Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. mars 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Snøbrøyting på Gaularfjellsvegen



Det knytte seg store forventningar til vegsambandet over Gaularfjellet etter opninga i 1938. Det var difor viktig å få vegen farbar så fort råd var etter vinteren, men under og like etter krigen var ikkje vegvesenet i stand til å skaffa utstyr for å opna Gaularfjellsvegen. Vegen måtte difor mokast med handemakt.

Snømåking på Gaularfjellsvegen våren 1949. Dei begynte på toppen og grov seg nedover. Når dei kom så langt at dei ikkje greidde å hiva snøen over kanten, måtte dei få hjelp frå ein ekstra mann. Då laga dei ei hylle i brøytekanten. Der stod det ein mann og tok i mot og heiv snøen vidare opp over kanten.

Snømåking på Gaularfjellsvegen våren 1949. Dei begynte på toppen og grov seg nedover. Når dei kom så langt at dei ikkje greidde å hiva snøen over kanten, måtte dei få hjelp frå ein ekstra mann. Då laga dei ei hylle i brøytekanten. Der stod det ein mann og tok i mot og heiv snøen vidare opp over kanten.

Eigar: Gunvor Langeteig

Datering: 1949

Fotograf: Ukjend

Pengar å tena

Då vegvesenet sine folk ikkje sjølv greidde å opna vegen, sette dei inn ein fast arbeidsstokk frå Viksdalen og Vetlefjorden. Det var slik at kvar vegvaktar og oppsynsmann fekk høve til å ta inn folk til snømokinga. 15-20 mann frå kvar bygd fekk såleis arbeid som snømokarar. Markus Eiken frå Vetlefjorden har fortalt om denne arbeidsoppgåva som han hadde i ungdomsåra. Sjølv om det var hardt arbeid var det stor stas å få komma med blant snømokarane, ei tid det elles ikkje var særleg anna arbeid å få. Timelønna låg mellom kr. 1,25 og 1,50. For ungutane var det ei uhorveleg dagsløn på rundt 12-15 kroner. Arbeidet kunne vara opp til 30-40 dagar kvar vår. Så trass i det harde arbeidet var det "reine paradiset", fortel Markus Eiken.

 

 

Hardt arbeid

Dei møtte opp med "nyslipt" spade, niste og gamle kle. Dei vart frakta med lastebil opp til dei første svingane, der dei vart fordelte i arbeidslag. 4-5 mann jobba på kvar strekning. Dag etter dag, veke etter veke dreiv dei på under svært skiftande verforhold. Ein dag var det blenkjande sol, og gutar og menn sto oppetter fjellsida i oppbretta skjorteermar med solsvidde fjes. Så var det dagar med gråver og skodde, og det hende ikkje så sjeldan at det var snø og snøstorm slik at dei måtte gjera vendereis.

Molding

Den vanlege metoden for snømoking var å molda snøen. Det vil seia at det vart kasta jord utover snøen slik at den smelta fortare. Molda vart samla saman om haustane og breidd over med sekkar så ho ikkje skulle frysa. Dei vande vegkarane spreidde molda der veglina gjekk. Det gjorde dei om kvelden og natta på skareføre. Gutungane måtte dra kjelkane med mold opp gjennom vegen. Det var tunge lass dei drog. Om dagane hadde dei fri. Då sov og åt dei i hytta som vegvesenet hadde på Slindeneset, midt på Nystølsvatnet.

 

Nye metodar

Di lenger opp mot Nystølsskardet dei kom di meir snø vart det, og vanskelegare vart det å hiva snøen opp frå vegen. Det var vanleg å gå fram lagvis og la snøen synka saman før ein spadde opp neste lag. Ein smart bonde fann ein dag opp ein god patent. Han tredde ein plankebit med tre hol inn på tindane på ein høygaffel slik at bøygen på gaffelen vart eliminert. Nokre skar laus snøstykke, som deretter vart kasta opp med høygaffelen. Slik kom det etter kvart mange høygaflar i bruk under snømåkinga.

Snøtunnel i Nystølsskardet

Ein vår var det så mykje snø i Nystølsskardet at ingeniøren gav beskjed om at det skulle gravast tunnel. Kjelkelass på kjelkelass vart dregne ut og tippa utfor kanten. Etter mange dagar med arbeid var tunnelen ferdig. Like etter at tunnelen vart "opna" gjekk ein av syningane opp på taket. Ein ung gut ville losa syningen (syning=oppsynsmann)vel fram, men resultatet var at syningen gjekk beint i gjennom tunneltaket og hamna ned på vegen.

 

kjelder:

Gulleplet 1978-2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR