Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 11. februar 2021

Sist oppdatert 12. februar 2021

Rå-data

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane – Om sanitetssøster Petrine Lillebø



Ved årsskiftet 1934/1935 slutta Petrine Lillebø i Fylkesbaatane. Ho hadde vore reisande «sanitetssyster» i 23 år. Arbeidet hennar hadde vore å ha «tilsyn» med «reinhaldet [om bord i båtane] og rettleida tenarskap og reisande». Men, kven var ho, sanitetssøster Petrine Lillebø?

Norges Røde Kors blei grunnlagd år 1865 og tok til med utanning av sjukesystre tretti år seinare, i 1895 i Kristiania. Røde Kors-søstrene var kledde i foreininga si uniform. Me kjenner ikkje til når Petrine Lillebø tok sjukepleieutdanning eller kvar. I Bergen vart det utdanna Røde Kors-søstre frå 1898. Petrine budde i Bergen år 1900. I 1945 ga Postverket ut særfrimerket Norges Røde Kors 80 år, portrett av Røde Kors-søster, utforma av kunstnaren, Helge Th. Kittelsen (utkast).

Norges Røde Kors blei grunnlagd år 1865 og tok til med utanning av sjukesystre tretti år seinare, i 1895 i Kristiania. Røde Kors-søstrene var kledde i foreininga si uniform. Me kjenner ikkje til når Petrine Lillebø tok sjukepleieutdanning eller kvar. I Bergen vart det utdanna Røde Kors-søstre frå 1898. Petrine budde i Bergen år 1900. I 1945 ga Postverket ut særfrimerket Norges Røde Kors 80 år, portrett av Røde Kors-søster, utforma av kunstnaren, Helge Th. Kittelsen (utkast).

Pionerinnsats

Eit lite leiteprosjekt etter kunnskap om Petrine Lillebø gav magert resultat; ikkje noko foto, ingen yrkesattest, ingen omtale ved runde årmålsdagar, ingen nekrolog; ingen arbeidsinstruks, lite direkte om jobben hennar. Petrine Lillebø slutta i eit arbeid ho lenge var åleine om, og den første; nemleg i nyoppretta stilling å føra «tilsyn» med og «rettleida» om sanitære forhold om bord i rutebåtar, t.d. å medverka til å få folk til å slutta uskikken med å spytta på dørk og dekk. Fylkesbaatane hadde på den tida «skibs- og maskininspektør». Med påmønstra sanitetssøster hadde reiarlaget i røynda  også  «sundhedsinspektør», eller med vår tids nemning, ein helse- og miljøinspektør. Artikkelen er ordna kronologisk på årstal, og byggjer på aviser og bøker i Nasjonalbiblioteket og på kyrkjebøker og folketeljingar i Digitalarkiv. 

1871

Petrine (Oline) Lillebø var frå Sunnmøre. Ho var fødd 22. april 1871 og var dotter til Lars Martinus Ellingsen og Johanne Eline Pedersotter, busette på garden Dravlaus-Lillebø i Dalsfjorden, Volda kommune. I folketeljinga 1875 står Lars Ellingsen oppførd som gardbrukar, sjølveigar og fyrarbeidar. Petrine vart konfirmert 26. september 1886. I kyrkjeboka står ho notert med karakter: «Nesten meget godt»

1910

Luster sanatorium for tuberkulosesjuke pasientar opna år 1902. Folketeljinga 1910 viser at Petrine Lillebø då var tilsett ved Luster sanatorium. Ho står oppført som ugift og med yrke «sygepleierske».

1911

I mange år måtte pasientar som skulle til sanatoriet reisa med båt. Rutebåtane fekk såleis smittefåre om bord. Det var nødvendig med smitteverntiltak; først og fremst tiltak for betre reinsemd. Av eit stykke i Nordre Bergenhus Amtstidende, under tittelen «Amtsskibene og tuberkulosesagen», 15. mai 1912, går det fram at amtsbåtane hadde teke grep:

 «I fjor [1911] holdtes saaledes i en tid av 5 maaneder om bord i Sognebaadene, en sygepleierske som underviste betjeningen i renhold, og hadde øie med, at der blev ordentlig desinficeret og rengjort efter efter tæringssyge passagerer.»

Det står ikkje namn på «sygepleiersken», men det er ikkje usannsynleg at det nettopp var Petrine Lillebø. Elles viser avisstykket til at Kyrkjebø helseråd hadde fremja krav om at «en sygepleierske» måtte følgja amtsbåtane «stadig» (fast, heile tida), ikkje berre av og til.

1912

Petrine Lillebø byrja som sanitetssøster i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, NBAD, (frå 1918 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, FSF) år 1912. Stavanger Aftenblad hadde 16. desember 1912 eit stykke med tittelen «Urenslighed paa vore dampskibe» der det vert vist til gode tiltak i NBAD: «Selskabet har (…) ansatt en øvet sygepleierske, som turvis (ambulerande) skal reise med selskabets samtlige baade for at søge indført og paase gjennemført et helt betryggende hygienisk forhold om bord.»

