Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 21. mars 2017

Sist oppdatert 16. september 2020

Kommune

Rå-data

Skipsvrak i Ånnevika – ds Bjørnulf



«Ka skjedde med denne båten, Baba?» Spørsmålet kom frå Viktor (7). Han var med på tur til Ånnevika for å sjå eit skipsvrak i fjøresteinane der. Det blæs kuling frå nord og bølgene braut mot dei rustne restane av det som ein gong var ein båt på havet.

Vrakrest etter snurpebåten «Bjørnulf» heilt sør i Ånnevika på Frøya i Bremanger. Båten forliste 29. januar 1949.

Vrakrest etter snurpebåten «Bjørnulf» heilt sør i Ånnevika på Frøya i Bremanger. Båten forliste 29. januar 1949.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordan

Datering: 2015

Fotograf: Hermund Kleppa

Grunnstøytte

Det er baugpartiet på sildesnurparen DS «Bjørnulf» frå Bergen som stikk opp or sjøen i Ånnevika nordaust på øya Frøya. Båten forliste søndag 30. januar 1949. Om ettermiddagen dagen før gjekk båten nordover frå Florø til Bremangerpollen for å leita etter sild. Det var roleg vêr først på dagen, men i kveldinga auka det på til storm frå sør, som ut over natta gjekk over på nordvest. «Bjørnulf» la seg til for anker på Ånnevika.

Om natta auka vinden på til orkan styrke og i fem-tida rauk begge ankerkjettingane. Mannskapet greidde ikkje å halda båten frå land, og i seks-tida grunnstøytte båten. Heile mannskapet på 22 mann greidde å berga seg i land i den eine dorryen (ein snurpebåt hadde to dorryar) men «Bjørnulf» var fortapt. «Båten ligger nå i fjæren og må vel regnes å bli vrak», skreiv Måløy-avisa Fjordenes Tidende i ei nyhendenotis om hendinga.

Tekne hand om hjå Bendik i Ånnevika

 I 1949 var det ikkje kome bilveg utover til garden Ånnevika. I 2015 er garden fråflytta. Det står att to bustadhus, og ein legg merke til fleire husmurar. På ei stor tuft ved sjøen stod sjøbuda til Bendik i Ånnevika. I 1949 budde Bendik på bruksnummer 4, og ulukkeshelga 29. og 30. januar var dei tre døtrene hans i huset. Det var hjå Bendik i Ånnevika fiskarane frå «Bjørnulf» blei tekne hand om. Døtrene i huset hadde laga mat til eit bryllaup i Olderøya inne i Oldersundet. Men uvêret gjorde at dei ikkje kom seg avgarde med bryllaupsmaten. No kom maten vel med til dei skipbrotne fiskarane.

Masta

Inne i Kalvåg, sør på Frøya, fins eit anna materielt spor etter «Bjørnulf», masta på båten. Ho står på Knutholmen, utafor serveringsstaden til Svein Inge Fosse. At nettopp denne masta står på Knutholmen, har og si vesle historie. I nyttårsorkanen 1992 bles sjøbuda i Ånnevika ned, og ei mast kom til syne. Svein Inge Fosse hadde bruk for ei mast på nyanlegget sitt på Knutholmen. Han fekk kjennskap til masta i den nedblesne sjøbuda, og kontakta eigaren, ei av døtrene som hadde hjelpt mannskapet frå «Bjørnulf». Jau, masta skulle han få, og ho kunne fortelja at det var masta frå «Bjørnulf» som hadde blitt liggjande i buda deira.

Sjøforklaring

Sjøforklaring etter «Bjørnulf»-forliset vart halden i Bergen byrett, 5. februar 1949. Frå retts-dokumenta har vi nedafor notert nokre fakta om båten, og sett opp ei tidsline frå «Bjørnulf» gjekk frå Florø, laurdag 29. januar, klokka 15.00, til mannskapet gjekk frå borde dagen etter, søndag 30. januar, «omkring kl. 08.00»

«Faktaboks»

DS «Bjørnulf», på 268,56 brutto register tonn, bygd i Tyskland 1907, dampmaskin 400 HK, forliste i Ånnevika, nord på Frøya, Bremanger kommune, 30. januar 1949, - tilhøyrde frå 1948 rederiet AS «Ruth», Bergen, med kjenningsmerke L.K.F.N, og fiske-registreringsmerke B - 4 - B (Bergen 4 Bergen), - mannskap 22, - skipper Robert Fjereide, 28 år, kystskippereksamen, bustad Fjereide i Fjell kommune, - maskinassistent Oskar Bergestø, 41 år, bustad Sæbøvåg.

Tidsline - ulukkesturen

29. januar 1949:
kl 13.00: Gjekk frå Florø til Bremangerpollen for å leita etter sild. Vêret: «sydlig frisk bris».

kl 15.00: Framme i Bremangerpollen. Vêret: «begynte å friske på ifra syd».

«ved 17.00-tiden»: Ankra opp i Ånnevika, på «10 favners vann» for å sjå vêret an.

kl. 19.00: Vêrmeldinga varsla storm frå nord-nord-vest, vurderte å gå sør i Oldersundet, men på grunn av vêret valde dei å avventa. Vêret: «sydlig storm med regntykke». Sette ut det andre ankeret.

30. januar 1949:
«omkring 01.30»: Vêret: «fremdeles sydlig storm».

«omkring kl. 2.00»: Vêret: «sprang stormen over til vest og dreiet videre til n.v.[nordvest] med økende vinnstyrke med valleslette og snøkaver».

«ved 4-tiden»: Maskinen brukt til å støtta opp om fortøyningane. Vêret: «vinden fortsatte å auke til orkan».

«i 5-tiden»: Rauk begge ankerkjettingane, full fart på maskinen for å halda båten frå land. Vêret: «På grunn av snedrev og sjørokk kunne man apsolutt ingen ting se.»

«ved 6-tiden»: Båten grunnstøytte, begge dorryane sett på vatnet, vart festa med solide trosser til båten, «ganske snart [etter]»: Eit kraftig sjøbrot sleit laus den eine dorryen. Skipspapir og ein del kontantar gjekk tapt. To mann i doryen berga seg om bord. «Bjørnulf» kasta av skjeret den stod på, og dreiv seg fast på eit anna skjer lenger sør, sterk slagside, motorlettbåten på fordekket «skylt» over bord.

«omkring 8.00»: Mannskapet på 22 gjekk om bord i den attverande dorryen og «lenset inn til Ånnevik», alle velberga i land, dorryen «knust».

«umiddelbart etter [at mannskapet var gått i dorryen]»: «kom en ny brottsjø med orkanaktig stormbyge» og kasta havaristen av skjeret slik at skipet dreiv inn mot nordvestsida av Sleneset.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Svihus, Årstein: Bremanger bygdebok, band II. 2006.


Totland, Egil: D/S «Bjørnulf». I hefte utgjeve av Kalvåg Kystlag, 2015.


Fjordenes Tidende, 31.01.1949.


Statsarkivet i Bergen, Bergen byrett, 05.02.1949.


Opplysningar frå: Svein Inge Fosse, Bremanger, 2015.

PERMANENT IDENTIFIKATOR