Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. november 2006

Sist oppdatert 29. mars 2022

Kommune

Rå-data

Gravminne frå mellomalderen i Ortnevik



Det ligg eit minst 800 år gamalt gravminne på kyrkjegarden i Ortnevik. Kyrkja stod ferdig i 1925. Kyrkjegarden vart teken i bruk nokre år før. Me kjenner ikkje til at det har vore verken kyrkje eller gravstad i Ortnevik i tidlegare tider. Kva er forklaringa?

Mellomaldergravminnet ved Ortnevik kyrkje 2006. Steinen ligg heilt plant med bakken, og det er teikn til overgroing.

Mellomaldergravminnet ved Ortnevik kyrkje 2006. Steinen ligg heilt plant med bakken, og det er teikn til overgroing.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Gravminnet

Det merkelege gravminnet ligg plant med bakken i det sørvestre hjørnet av kyrkjegarden, like ved hovudinngangen til kyrkja. Steinen er 185 cm lang og svakt trapesforma, 71 cm i øvre enden og 52 cm i nedre. Tjukna er 8 cm.

På steinen er ein kross i profil og frå nedre armen går ein profilert stav nesten ned til enden av steinen.

Bergarten

Steinen er gråblå og har heilt tydeleg "knudret" overflate. Bjørn Falck Russenes, fylkesgeolog i Sogn og Fjordane, fekk rundt 1999 tilsendt eit bilete av gravsteinen, og gav på grunnlag av dette fylgjande uttale:

"Biletet syner at steinplata er ein grovkorna kyanittførande granatglimmerskifer. Utsjånad og mineralinnhald er av ein slik karakter at det er god grunn til å tru at steinen har sitt opphav i Hyllestad."

I Hyllestad finst ein kyanittførande granatglimmerskifer. Kvernsteinar av denne bergarten er særs veleigna for kornmaling. Fagfolk reknar med at dei tok til å laga kvernsteinar for sal på 700-talet. Aktiviteten var størst frå midten av 1000-talet til ut på 1300-talet. Andre produkt var steinkrossar, ljoresteinar, steinkar, døypefontar og gravheller.

Dørhelle

Gravminnet er av ny dato på kyrkjegarden. Anders Øvrebø fortel i heftet Ortnevik kyrkje 75 år at steinen vart oppdaga våren 1958 då dei reiv huset etter major Georg Fasting. Steinen låg som dørhelle, med framsida ned. Dei køyrde han bort til ei røys ved elva. Der vart han liggjande til presten Øritsland kom til Lavik som kapellan. Då han høyrde om steinen, "beordra" han hella transportert til kyrkjegarden. I ei gudsteneste 4. juni 1972 vart det markert at det eldgamle gravminnet no var kome på ein meir høveleg stad.

Fastingsgarden

Garden Nedre Tune vert kalla Fastingsgarden. Slekta Fasting kom til Fresvik (Vik kommune) då major Georg Frederich Christopher Fasting (1775-1821) kjøpte Nedre Thune i 1789. Etter han fylgde sonen, oberstløytnant Johan Jakob Fasting. Han dreiv stort og allsidig, med sagbruk kvernbruk og lakseverp. Nedre Tune gjekk ut or Fastingslekta med Christian Fasting, sonesonen til majoren. Øvrebø fortel at ei gamal drengestove skal vera frå omlag 1840. Han fortel og at då dei reiv hovudbygningen, kom det til syne "eit veggmåleri". Det høvde godt med kva som hadde vore fortalt, at materialane i hovudbygningen hadde vore brukt i ei kyrkje i Fresvik.

Mange spørsmål

Øvrebø lurer på kor gravhella kan ha kome frå? Som offiser var Johan Jakob Fasting på opphald i Bergen. Kan det vera at han fekk fatt i gravhella i Bergen? Eller kan ho ha kome frå Fresvik? Eller var det den første Fasting som hadde ho med seg til Ortnevik?

Sokneprest Thor Pundsnes spekulerer og kring mysteriet i det same kyrkjesogeheftet. Han resonnerer ut frå to ting, at hella er hoggen i Hyllestad og gravskikkane. Etter som alle måtte gravleggjast i vigsla jord, må ho ha vorte frakta til ein ukjend kyrkjegard. Via ukjende omvegar har ho på ein eller annan måte kome til Ortnevik. Kanskje var det major Fasting som la ho opp ned til dørhelle då han bygde huset sitt i 1798. Ingen veit noko sikkert. Gravhella "ligg der taus", skriv Pundsnes, "og talar sitt eige språk, om døden, gamle gravskikkar og haldningar til døden i landet vårt".

Tidlege gravminne etter at kristendommen vart innførd

Kristendomen braut skikken med å gravleggja dei døde nær bustaden. No skulle alle døde gravleggjast på kyrkjegard. Dei mest privilegerte vart jamvel gravlagde inne i kyrkja. Dei utstøytte, mordarar og folk som hadde teke sitt eige liv, vart nekta å koma i vigsla jord. Det var streng straff for å bryta lovpåboda om gravleggjing.

Berre dei mest velståande ordna seg med gravminne. Ein liten del er tekne vare på. Dei eldste var plateforma, utan skrift, og dei var berre forsynt med kross, ornament eller bilete. Ein tenkjer seg ei førestelling om at krossmerket skulle vera til hjelp for den døde på ferda i dødsriket. Dei liggjande gravminna heilt nede på bakken skulle førestilla loket på kista til den døde. I nokre tilfelle vart det bygd opp ein sarkofag, ein karm som endå tydelegare synleggjorde kista. Gravhella vart då lóket på sarkofagen.

Datering

Forma på gravhella i Ortnevik og dekoreringa plasserer ho mellom dei eldste. Kunsthistorikar Marit Nybø har datert ein liknande stein utanfor Oddernes kyrkje i Kristiansand til om lag 1200. Ho byggjer på to kjennemerke, a) steinen er plan og trapesforma, b) steinen er dekorert med liljefigurar.

Ortneviksteinen har same form som Oddernes-steinen, men er enklare dekorert. Han kan difor vera minst like gamal eller jamvel eldre, dvs. over 800 år gamal.

Tre andre i indre Sogn

Tre andre gravminne frå middelalderen i Luster, Årdal og Lærdal byter seg ut frå Ortneviksteinen ved form og dekor. Dei er yngre. På kyrkjegarden ved Fet kyrkje i Luster ligg ein avrunda stein med ein solkrossforma stein i eine enden (gavlstein). Ved kyrkja på Årdalstangen har dei sett mellomaldersteinen sin opp i loddrett stilling ved kyrkjegardsmuren. Steinen har innskrift. Han ber namnet Dagfinnsteinen. Ein stein frå Tønjum er oppbevart i Historisk Museum i Bergen.

kjelder:

Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder. Band V, 1960.
Ortnevik kyrkje 75 år. 2000.
Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik. Band III, bygdesoge. 1978.

PERMANENT IDENTIFIKATOR