Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 11. august 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Om Bremanger Spareforening – frå landhandel til romutleige



År 2016: - BREMANGER SPAREFORENING står det med store bokstavar på eit hus i Kalvåg. Bremanger Spareforening var i mange år assortert landhandel med bakeri. Lokalt vart butikken kalla «Freningja». Paul Fosse tok over i 1958. Han dreiv handel til midt på 1980-talet. Kring 1990 vart heile huset renovert, og kort tid etter teke i bruk som overnattingsstad.

Huset (til venstre) vart bygd i 1908 og inneheldt i fleire ti-år assortert landhandel, bakeri og husvære. Paul Fosse kjøpte firmaet i 1958 og dreiv landhandelen til midt på 1980-talet. Nokre år seinare vart huset totalrenovert og ombygd til overnatting. I år 2016 er Bremanger Spareforening eitt av fleire hus i reiselivsbedrifta Knutholmen AS, med Svein Inge Fosse som primus motor.

Huset (til venstre) vart bygd i 1908 og inneheldt i fleire ti-år assortert landhandel, bakeri og husvære. Paul Fosse kjøpte firmaet i 1958 og dreiv landhandelen til midt på 1980-talet. Nokre år seinare vart huset totalrenovert og ombygd til overnatting. I år 2016 er Bremanger Spareforening eitt av fleire hus i reiselivsbedrifta Knutholmen AS, med Svein Inge Fosse som primus motor.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2016

Fotograf: Hermund Kleppa

Årstalliste

Bremanger Spareforening (BS), assortert landhandel, Kalvåg:
Først på 1870-talet – Bremanger Spareforening grunnlagt
1874 – eit eldre hus rive og nytt hus sett opp på same staden.
1908 – nytt hus, noverande (pr. 2016), stod ferdig på same staden som det gamle
1958 – Paul Petterson Fosse kjøpte BS – og dreiv forretninga vidare under namnet Paul Fosse – Landhandel – Skipshandel – Agentur.
1985 – slutt med handelen
1990 – heile huset renovert
1992 – teke i bruk til overnatting

Kva tid vart Bremanger Spareforening skipa?

Det verserer fleire årstal. Bremanger Spareforening sitt brevark, brukt år 1957, har påtrykt «Etabl. 1880». NRK sitt fylkesleksikon har årstalet 1871. Det går ikkje fram kva som er kjelde for dei to årstala. Ei kjelde til kunnskap om BS si historie er Norges Brannkasse sine takstprotokollar, for Bremanger, ført av lensmannen. Branntaksering vart halden når hus stod ferdig nybygde, etter påbygging/ombygging eller med jamne mellomrom, oftast kvart 10. år. Ein branntakstforretning har opplysningar om hus/bygning/ar, byggjemateriale, rom, vindauga, m.m. Den eldste takstforretninga til denne artikkelen er datert 1. desember 1874. I innleiinga står:

«Aar 1874 den 1ste December blev Ret sat på Kalvaag efter Forlangende af Bestyrelsen af Bremanger Spareforening at afholde Taxtforretning over det hersteds paa Kalvaag under Frøien yttre og nedre (…) opførte nye Hus (…) Handelsbetjendt Knudt Ytrehus mødte paa Spareforeningens Vegne (…)»

Av takstforretninga går det fram at det nye huset står på same stad som eit eldre hus, eit hus BS har kjøpt av ein mann med namn Melstvedt. Han eigde huset i 1868. Melstvedt-huset er no rive, og det nye er oppført på same staden. Det går ikkje fram av forretninga kva år BS hadde kjøpt huset, «et Salteri eller Søbod». Ut frå branntakstforretninga 1. desember1874 er det rimeleg sannsynleg å slutta at BS vart grunnlagt mellom 1868 og 1874. BS vart grunnlagt, kjøpte hus på sjølveigande grunn (av Melstvedt), brukte huset ei tid, reiv det og bygde nytt. Brevarket sitt årstal 1880 er feil. NRK-Fylkesleksikon sitt årstal 1871 kan godt vera grunnleggingsåret.

«På butikken hadde dei mest alt ein trong»

Solveig Nes, fødd 1920, voks opp på Steinset, eit par kilometer vest frå Kalvåg. Ho flytte til Kvam herad i Hardanger. År 2000 kom Solveig Nes ut med boka «Oppvekst ved havet.» Ein stad fortel ho om butikkane i Kalvåg.

