Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Steinhuset på Lunde i Feios



På Lunde i Feios er det eit stovehus som er bygt av stein. Det er einaste stovehuset av stein som finst i Vik kommune.

Eldre bilete frå garden på Lunde. Steinhuset midt på biletet. Alle husa bortsett frå stabburet står enno, driftsbygningen er mykje modernisert. Det er og bygt nytt stovehus til høgre for desse bygningane. Streinhuset, som vart bygt i 1865, er modernisert og er framleis i bruk.

Eldre bilete frå garden på Lunde. Steinhuset midt på biletet. Alle husa bortsett frå stabburet står enno, driftsbygningen er mykje modernisert. Det er og bygt nytt stovehus til høgre for desse bygningane. Streinhuset, som vart bygt i 1865, er modernisert og er framleis i bruk.

Eigar: Rune Lunde.

Datering: 1920-40.

Fotograf: Ukjend.

Uvanleg med steinhus

I Vik har det vore god tilgang på trevyrke, og det var sjeldan at ein nytta stein som byggemateriale. Det var meir vanleg på stølane for der var det verre å få tak i tømmer. Det var mykje arbeid å setja opp eit steinhus. Husa var og meir krevjande å varma opp. Men veggene var vedlikehaldsfrie, og husa kunne dermed stå i hundrevis av år utan at ein måtte tenkja på vedlikehald.

Stovehus

Stovebygningen på Lunde vart bygd i 1865 av Gjest N. Lunde (1820-1912) som då var brukar på garden. Gjest har skrive namnet sitt og årstalet på ei plate som heng inni huset. Kvifor han gjorde noko så uvanleg som å byggja eit stovehus av stein, veit me ikkje.
Dei som har vore på garden etter Gjest, har budd i dette stovehuset av stein. Ragnvald Lunde var den siste som budde i huset. No (2000) vert huset nytta som feriehus og til festlege samkomer.

Mykje arbeid

Steinstover vitnar om nitidig tolmodsarbeid. Det var eit vanskeleg arbeid å få steinen til å passa rett inn i den doble husmuren slik at huset stod støtt. Oftast vart det nytta profesjonelle folk til slikt arbeid. Me veit ikkje sikkert kven som bygde huset på Lunde.
Det vert sagt at det tok fem til sju år å samla stein til å byggja ei steinstove. Muren skulle vera slett på begge sider, og flataste sida vart lagd ut. Ofte måtte steinane hoggast til for å passa betre. Når ein var komen opp i ei viss høgd, måtte ein kila med mindre steinar for å styrkja muren. Muren måtte vera stø slik at han ikkje slo kul på seg med åra.

Dobbel mur

Huset på Lunde har dobbel mur med mold mellom. I botnen er muren 1.40 m tjukk, men smalnar oppover. På nedsida har muren ei høgd på 4.30 m. Nokre av steinane er svært store og tunge, og det må ha vore eit slit å få dei på plass. Stova er tømra i gavlane og hadde torvtak.
Veggene vert ekstra tjukke i eit steinhus. Innvendig mål på glaskarmane i huset på Lunde er 60 cm, og det er laga til skap med dørar mellom og over vindaugo. Så djupe er desse skåpa at borna gøymde seg innafor lukene når dei leikte gøymespel.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sæbø, Arne Inge: Steinhuset på Lunde. I Pridlao, nr 3, 1997. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Munnleg informasjon:
Rune Lunde, Vik i Sogn.
Mork, Paal: Byggjeskikken i Luster. I Luster - lokalhistorisk årbok. Sogelaga i Luster, Luster kulturkontor. Gaupne. 1, 1994, side 54-92.

PERMANENT IDENTIFIKATOR