Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kobbeskjul - gøymestader i strandkanten



Mange stader langs kysten har det føregått kobbefangst frå land. Ei lun vik med skjer og nakkar nær stranda var eit godt utgangspunkt for kobbeskyttaren. Men kobben er vár, og eit vern eller skjul som skyttaren kunne løyne seg bak, var nødvendig.

Kobbeskjul frå Ytre Selvika i Bjørnefjorden. Inni her var bra romsleg for skyttaren, og i bakkant løynd veg til andre utkiksplassar. Ly for vind og muskeregn kom og vel med i den lange ventetida.

Kobbeskjul frå Ytre Selvika i Bjørnefjorden. Inni her var bra romsleg for skyttaren, og i bakkant løynd veg til andre utkiksplassar. Ly for vind og muskeregn kom og vel med i den lange ventetida.

Eigar: Magne Hamre.

Datering: 2001.

Fotograf: Magne Hamre.

Stadnamn fortel om fangst

I Solund er mange slike minne etter kobbefangst, og berre på Steinsundgarden har tre av fangstplassane avsett stadnamn: Kobbesteinsvika, og ytre og indre Selvika.
Ein slik kobbegard er lødd opp av berestein i såpass høgd at ein vaksen med skytevåpen kunne liggje i løynd attom og følgje kobben til han kom på skothald.

Ved matfat til kobben

Ein skal helst ha auga med seg om ein ser etter kobbegardar eller kobbeskjul. For det første har det gått fleire generasjonar sidan dei var i bruk. For det andre er dei delvis nedtekne så ikkje husdyr skal gå seg faste der. Vintersdagen kunne dei verte ei lei snøfelle for utegangssauen.

Vikane det er tale om, var gode garn- og kasteplassar etter sommarsild og makrell, og sjøauren gjekk stadig innpå her. Det var såleis både matfat og sikkert også yngleplass for kobben. Fangstmannen kunne la robåten liggje i nærleiken klar til bruk om lukka slo til.

Valde vikar etter vinddraget

På fleire av vikane kunne skyttaren operere frå begge sider, alt etter ver og vinddrag. Han føretrekte nok å vakte bak storstein og flyttblokker, slik somme kobbevikar gav høve til. I dei tronge kobbeskjula derimot, var det så lite plass at det må ha vore ei påkjenning å halde ut. Skyttaren kunne knapt flytte børsepipa, enn seie strekkje på føtene.

Vikane låg avsides og var trygge område for kobben. Berre ein og annan som såg etter sild, eller sette garn, kunne skiple freden. Kom her så eit lite sildesteng, skapte det snarare interesse enn frykt hos kobben.

Eldre enn geværet?

At det i våre eldste lovverk er nedfelt reglar til vern for sel-veide, fortel om at fangstplassane var eit gode for eigedommen, eit ledd i naturalhushaldet. Jamvel om selfangst på vikane i Solund sikkert går langt attende, vart truleg kobbeskjula i første rekkje laga for fangstfolk som brukte gevær. Avstanden kan synast noko stor til å nytte den gamle fangstmetoden med harpun. Men det kunne la seg gjere der kobben låg på land. Ein særs gammal fangstmetode er bruk av kobbegarn frå båt, heller ikkje då trongst steinskjul på stranda. Derimot var dei nødvendige for ein jeger med børse.

Impregnering for hus og båtar

I kva grad kobbe har vore rekna som verdfullt næringstilskot, veit me lite om. Kjøtet vart brukt, men hadde neppe høg status. Tran og lyse frå selspekket derimot smurde dei både på husvegger og båtar. Lêr vart tett og mjukt og lunnane såpeglatte av ein omgang frå lysetønna. I årestover brann koler og tranlamper på lyse av selspekk. Selskinnet kunne nyttast på fleire vis, særleg til klede.

Nærast våre dagar var nok kobbefangsten meir ei spennande avveksling frå det tidvis monotone arbeidet på garden. Smaksendringa gjorde etterkvart at knapt nok skyttaren lovprisa kjøtet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

(ingen kjelder oppgjevne).
Vollan, Odd: Fangst og fiske.. Ålesund 1985.

PERMANENT IDENTIFIKATOR