Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 31. mai 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

"den maleriske Kvinnefos"



År 1900 skildra topografen Amund Helland elva Kvinna i Leikanger med desse knappe orda: ".. et kort vasdrag, der løber sydover - og som styrter ud i Sognefjorden gjennem den maleriske Kvinnefos." Ein landskapsvernrapport, datert hundre år seinare, følgjer opp: "Kvinnafossen (..) ein av dei flottaste fossane langs Sognefjorden."

Frå botn av Kvinnafossen renn Kvinna bratt ned i fjorden. Når det er stor vassføring deler vatnet seg på ein hammar heilt nede ved sjøen. Bygdebokforfattar Bøthun fortel i bygdeboka for Leikanger (1955) at det då kjem til syne ein kvinneskapnad. Sjå etter på dette biletet. Somme ser ei kvinne midt i fossen nede ved sjøen, med overkropp og ansikt.

Frå botn av Kvinnafossen renn Kvinna bratt ned i fjorden. Når det er stor vassføring deler vatnet seg på ein hammar heilt nede ved sjøen. Bygdebokforfattar Bøthun fortel i bygdeboka for Leikanger (1955) at det då kjem til syne ein kvinneskapnad. Sjå etter på dette biletet. Somme ser ei kvinne midt i fossen nede ved sjøen, med overkropp og ansikt.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa

jamn vassføring

Kvinnefossen er namnet på fossen i Kvinnavassdraget tett attmed riksvegen kring 2 km frå ferjestaden Hella. Fossen har eit fritt fall på 120 meter, og elva renn det siste stykket bratt ned i fjorden. Nedbørfeltet til Kvinnavassdraget er avgrensa av fjelldraget Storholten-Troeggi-Midteggi- Hestfjellet-Mælen. Sideelva Friseta renn saman med Kvinna kring 300 m ovanfor fossen. Vassføringa er størst i snøsmeltinga om våren og føresommaren, men elles mykje varierande etter nedbøren.

Verna

Kvinnavassdraget og Kvinnefossen har vore verna mot kraftutbygging sidan 1973. Dessutan er fossen svært viktig i ein plan for eit landskapsvernområde som omfattar heile vassdraget og eit område austover til garden Suppam. Verneframlegget frå 2001 skildrar heile området som biologisk og naturhistorisk svært interessant med få inngrep av nyare dato. Kvinnefossen og det aller næraste området rundt er ført opp med status av nasjonal verdi.

Veg og bru i 1956

Folk flest kjenner Kvinnefossen frå brua og bilvegen, frå sjøen og frå Vangsnes på hi sida av fjorden. Når fossen er på sitt største, er han godt synleg på lang lei. Drevet står voldsomt på frå nedslaget, som har namnet Kvinnegryta, over brua og langt ut på sjøen. Statens vegvesen har laga parkeringsplass rett utom brua og ei inngjerding like ved slik at folk kan ta fossen i nærare augesyn. Det hender at ekspressbåten i sommarrute Bergen-Flåm-Bergen gjer ein avstikkar frå hovudkursen mellom Balestrand og Leikanger og går heilt inn på bukta under fossen.

Elva går i eit trongt gjel ned frå fossen. Det var såleis ikkje trong for ei særleg lang bru då vegen vart bygd midt på 1950-talet. Derimot måtte det byggjast ein høg mur fram til brufestet på austsida. Muren er kring 12 m på det høgaste.

"står govet langt ut"

Vegen vart opna hausten 1956. Midt i vårflaumen i mai same året hadde avisa Sogn og Fjordane eit lite stykke om fossedrevet. Vegvesenet rekna med at det måtte gjerast noko for å hindra at folk vart gjennomvåte av spruten frå fossen. "- Når elva er stor," skreiv avisa, "står govet langt ut over bukta. I brua som er støypt, er det festa nokre jernstenger, og vegsjefen meiner at det lyt setjast opp ein glasvegg der. Elles lyt ein sjå korleis det går når flaumen kjem. Brua er lagd slik at vasspruten skal verta minst mogeleg, men noko vert det i alle høve."

Dette var tankar dei gjorde seg før vegen vart opna for trafikk. Me kjenner ikkje til at det nokon gong vart bygt glasvegger mot fossedrevet, eller skjermverk av anna slag.

Laksefiske

Sognefjorden har frå uminnelege tider vore rik på laks. Laksen går inn fjorden om våren og opp i elvane for å gyta og ut att mot vandringa i havet om hausten. Bukta ved Kvinnefossen var frå gamalt ein god stad å fiska laks. På vegen inn strauk laksen forbi Kvinnefossen for å vaska av seg lus, vert det fortalt.

Dei fiska med kilenot her ved Kvinnefossen. Kilenot er ein fangstreiskap der laksen vert leia langs eit garn (begje) frå land, ut til nota og inn i to rom (kilar) der fisken vert fanga. Nota var strekt ut mellom to store tønner som vart haldne på plass med tjukk streng mellom, og strenger festa i land og i spesiallaga anker på sjøbotn.

36 laksar på ein gong

Dei såg etter nota to-tre gonger om dagen. Dei sa at dei turka nota når dei drog opp og fekk fangsten inn i båten. I godt laksevêr var det ofte fleire laksar i nota på ein gong, - av ulik storleik, frå eit par kilo til over tjue. Mikkel Sjur Eitun (fødd 1941) var med og fiska med Kvinnanota frå han var gutunge. Han fortel at rekorden var 36 fiskar på ein gong. Hans eigen personlege rekord er 26.