Kommunal folketeljing for Bergen 1912 inneheld Petrine Lillebø registrert på adresse Nevengaarden Asyl med yrkestittel «sygepleierske»/sygepleier». Ved kommunal folketeljing i Bergen 1934 er ho registrert på adresse på Nordnes (sjå lenger nede).

1914

I januar 1914 hadde signaturen «Kr. Saarheim» ei kraftsalve i Bergens Tidnde mot elendige sanitære forhold om bord på amtsbåtane. Innlegget var så krasst i form og innhald at NBAD straks reagerte med to mottrekk. Det eine var å senda 13 spørsmål til stadsfysikus (bylege) i Bergen, og offentleggjera spørsmål og svar i Bergens Tidende; det andre var å melda innsendaren til påtalemakta for ærekrenkjande omtale. To av spørsmåla vedrører direkte NBAD si reisande sjukesyster. Både spørsmål og svar fortel noko om arbeidet til «pleierske» Petrine Lillebø. Det går og fram at ho er utdanna Røde Kors-(sjuke)søster.

Er De [stadsfysikus i Bergen] bekjendt med, at der i de sidste to år til stadighed (fast, heile tida) med amtets skib har reist en ved «Røde Kors» utdannet pleierske for at belære publikum angaaende nødvendigheten av rensligheten og dessuten at føre tilsyn med betjeningens og mandskabets renhold om bord. Svar: Ja.

Antar De at denne foranstaltning har virket gagnlig i sanitær henseende? Svar: Det er en betydelig forskjell at merke paa passagerrummenes utseende ved fremkomsten, naar sygepleiersken har været med.»

1931

År 1931 kom heftet Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane ut; til bruk i det nyleg innførde skulefaget heimstadlære, skrive av lærar Andreas Vamraak,. Eit kapittel handlar om «reiselivet om bord»; om reinsemd og bruk av alkohol. På dei største båtane er oppslege plakatar underteikna Bergens helseråd: «Reisande må alltid bruka reinsemd og orden. Difor må dei ikkje sputta på golv eller dekk, ikkje leggja seg på sofa eller benk med skoty på, ikkje kasta papir og avfall ikring seg.» Tilhøva om bord har med åra vorte betre, ikkje minst takka vere sjukesyster Petrine Lillebø. Vidare skriv forfattaren, som etter alt å døma har snakka med Fylkesbaatane si reisande sjukesyster, fylgjane:

«Ho hev hatt fast post umbord frå 1914 [det rette er 1912] og skiftevis fylgt båtane i dei ymse rutor. Ho hev no ikkje berre fått blide ord når ho åtvara eller talde tilrettes. Ho hev halde ut med det. «Det går an å rettleia folk, berre dei er edruge,» segjer ho.»

1932

Fylkesbaatane si reisande sjukesyster, Petrine Lillebø, mønstra av ved årsskiftet 1934/1935, etter 23 eller 24 års fartstid, om 5 månader i 1911 vert rekna henne til gode. Ho fekk e i setning i arbeidsgjevaren, Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, si årsmelding, at ho hadde slutta etter 23 år i fast arbeid. Det kan vel og henda ho fekk ei eller anna form for påskjøning, utan at det har kome på trykk nokon stad. Petrine Lillebø var 61 ½ år gamal då ho gjekk i land.

1934

I valmanntalet for Bergen 1934, står Petrine Lillebø oppført i valkrins Nordnes, på adresse Markevei, lille 23. Elleve andre står oppført på same adresse.

1947

Petrine Lillebø døydde 12. august 1947 i Forsand kommune, Rogaland. Ho var då gift med Tomas Julseth, lærar, frå Fræna på Nordmøre. Dei budde på eigedomen Flatvoll, bruksnr. 18, under garden Fossmork. Tomas Julseth, hadde vore gift to gonger før ekteskapet med Petrine Lillebø. Dødsannonsen  har med den tidlegare yrkestittelen hennar: «Fhv. Røde kors søster».

1958 – «framifrå arbeid»

Fylkesbaatane si jubileumsbok 1958 har eit avsnitt om Petrine Lillebø. Det står i kapitlet Åra mellom to heimskrigar 1919-1940, og passar godt som ettermæle: Petrine Lillebø «hadde gjort eit framifrå godt arbeid i alle desse [23] åra». Ein merknad: Petrine Lillebø står her notert med tittel sanitetssyster, medan det i dødsannonsen (jfr. over) er brukt «Røde kors søster». Forklaringa er at Petrine Lillebø hadde utdanning frå ein av Røde Kors sine sjukepleieskular, og hadde arbeidd med sanitære forhold om bord på rutebåtar, ho hadde vore sanitetssøster.

kjelder:

Vamraak, Andreas: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Eit stykke heimstadlære. 1931.


Stensaker, Asbjørn: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. 1958.


SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 511/L0140: Ministerialbok nr. 511A07, 1851-1878, s. 164


Sandnes fellesråd: e-post, 26.11.2020

PERMANENT IDENTIFIKATOR