Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. juni 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Rå-data

Særeige gravminne i Lavik



I Lavik har dei eit gravminne som skil seg ut frå dei andre. Det er kanskje det eldste på kyrkjegarden og det ligg som dørhelle i kyrkjetrappa. Innskrifta er framleis såpass lesbar at det let seg gjera å koma fram til kven si grav steinen i si tid truleg markerte.

Inngangstrappa til Lavik kyrkje. Den ytste steinen på øvste trappetrinnet går over heile breidda. Det er ein kring 200 år gamal gravstein.

Inngangstrappa til Lavik kyrkje. Den ytste steinen på øvste trappetrinnet går over heile breidda. Det er ein kring 200 år gamal gravstein.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Stor stein

Kyrkja i Lavik vart vigsla i 1865 og er ei av tre åttekanta kyrkjer i fylket. Våpenhuset ligg i vest. Inngangstrappa er låg. Ho er laga av tre trappetrinn, og det er brukt tilhoggen stein av fleire sortar steinslag.

Den ytste steinen i det øvste trappetrinnet går over heile breidda. Han er kring 2 m lang, 60 cm brei og 7 cm tjukk (alle mål er ca). Steinen er av ein lys finkorna bergart.

Gjenbruk

Dei som i si tid laga inngangstrappa, har mykje truleg samla høveleg stein dei fann i nærleiken. Den store steinen i øvste trappetrinnet er eit godt døme. Det er ein gravstein som det er lett å tenkja seg ein eller annan gong vart sett til sides på kyrkjegarden ein stad. Steinen var som skreddarsydd for den nye inngangstrappa.

Innskrifta

Det står innhogge tal og bokstavar på steinen. Innskrifta på tre liner står i eit rektangulert, opphøga felt. Det står:

OISS
.. NO
1795

Kven si grav?

Let det seg gjera å finna ut kven som gøymer seg bak bokstavane og tala? Det gjer det. På den tida var det vanleg å forkorta eit personnamn til fire bokstavar. Me finn ofte forkortingsmåten på bruksgjenstandar som til dømes skåp, kister og skrin. Den første bokstaven var første bokstav i førenamnet, den andre og tredje to bokstavar i farsnamnet (patronymikon) til dømes Hansson, Hanssøn, eller Hansdotter, Hansdatter, og den fjerde namnet på garden, staden, vedkomande budde, til dømes Kleppe. Den første, andre og fjerde bokstaven varierte, mens den tredje var enten s (son - mann), d (dotter - kvinne).

Denne formelen brukt på innskrifta på Lavik-steinen seier oss at me har å gjera med ein mann (tredje bokstav s), at førenamnet byrjar på O, farsnamnet byrjar på I eller J (desse to bokstavane vart lenge brukte om ein annan) og bustaden, i røynda ei adresse, ofte eit gardsnamn, byrjar på S.

.. NO står for ANNO, år. Årstalet 1795 er det rimeleg å rekna med står for dødsåret.

På leit etter OISS

Det er i første omgang to stader å gå på leiting, 1) i bygdeboka for Kyrkjebø og Lavik, 2) i kyrkjeboka for Gulen (Lavik høyrde i 1795 til det store Eivindvik prestegjeld). Me går først til kyrkjeboka, som i 2008 er tilgjengeleg digitalt på nettstaden til Digitalarkivet. Det er liketil å navigera seg fram til "døde og begravede" i 1795. Ei av innførslene passar:

"Den 7de Februari begravet Mand Ole Johannessøn Soleim gl. 67 aar gravfestet den 6 april"

Uthevar me fire bokstavar i "Mand Ole JohannesSøn Soleim", får me, skrivne med store bokstavar: OJSS, for Ole Johannesson Solheim.

Bygdeboka Ættebok for Lavik (1983), viser at det i Lavik er ein gard Solheim, gnr. 77 i Høyanger. Garden ligg på 383 moh nord frå Lavikdalen. I brukarrekkja finn me under nr. 305 oppført at Brita Hansdotter vart gift 2. gong med "Ole Johannesson Tuland Fjaler", i parantesar står: "(1722-1795) (sjølveigar)". "Tuland Fjaler" vil seia at mannen kom frå Tuland i Fjaler. Etter at han kom til Solheim, blei den nye adressa (etternamnet) Soleim eller seinare Solheim.

Resultat

Etter dette kan me rimeleg sikkert oppsummera med at gravsteinen i inngangstrappa til kyrkja i Lavik i si tid var gravsteinen på grava til gardbrukaren Ole Johannesson frå Solheim. Årstalet 1795 står for eit dødsår. Derimot står det ikkje som sikkert årstal for når gravsteinen vart laga. Det kan ha skjedd same året, eller det kan ha skjedd eitt eller fleire år etter at Ole J. Solheim vart gravlagd.

Uvanleg gravminne

Gravminne på kvarmanns grav er av etter måten ny dato. Fram til byrjinga av 1900-talet hadde ikkje folk flest råd til å setja opp store og påkosta gravminne, og det var praksis å bruka gravene om att og om att.

Dei eldste gravminna på kyrkjegardane er vanlegvis knytte til embetsfolk og rikfolk. Det er lite å finna av gravminne på graver til folk frå allmugen. Difor er det kring 200 år gamle gravminnet i kyrkjetroppa i Lavik ekstra interessant. Det stod ein gong på grava til ein "almuesmann".

Kvifor Ole J. Solheim fekk eit såpass stort og påkosta minne på grava si kan me berre spekulera omkring. Kom det av at han sjølv hadde ynskt seg eit gravminne som synte godt igjen, eller var det ein eller fleire av etterkomarane som ville ha det slik? Og kvifor ville dei i tilfelle det?

Vern

Ein kan undra seg over at eit 200 år gamalt gravminne i 2008 blir brukt som dørhelle. Ville det ha skjedd om innskrifta var 11 runeteikn? Eller, ville nokon ha kome på å bruka ein nyare gravstein til dørhelle, ein stein med namn og årstal på ein person folk veit kven er? Ville eit trestykke med påmalte "eldgamle" bokstavar og tal blitt lagt ned som dørstokk? Eller ville me ha kasta eit papir med denne innskrifta?

Då dei reiv den gamle kyrkja på Årdalstangen i 1860-åra, fann dei ein gravstein frå mellomalderen som hadde vore brukt som fundamentstein. Dei tok vare på steinen. No står han oppsett attmed kyrkjegardsmuren som eit særs interessant kulturminne, med informasjon ved sida.

kjelder:

Torvund, Anders O.: Ættarbok for Lavik. 1983.
Digitalarkivet. Scanna kyrkjebøker, Eivindvik prestegjeld, Ministerialbok.

PERMANENT IDENTIFIKATOR