Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. november 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sogn og Fjordane på landsregatta i Stavanger



"Ei blott til lyst" var mottoet for landsregattaen i Stavanger i 1868. Arrangørane ville samla alle båttypane langs norskekysten for å finna fram til den eller dei som var best. I første rekkje kom fiskebåtar, deretter losskøyter, skipsbåtar og andre robåtar. Fire båtar frå Sogn og Fjordane blei premierte. Bjørnstjerne Bjørnson skreiv songen "Den norske Sjømand" til "baadstevnet".

Robåtar i regattaen. Krigsskipet "Nornen" var regattaskip.

Robåtar i regattaen. Krigsskipet "Nornen" var regattaskip.

Eigar: I Stavanger Museums årbok 1956

Bruksbåtar
I 2007 er ordet regatta knytta til fritidsaktivitet, - seglbåtar i konkurranse der vinnaren er førstemann over mållinja. Landsregattaen i Stavanger 1868 var heilt annleis. Fritids- og lystaspektet var heilt underordna. Regattaen omfatta berre bruksbåtar; til dømes garnbåtar for vårsildfiske, notbåtar, makrellskøyter og losbåtar. Det vart konkurrert både i segling og roing, og ved rangeringa vart det ikkje berre teke omsyn til plassering på resultatlistene, men og til eigenskapar ved båten så som sjødugleik og korleis båten var bygd i høve til bruksfunksjon.

Vestlandsbåten og nordlandsbåten
Dei norske fiskebåtane på midten av 1800-talet vert gjerne delte inn i tre hovudgrupper, den austlandske på strekninga vest til Egersund og den vestlandske og nordlandske på resten av kysten. Dei vestlandske og nordlandske båtane var bygde av breie og tynne bord festa med jernnaglar. Dei var etter måten lange i høve til breidda. Vanlegvis var lengda 4-5 gonger breidda. Båtane hadde keipar med vidjeband eller hamleband.

Vestlandsbåtane kan delast inn inn i seks grupper: hardangerbåten frå Egersund til Fedje, sognebåten og nordfjordbåten frå Fedje til Stad, sunnmørsbåten frå Stad til Ona, nordmørsbåten frå Ona til Nordsmøla og åfjordbåten frå Nordsmøla til Vikna.

Storslagen opning
I ein artikkel om regattaen i Stavanger Museums Årbok 1956 skildrar forfattaren opninga med følgjande avsnitt:

"Søndag 2. august ble regattaen åpnet. Kirkeklokkene ringer og kanonene tordner. Om ettermiddagen prosesjon med 25 [grader] Celsius i skyggen - toget går fra Parken gjennom Kirkegaten, Holmegaten, Skagen, og over Torget til tribunen på Kongsgård. Først skarpskytterne som hadde fått sitt korps året før, så musikantene, byens loser med nordiske flagg, svenske og norske matroser, regattakomiteen, dommerne, juryen, magistraten (..)

I Kongsgårdshaven foretar amtmann Morgenstierne den høytidelige åpning og telegrammer fra konge og kronprins blir lest. Gjennom en portal i gotisk stil kom man inn i hovedgangen som dannet gassarkade med et endeparti der man så en båt for fulle seil, alt i ildkontoure."

Mange tilreisande
Folkebladet (illustrert vekeblad) melde etterpå om at det kom tilreisande frå heile landet, og at byen og hamna var sterkt prega av båtar og båtfolk. "Under hele Regattatiden [3. - 8. august] har Stavanger været i en forandret, halv ukjendelig skikkelse, idet alle Slags Fremmede har indfundet sig i talrig Mængde, og de almindelige Forretninger har været afbrudt af Kapseiling og Feste."

Sogn og Fjordane - gode plasseringar
Det var hard konkurranse. Då påmeldingsfristen var ute 15. juli, var 285 båtar påmelde. 195 møtte opp, men nokre båtar deltok i fleire klassar, slik at talet på konkurrerande båtar var 244. Me kjenner ikkje til kor mange båtar som var med frå Sogn og Fjordane, men me veit at tre båtar nådde opp blant dei aller beste i sine klassar. Den offisielle premielista er sett opp med følgjande opplysningar: a) klasse, b) plassering, c) byggmeister (båtbyggjar), d) førar, e) eigar og f) hovudkarakter. Premievinnarane frå Sogn og Fjordane på lista er desse:

1) a) Alle slags båtar for fire årar - roing, b) 1., c) N.N. Nordfjord, d) Endre Trulsen, e) Ph. A. Mjømen, f) 100.

2. a) Alle slags båtar for 5 - 10 årar, b) 3., c) Mathias Ousevig, Kinn, d) Rasmus Høvik, Florø, e) Elias Axelsen Høvik, Kinn, f) 94,5.

3. a) Alle slags båtar for 5 - 10 årar, b) 5., c) N.N. Nordfjord, d) Claus Olsen, e) O.O. Børholmen, Eivindvik, f) 93,5.

Kommunalt tilskot
Seinhaustes 1867 sende Regattakomiteen to trykksaker til kommunane om regattaen sommaren 1868. Nytteaspektet ved regattaen kjem tydeleg fram ved at det vart ytt kommunale tilskot.

Kommunestyret i Askvoll hadde ei regattasak føre i møte 2. juli 1868. Det vart løyvd 10 spesidalar (spd.) til deltaking, - 5 spd. til to deltakarar. Seks menn vart oppmoda om å søkja: Jens Askevold, Clemet Eid, Mons og Einar Færø, Gunnar (Gunder) Follevaag og (uleseleg førenamn) Gjere. Dersom det melde seg fleire enn to, var det opp til ordføraren, presten Christie, å avgjera kven som skulle få tilskot.

I Gloppen søkte landhandlar Juell kommunestyret om tilskot på 15 spd til å senda ein "Nordfjordbaad". Regattakomiteen hadde løyvt 40 Spd. Kommunestyret vedtok at dersom Stavanger-tilskotet ikkje skulle strekkja til, ville kommunen gå inn med 10 spd.

kjelder:

Norsk Folkeblad. 19.09.1868.
Stavanger Museums Årbok. 1956.
Kommunearkivet for Askvoll:
Formannskapet, møtebok, 1837 - 1869
Kommunearkivet for Gloppen:
Formannskapet, møtebok, 1838 -1881

PERMANENT IDENTIFIKATOR