset Ludvig Filip budde i på Måsøy då var flytta til Havøysund, blei bysten plassert der.

Kan senda foto og opplysningar om «Stedets Historie»

Handelsmann Rasch avsluttar brevet sitt med å ynskja Skaasheim velkomen til Havøysund, men viss han ikkje får høve til å ta turen, kan han (Rasch) senda fotografi, og «skrive om, hvad jeg kjender til vedkommende Stedets Historie.» Det må Skaasheim ha takka ja til, for 4. november 1922, skriv Rasch eit nytt og innhaldsrikt brev, med innlagde postkort og foto. Rasch fortel om sine eigne bygningar, om handelsmenn før han, og om ein tidlegare direkte handel med Holland/Nederland. I det følgjande er heile brevet attgjeve i avskrift in extenso, slik det står i originalen.

Havøsund 4/11 1922 
Hr. A Skasheim
          Hammerfest

Vedlagt 2 Billeder af Hovedgaarden her samt Baardstuebygningen [hus for tenestefolk] som er af samme alder. Under den franske Revolution var det altsaa Ludv. Fillip boede i Hovedbygningen, som da stod paa Maasø og var Prestegaard; men hvor gammel den da var, har jeg ikke rede paa.

Baardstuebygningen derimod, har hele Tiden staaet i Havøsund og var Beboelseshus for Handelsmanden Herr Ulich. Han har hugget sitt og sin Hustrus Navn i Fjeldet ovenover 1791.

Den første Handelsmand der [som] ifølge de gamle Papirer fra Udmaaling af Staten (…) nedsatte sig her i 1761 og muligens er Huset ogsaa fra det aar. Jeg kan ikke paastaa det.

I begyndelsen af forrige aarhundrede [1800-talet] kjøbte Ulich Prestegaarden og flyttede den hid for at bo i den. Samtidig blev ogsaa Kirken flyttet hid hvor den stod i ca 50 Aar. Da blev den nedrevet og ny atter opført paa Maasø.

Da de to Krigsskibe kom med Kongens Byste [ein gong i tida 1838-1840], blev der Spørgsmaal om, hvor det Hus var, i hvilket han havde boet, og det fandt man altsaa her.

Fjøsbygningen her, som er opført af Sten, stammer ogsaa fra Slutten af det syttende aarhundrede [1700-talet]. Dens Mure er ca 3 Fod tykke, saa den har bevaret trods Tidens Tand.

I den Tid handlede kjøbmanden her directe paa Holland. De havde Skibe, som de lastede med Fiskevarer og seilede nedover med. Tilbage tog de Colonial og alle andre varer, de behøvede i Aarets Løb. Til Ballast tagde [? vart det brukt] Muld, da Sten jo er en sjelden vare i Holland, og denne Muld blev ved Fremkomsten her anbragt i Haven. Det findes derfor i denne Have Blomster der ellers ikke hører hjemme i Finnmarken. Mange er der dog ikke, som har greiet Klimaet frem igjennem aarene, men nogle faa kommer op igjen hvert Aar.

Det ene Pakhus er ogsaa fra det 17-aarhundrede [1700-talet] og opført af 6 [teikn for tommar] Rundtømmer.

Det (sic) [De ?] spørger om Rusland. Min Mening er, at vi havde bedre Naboer i Russland, end vi nu kommer til at faa i Finland. Finlænderne er vanskeligere i Omgang end Russerne. [sjå merknad under]

Gjerne til Tjeneste, om det skulde være andet, De vilde vide og jeg kan svare paa det.

I margen: «Muren rundt Kjelderen under Hovedgaarden er 6 Fod tyk. De bygget i gamle Dager slig, at det bevaredes en stund.

Hilsen ærbødigst
Henrik Rasch

Merknad: I 1920 fekk Finland etter avtale med Sovjetunionen ein korridor til Nordishavet. Korridoren eksisterte til 2. verdenskrigen 1939-1945.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Privatarkiv SFF-88047 Skaasheim, Anders


Ludvig Filip av Frankrike


Spredte trekk fra Ludvig Philp af Orleans’ Reise i Nord-Norge og Lappland 1795

PERMANENT IDENTIFIKATOR