«På Kalvåg var det fire butikkar: «Røysen» (Audun Røys), «Kjellbutikken» (Kjell Øvrebotten), «Frøyen» (Johannes Frøyen) og «Freningja» (Bremanger Spareforening). På butikken hadde dei mest alt ein trong, og dei som ekspederte var snare i snuen både bak disken og ute på lageret.

Vi handla mest på «Freningja». Bestefar Samson hadde aksjar der, og vi skreiv summen inn i boka hans. Han Store-Brekke var sjefen. Han hadde gull i tennene. Broren hans vart kalla Lisje-Brekke. Han Malvin i Ånnevika var «diskenspringar». Desse tre var i fullt arbeid med å ekspedere alle kundane som kom.

På disken stod vekta og kassapparatet. Ein rull med hyssing og grå posar i mange storleikar hang der og var nær for hand. Under taket hang lykter, lampar, kyralekkjer, hesjestreng, kjøpetresko og ymse reiskapar som trongst i heimen og i fiskebåtane. Ute på lageret vart parafindunken fylt. Sirupsfatet stod også der, og andre større vareparti.

Bak disken fanst alle skuffene med mjøl og gryn, sukker, salt, kaffibønner, kaffisukker (som vi kalla sukkerkonnj), kandis, rosiner, plommer og aprikoser. Krydderet var òg i laus vekt – i ei rad med små skuffer med namn på. I kvar skuffe låg det ei skuffel til å ause med. Her hadde dei pepar, kanel, kardemomme, allehånde, nellik, ingefær og søtekrydder til blodpølse.

Mor skreiv gjerne opp på ein lapp dei varene vi skulle kjøpe. Store-Brekke eller ein av dei andre auste opp til oss i ein høveleg pose, sette posen på vekta, fylte i meir eller tok av litt til den rette vekta var der. Eg såg på vekta. Oftast vart det nokre gram over – aldri under. På ein liten papirlapp, kjapt riven av rullen, noterte han prisen etter kvart. Blyanten hadde han bak øyret. Til sist rekna han saman og sa kva det vart til, og vi betalte. Varene la han opp i ein stor pose.

Under glaset bortmed veggen stod ein benk. Der sat dei gamle karane og fylgde med alt som gjekk føre seg. (…) I ei skuffe var det skråtobakk. Det var skorne fleire hakk i kanten på skuffa. Der målte dei lengda på tobakken alt etter prisen dei skulle kjøpe for. Snusen var i øskjer. Karane på benken var storforbrukarar – munnen deira gjekk støtt. På golvet stod spyttebakken. Oftast trefte dei, men ikkje alltid. Skiltet på veggen var godt synleg: «Spyt ikke paa gulvet.!»

Både Frøyen og Freningja hadde bakeri. Der laga dei brød av fleire slag, fine og halvfine langebrød og wittenberger, franskbrød, vørterbrød og bollar. Brøda rulla dei inn i grått papir og sette hyssing rundt. (…) Av søtsaker hadde dei gul og kvit kamferdrops, bringebærdrops og syrlege drops. Til og med peppermynte med «Jeg elsker deg» og «Kom i kveld» kunne kjøpast i laus vekt. På butikken hadde dei alt.»

Fleire kjelder «fortel»

I boka si fortel Solveig Nes om barndomsminne frå Bremanger Spareforening («Freningja»). Ho er ei kjelde til butikken si historie. Ho tek lesaren med «inn på butikken», og «viser» innreiing, vareslag, personale bak disken og «karane på benken». Andre kjelder (t.d. branntakstprotokollar) har andre opplysningar til kunnskap om Bremanger Spareforening si historie, så som: a) arkivsaker etter verksemda (protokollar, brev, faktura, lister, m.m, firmaregister, b) folketeljinger, c) huset sjølv, eller bygningen, d) foto, m.m. Nedanfor følgjer nokre brotstykke.

Folketeljinga 1910

Folketeljingar er først og fremst ei kjelde til kunnskap om folk; einskildpersonar og folkemengd, men folketeljingane er og kjelde til mangt anna. Av folketljinga 1910 går det mellom anna fram at bygningen til Bremanger Spareforening også inneheldt husvære. Det bur fire personar på «bustadnummer 0029» i teljekrinsen. Alle er ugifte. Dei har tilknytning til «landhandel». Tre av dei er fødde andre stader i landet; på Sunnmøre, Stord og Tjøtta. 
1 Johan Flem, fødd 02.03.1885, i Haram, Sunnmøre. I rubrikken «Familiestilling» står det notert «bestyrer» og under yrke, «bestyrer for landhandel og bogholder».
2 Helge Høiland, fødd 2. mars 1885 på Stord, «handelsbetjent ved landhandel».
3 Magne A. Hauge, fødd 28. januar 1892 i Bremanger. « som foregåande».
4 Martin Angel Pettersen, fødd 17. oktober 1863 på Tjøtta (Helgeland), bakar, ved BS sitt bakeri.

