Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 27. april 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Shetland - Sogn og Fjordane - Jernalderborga på Mousa



På øya Mousa står ei vel 13 meter høg jernalderborg. Mousa Broch er ein av dei største turistattraksjonane på Shetland. Borga er nemnd i den islandske ættesoga om Egil Skallagrimson. Soga fortel at Bjørn Brynjulvsson frå Aurland budde i borga ein vinter saman med Tora, dotter til hersen Tore i Fjordane. Bjørn hadde bortførd Tora og var etter lovene fredlaus mann.

Mousa Broch ligg sør på Shetland, nær sjøen i sundet mellom Mainland og øya Mousa.

Mousa Broch ligg sør på Shetland, nær sjøen i sundet mellom Mainland og øya Mousa.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2005

Fotograf: Elisabeth Kleppa

Øya

Mousa ligg på austkysten av Mainland sør på Shetland. Som ei mengd stadnamn på Shetland, er namnet Mousa óg av gamalnorsk opphav Mosey. Om sommaren går det turistbåt frå Leebotten, Sandwick, fleire gonger om dagen. Den gamle borga, Mousa Broch, er det viktigaste reisemålet for turistane. Men øya har mykje meir å by på. Fleire slag sjøfugl held til i stupbratte cliffs og ei mengd sel går ofte inn i grunne vågar. Her finst ruinar og restar etter bygningar av fleire slag, mellom anna eit kvernhus, og over heile den grasgrodde øya går det eldgamle steingardar,dykes. Det har ikkje budd folk på Mousa sidan 1800-talet.

Brochs- borger frå jernalderen

Rundt omkring på Shetland finst mange ruinar og restar etter brochs, førhistoriske borganlegg der eit rundt "tårn" dannar kjernen i eit større anlegg. Muren nede var bygd heil, men eit stykke opp frå bakken var veggen bygd dobbel med trappegang opp til toppen og til opningar for golvfeste (opp til fleire høgder), oppbevaringsrom og tronge opningar for å få inn dagslys. Inngangen låg i bakkehøgd og var ikkje stort større enn at berre ein og ein kunne koma gjennom om gongen. Nokre stader finst restar etter anlegg på utsida av tårnbygningen.

Fagfolk reknar med at dei fleste brochs blei oppsette i eldre jernalder (jernalderen 600 f. Kr. - 500 e. Kr.), og at dei ber vitne om ufredstider og trong for å tryggja seg og sine. Borgene kan ha hatt fleire funksjonar. Dei kan ha vore bustad og gjeve status for ein stor-familie, samstundes som dei kunne gje vern for fleire når faren truga.

Borga på Mousa

Mousa Broch er den best bevarte borga i sitt slag i heile Storbritannia. Borga er bygd i tørrmur av ein sort sandstein, flagstone, utvunnen i nærleiken. Ho ragar 13,3 over bakken og har ein ytre omkrins nede på 48 m. Diameteren nede er 15 m, oppe 13 m. Dei fyrste tre metrane frå grunnen er heil mur, medan muren vidare er dobbel med trappegang og opningar innover. Utanom golvet på grunnplanet har det vore minst to etasjar. Store steinar som stikk ut høgare oppe, kan ha vore støttepunkt for taket. I botnen er ein brunn med inntak for vatn.

Forfattaren Jill Slee Balcadder oppmodar besøkande om å gje seg god tid. "Sit on a stone ledge inside and meditate for a while on the extraordinary skill of the folk who must have built the broch. Peer into the recessed rooms and the stone-lined wells and chambers. If you do climb up the internal stairs, built between the outer wall layers, watch your step and take your time. This is definitely not an experience to be rushed."

Nemnd i tidlege skriftlege kjelder

Kunnskap om byggjing og bruk av brochs har me for det aller meste frå arkeologiske granskingar. Den større turistboka Shetland, 2004 opplyser at nyare arkeologiske funn talar for at Mousa-borga vart bygd i yngre jernalder, kring 100 e.Kr.

Borga er nemnd i to tidlege skriftlege kjelder. Begge vitnar om at borga var i bruk fleire hundre år etter at ho vart bygd og liknande borger låg i ruiner. Soga om Eigil Skallagrimsson fortel om Bjørn Brynjulvsson og Tora som fekk bu her i Moseyjarborg kring 900 på veg til Island. Orknøysoga fortel om ei liknande hending år 1153.

Bjørn og Tora - frå Sogn og Fjordane

Bjørn var son til Brynjulv herse i Aurland. I eit gjestebod hjå Tore Roaldsson, herse under Atle jarl i "Fjordane", vart Bjørn forelska i Tora, syster til Tore. Tore ville ikkje gje løyve til ekteskap. Om hausten reiste Bjørn med mange menn til "Fjordane" medan Tore var bortreist og tok med seg Tora til Aurland. Brynjulv, far til Bjørn, ville ikkje vita av ei slik framferd, men ga løyve til at Tora kunne få vera i Aurland om vinteren, som dotter og syster.

Ut på våren tala far og son om framtida. Brynjulv rådde sonen til å fara på handelsferd til Dublin, og lova å rusta ut eit handelsskip til han. Då Bjørn var ferdig til å fara, henta han Tora og førde henne om bord utan at faren visste om det. Han hadde god bør ut Sognefjorden og frå Sognesjøen sette dei til havs. Dei kom ut i uvêr og fekk skade på skipet, men nådde langt om lenge inn til Mosey på Shetland. Her vart dei vel mottekne. Dei lossa varer og utstyr og sette skipet på land for nødvendig vøling.

Bjørn og Tora gifte seg på Mosey same våren. Året etter reiste dei til Island. På Island kom dei til Egil Skallagrimsson på garden Borg. Her fekk dei bu, men Bjørn fortalde ikkje med det same korleis det hang saman med giftarmålet. Egil vart harm då han ei tid etter fekk høyra sanninga, men då sonen hans, Torolv, og fleire andre gjekk mellom, og ba Egil om å bera over med Bjørn, sa han at han ville fylgja Torolv sitt råd. Om sommaren vart det sendt nokre menn til Noreg for å søkja forlik med Tore. Tore gjekk med på det.

Ei tid etter fødde Tora ei dotter som fekk namnet Åsgerd. Då Bjørn og alle folka hans året etter reiste attende til Noreg, vart Åsgerd verande att som fosterdotter hjå Egil. Bjørn og Tora vart no buande hjå faren i Aurland.

kjelder:

Egils saga. Det nordiske forlag. 1901.
Penrith, Deborah: Scottish Islands Orkney - Shetland. 2004.
Blackadder, Jill Slee: Shetland. Colin Baxter island guides. 2003.
The ancient monument of Shetland. Historic Scotland. 2004.
Ohnstad, Anders: Aurland bygdebok (..) Bind 1. Aurland 1962.

PERMANENT IDENTIFIKATOR