Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Losnariddarane - viktige brikker i rikssoga



På 1300- og 1400-talet var Losna sete og utgangspunkt for ei av dei rikaste og mektigaste ættene i landet. Økonomisk sans, politisk teft og total lojalitet, opna vegen heilt til topps hjå kongemakta.

Frå Losnaspelet, med Henning Rivedal som riddar Einride Erlendson. Spelet vert framført på Kyrkjeneset. T.h det staselege våpenskjoldet til Losnaætta.<br />
Kulturarrangementet på Losna går over 2-3 dagar og er bore fram av ein imponerande dugnadsinnsats, med Kåre M. Losnegard i spissen.

Frå Losnaspelet, med Henning Rivedal som riddar Einride Erlendson. Spelet vert framført på Kyrkjeneset. T.h det staselege våpenskjoldet til Losnaætta.
Kulturarrangementet på Losna går over 2-3 dagar og er bore fram av ein imponerande dugnadsinnsats, med Kåre M. Losnegard i spissen.

Eigar: Kåre M. Losnegard.

Datering: 1998.

Fotograf: Kari Hamre.

Lita øy - mektig ætt

Losna, den austlegaste av Solundøyane, er ei fjelløy med få plassar for busetnad. Men på austsida flater det seg ut ei slette stor nok til ei lita grend. Det var herfrå den mektige Losna-ætta hadde namnet sitt.

Den første me kjenner i Losna-ætta, er Filipus Erlendson frå Osland i Bjordal. Han levde først på 1300-talet og flytta til Losna, truleg pga. giftarmål med Ingebjørg Erlendsdotter. Det er sonen deira, Erlend Filipusson til Losna, som for alvor stig inn i den norske riksstyringa. Han vart riksråd i 1369 og er i åra etter fehirde, eller finansminister, og i 1405 sit han som lagmann for heile Gulating-området.

Adelskap og nasjonalt ry

Tredje leddet, Einride Erlendson, nådde vidast. Dronning Margrete samla alle dei tre nordiske landa under sitt eige personlege styre. Makt fekk ho ved å løne sterkast dei mest lojale, og Einride var hennar store favoritt. Einride vart slått til riddar i 1397 i Kalmar, som takk for innsatsen med å få i hamn tre-riksunionen. Han vart høvedsmann først for Akershus, seinare Tunsberghus og så i Bergen. Vidare hadde han sysselmannsombod på Møre, i Ryfylke og på Agder, dessutan mange utarikspolitiske oppgåver.

Når ætta kunne stige til toppen av makteliten på berre to generasjonar, kom det nok av dugleik. Men og av di dei såg at det nye, fellesnordiske, var vegen som førte dei fram og opp.

Kamp om arven

Erlend Einrideson skulle så føre slekta vidare. Han vart medlem i riksrådet slik faren og farfaren hadde vore, og vart slått til riddar. Han hadde ikkje søner, og dotter hans døydde barnlaus etter to ekteskap. Mesteparten av det veldige Losnagodset, som i si tid utgjorde 1/24 av all skyldsett jord i Noreg, kom i 1539 etter slektsband - og dom - over på Rosenkrantz-ætta.

Losna låg så sentralt og strategisk til at det i seg sjølv kunne gje grunnlag for makt og posisjon. Herfrå kunne ferdsla på Sognefjorden, dels nord/sør langs kysten, kontrollerast. Like ved ligg Tollesundet, namnet kan tilseie at nord- og sørgåande farty måtte betale toll her.

Ingen sikre spor

Den mektige ætta har likevel ikkje sett synlege, sikre spor etter seg på Losna. Sjølve riddarane kunne vel neppe sitje heime på hovdingsetet heller, og noka arkeologisk utgraving har hittil ikkje funne stad. To mektige steinheller, Bårehella oppe i tunet og Torsbordet ved sjøen er kanskje minne etter stordomstida. Likeeins namnet Bussevika (ei bussa: stort, breitt skip). På Kyrkjeneset kunne biskop Neumann i 1820 enno sjå spor etter kyrkja og nokre graver. Kyrkjehuset, som er nemnt i 1360, kan ha vore eit huskapell for adelsætta på Losna. Og kan ein diger stein i eit gråsteinsgjerde nær Bårehella vere rest etter eit bygg?

Losnaspel på Kyrkjeneset

Ætta har seinare spreidd seg over det meste av landet, og mange av desse, saman med andre, finn vegen til øya kvar gong Losnaspelet vert framført. Det er forfattar og dramatikar Rolf Losnegård, sjølv med røter frå Losna, som har skrive det historiske kjærleiksdramaet Herr Einride til Losna. Innhaldet er lagt til 1300-talet og er vevd kring historiske og tenkte personar som stod Einride nær.

Øya, ein gong hovudsete for ei av våre rikaste ætter, har i seinare år kjempa mot fråflytting. Hyttebygging og tilrettelegging for turisme, bl.a. med ferjestopp, har vore med å halde busetnaden og optimismen oppe.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Losnegard, Kåre M.: Losna-ætta - eit dynasti i Sogn. Artiklar i Sogn Dagblad 30/31.12.1993.
Thue, Johs. B.: Artiklar om Losna-ætta i Sogn Dagblad juli 1995 og Ytre Sogn juli 1998.
Kleiva, Ivar: Losna i fortid og notid. Om Losna og opphavet til Losna-ætta. I Historielaget for Sogn. Årbok, nr. 21. 1964.

PERMANENT IDENTIFIKATOR