Arkivmateriale frå Bremanger Sparebankforening

Det er teke vare på ein heil del arkivmateriale etter BS; protokollar, små noteringsbøker, lause papir, o.a.. Arkivet er ei innhaldsrik kjelde til kunnskap om verksemda; kva slag verksemd (landhandel, bakeri, fiskeoppkjøp, m.m.) organisering (aksjeselskap), kven som stod føre drifta (personale), vareslag, prisar, kundar (personar, båtar/båtlag/notbruk), leverandørar (firma fleire stader i landet), m.m.

Arkivmateriale etter landhandelen Bremanger Spareforening

Presskopibok – erstatningssak

Bremanger Spareforening-arkivet inneheld to presskopibøker. Nemninga har dei etter teknikken; ved hjelp av ei metallpresse fekk ein avtrykk/ kopi av utgåande brev.

I ei av presskopibøkene finn vi kopi (avtrykk) av to brev til Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, NBAD, (frå 1919 Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane). Det gjeld eit erstatningskrav. BS har sendt ein bunt skinn til Rieber i Bergen. Bunten er komen bort på NBAD sin ekspedisjon i Bergen, og NBAD har erkjent dette. Erstatningskravet vart sett til kr. 000, men sidan skinnprisane har gått ned etter at skinna vart sende, vil transportøren berre betala ut kr. 42, - Det går ikkje fram i kopiboka korleis det gjekk, men breva er interessante på den måten at dei dokumenterer at BS i 1893 også omsette skinn i eit elles mykje allsidig varespekter.

Kontobok for kundar

Handelsbetjentane noterte opp, først i ein fortløpande kladd-protokoll, deretter i ei reskontrobok, der kvar kunde hadde si eiga side/sine eigne sider. Desse protokollane «fortel» i ettertid kven som handla, kva dei handla og kva varene kosta. Det gøymer seg òg mykje lokal fiskehistorie i protokollane; noteringar som går på fartøy, notlag og fiskeutstyr.

Kundereskontro

Ny eigar – Paul Fosse

Kring 1950 kom Paul Fosse til Kalvåg som bestyrar på Bremanger Spareforening. I 1958 kjøpte han Spareforeninga og dreiv verkeleg assortert handel og agentur i eit par tiår. Butikken til Paul Fosse hadde alle slags matvarer, jernvarer, verktøy, spiker og båtsaum m.m. Folk kunne kjøpa porselen og krystall, bestikk, sølvtøy og gullsmedvarer. Her var bensin, diesel; parafin på fat og tjøre og linolje på fat, dessutan malingspulver og maling, og plastrøyr med alt tilbehør. Gardbrukarar kunne handla streng og netting, kunstgjødsel og kraftfor. Paul Fosse tok imot og salta huder og skinn, og hadde fiskemottak på bua. Og hjå Paul Fosse kunne folk få fatt i medisiner, kjøpa lodd i pengelotteriet og levera inn tippekupongar. Paul Fosse hadde det meste, og dreiv handelen sin til innpå midten av 1980-talet

Svein Inge Fosse renoverte til overnatting

Etter Paul Fosse tok sonen Svein Inge over. Han renoverte heile huset til overnatting. Og sidan 1992 har reisande kunna leiga seg inn på rom i Bremanger Spareforening sitt hus frå 1908.

Men den historiske «Freningja» er med, mellom anna ved namnet Bremanger Spareforening skrive med originale bokstavar på veggen mot hamna, ved skiltet attmed inngangsdørene der det står: «Bremanger Spareforening. Bygd i 1908. Butikk, Bakeri, Fiskemottak (…), og ved «utsmykking» på vegger; innramma dekorative faktura, foto, m.m. og museale maritime gjenstandar. Gamle Bremanger Spareforening er eitt av fleire hus i reiselivsbedrifta Knutholmen AS.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF-2015141 Bremanger Spareforening


Munnleg kjelde: Svein Inge Fosse, Kalvåg, Bremanger.


Riksarkivet: Digitalarkivet, Folketeljing 1910.

PERMANENT IDENTIFIKATOR