Det vart slutt med laksefisket i 1995 då sjukdomen gyrodactolus vart påvist på laks i Lærdalselva lenger inne i Sognefjorden. Det drastiske mottiltaket mot sjukdomen var å handsama elva med gift og forby fiske med not langs fjorden. Tiltaket verka godt. Laksebestanden i fjorden er i ferd med å byggja seg opp att og fiskerestriksjonane er blitt noko lempa på. Det vil likevel neppe bli laksefiske med kilenot ved Kvinnefossen meir. . Arbeidet vil ikkje lenger løna seg.

Grense

Elva Kvinna har frå eldre tider danna grense mellom kommunane Leikanger og Balestrand og mellom gardane Suppam og Eitorn. I 1849 vart Balestrand skild frå Leikanger som eigen kommune. Gardane Eitorn, Hella, Flæte og Rud gjekk til Balestrand. I 1964 vart dei same gardane førde tilbake til Leikanger.

Vel 300 m ovanom fossen går det ei gangbru over elva i ein merka tursti frå Hella, om stølen Skoparsete og ned til Skjeret. Nedover frå brua følgjer elva ei smal glovre i berget der ho dannar eit par små fossetryk og ein høl i eit litt opnare lende før sjølve storfossen. I berget her er det hogge inn eit grensemerke mellom dei to gardane, ein kross med 2-3 cm djupe borehol i kvart endepunkt.

Fangstfelle

Utanom grensemerket i berget øvst oppe er det eit par andre fár etter folk og utnytting av vatnet og staden. Under ein liten heller ligg ei dyrefelle laga av to flate steinar. Den øvste steinen vart sett opp på skrå av tre pinnar, den eine med åte på. Når ein mår eller røyskatt reiv i åta, datt fallsteinen ned. Det lokale namnet på ei slik felle er knottafedle. Enno ligg det att eit lite stykke av trepinnane.

Vedtransport på løypestreng

Ein stubb rusta tjukk streng ligg att som spor etter vedhogst under krigen 1940-1945. Folk tok fram ved i utmarka ovanom fossen. Dei sende veden på løypestreng ned til fossestupet, og herifrå vidare på ein løypestreng nr. 2 ned til fjorden. Ein pinsedag var dei ute for eit uhell. Flaumvatnet sopte med seg med ein god del opphoggen ved, som dei fekk eit svare strev med å samla opp att i sjøen.

Namnet - kvinneskapnad

Bygdeboka for Leikanger frå 1950 har noko om namnet. Det står:

"Kvinna vert lokalt uttala Kvinnao, og lokalkjende folk fortel at når elva har ei viss vassføring, deler vatnet seg på ein hammar nede ved sjøen slik at det kjem fram ein tydeleg kvinneskapnad, som tykkjest bera noko på ryggen. Ingen grunn til å tvila på dette. Når dei gamle rodde langs strendene, hadde dei augo med seg og var flinke til å sjå sermerkte ting. Det kunne vera flekkar i hamrar og svad som likna bilete av eitt eller anna - og det kunne vera steinar som hadde ei eller ann merkeleg form - det kunne vera elvar eller fossar som hadde nok sermerkt ved seg osv. - og ofte vart dette opphavet til namnet på staden. Me har mange døme på sovore.
Når det gjeld Kvinna, so har eg [bygdebokforfattaren Per Bøthun] tala med folk som har vore heldige og sett kvinneskapnaden i fossen der når vassføringi i elvi har vore passeleg stor. Om det vert høve til å sjå det no heretter, er ikkje so godt å vita. Då dei bygde vegen Leikanger-Hella og la bru over elvi der, var det mykje skyting på staden, og kanskje kan det ha brigda elvelaupet slik at kvinneskapnaden aldri kjem til syne meir."

Segn

Bygdeboka fortel også om ei segn knytta til Kvinnefossen:

"Det har ofte lett for å knyta seg segner til slike namn, og her fortel segni at ei budeie ein gong fall i elvi og vart førd utfor fossen og sette livet til. Ho bar ein holk på ryggen, og det er denne budeia som syner seg att i fossen av og til og har holken på ryggen, seier segni."

Ei anna tyding av namnet

Somme vil ha det til at namnet Kvinna og Kvinnefossen ikkje har noko med kvinnfolk å gjera. Det kjem av det gamalnorske ordet kvin, som tyder pipande lyd. Elva eller fossen, Kvinnefossen, lagar ein kvinande lyd.

Oppsummering

Kvinnefossen er ein stogg verd, - på vegvesenet sin rasteplass ved brua, på fjorden, eller ved turstien i terrenget ovanom fossen. Fossen har mykje spennande å by på, både av natur og kultur.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogn og Fjordane 15.05.1956.
Bøthun, Per H.: Leikanger bygdebok. Gardssoga. Bind 1, s. 497-498, Leikange bygdeboknemnd, 1965.
Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus amt. Del 2. s. 201. 1901.
Opplysningar frå:
Mikkel Sjur Eithun, Leikanger.
Ola A. Vestreim.

PERMANENT IDENTIFIKATOR