Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Dei gamle vetane i Selje



Kveikte vetar var i gamal tid eit varslingssystem for å melde om at fienden var på veg. I ufredstider skulle vetane vere klare til å tennast, og det vart sett ut vetevakter som skulle ha ansvaret for dette.

Revjehornet på Stadlandet. Veten her var synleg rundt Vanylvsfjorden og til Vakthusbakken på Åheim.

Revjehornet på Stadlandet. Veten her var synleg rundt Vanylvsfjorden og til Vakthusbakken på Åheim.

Eigar: Selje kommune.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Varslingssystem i fleire hundre år

Det var Håkon den gode (konge i Noreg på 900-talet) som delte kysten inn i skipreider og sette reglar for leidang og landevern. Det vart bygd vetar av brennbart materiale med jamne mellomrom langs kysten, og i ufredstider vart vetane kveikte for å varsle at fienden var på veg. Dette systemet for ufredsvarsling var stort sett i bruk heilt fram til 1814, då kystsignalstasjonane overtok.

Vetane i Selje

Selje tilhøyrde Stad skipreie som omfatta Selje, Vågsøy og Rugsund. I Selje skal det ha vore vetar på Ilshaugen på Selja, Vetenakken på Dragseidet, Veten på Kjerringa, Storevarden mellom Årvik og Honningsvåg og på Revjehornet.

Så langt desse vetane var oppretta då, vart dei i 986 tende for å mobilisere leidangen mot jomsvikingane. Folk frå Selje samla seg då under Ragnvald frå Ervik og var med i slaget ved Hjørungavåg. Vi veit ikkje om vetane var tende under sjuårskrigen 1563-1570, då leidangen på Vestlandet var ute to gonger. Men 3. mars 1564 lyste vetane langs kysten for å mobilisere mot ein svensk hær som hadde teke seg inn i Trøndelag. Siste gongen dei norske vetane vart brukte til å varsle om fiendeinnfall, var i ufredsåra 1807-1814. Den 23. juli 1810 lyste vetane i Selje for siste gong i ufredstid.
Nyttårskvelden 1999/2000 brann igjen dei gamle vetane i Selje, slik dei gjorde over heile landet, men denne gongen bar ikkje elden bod om ufred.

Gløymde fyrtøyet

Langs kysten vart det i ufredsåra 1807-1814 organisert eit landevern av våpenføre menn. Stadlandet vart lagt til "Søndmørs Kystverndivisjon", men i Selje vart soknepresten Gabriel Heiberg divisjonssjef og fekk ansvaret for vetane. Til å verne leia og eskortere skip rundt Stad, vart det på Silda stasjonert ein norsk flotilje av to kanonskonnertar med dansk sjef.
Søndag 22. juli 1810 kom engelske gastar i land i Ervik. Dagen etter, 23. juli, stemde engelskmennene inn Sildegapet. Presten Heiberg, som ikkje var militær og ikkje hadde røynsle med slike operasjonar, var ikkje snar nok til å mobilisere og gje bod om at vetane skulle tennast, og til overmål hadde vetevakta på Ilshaugen gløymt fyrtøyet! Det kom til batalje mellom engelskmennene og den norske flotiljen, nordmennene vart tekne til fangar og seinare førte til England.

Seljepresten for krigsrett

Den 1. oktober 1810 vart soknepresten stilt for krigsrett og dømd til ei bot på 500 dalar, som var om lag verdien av to gardsbruk. Han vart dessutan pålagd å aldri søkje seg eit prestekall som var betre lønna enn det han hadde. Alle som seinare har granska saka, har vore samde om at dette var eit justismord, og Heiberg fekk trass alt eit godt ettermæle. I 1817 skreiv biskopen at Heiberg "har en særdeles klar og velklingende stemme, ædel anstand og passende armbevegelser. I en ensom avkrog ere nedgravet et talent, der vilde glimre i hovedstaden".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Os, Edvard: Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Band 1.
Berge, Ragnvald: Siste gongen vetar varsla ufred i Selje. I Årbok for Nordfjord. Sandane 2000.
Harbitz, G. P. o. fl.: Den norske leidangen. Overkommandoen for sjøforsvaret. 1951.

PERMANENT IDENTIFIKATOR