Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Utvær skipreide - forsvarsområde med leidangsskip og vetar



Solundøyane ligg som sjølve dørhella for ferdsla over Nordsjøen, sentralt og strategisk, med gode hamner og mange gøymeplassar. Derfor vart øyane frå første stund ein viktig lekk i den forsvarskjeda kongemakta utvikla på kysten, til vern av landet.

Utsikt frå Håfjellet mot søraust. Neset som skjer seg godt sør i Sognesjøen er Tungodden. Over Oddeholmane skimtar me Glaværet og Skjerjehamn. Alle sjøområda på biletet var høgst aktuelle ferdselsvegar for fiendeskip.

Utsikt frå Håfjellet mot søraust. Neset som skjer seg godt sør i Sognesjøen er Tungodden. Over Oddeholmane skimtar me Glaværet og Skjerjehamn. Alle sjøområda på biletet var høgst aktuelle ferdselsvegar for fiendeskip.

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: 1996.

Fotograf: Hans H. Steinsund.

Til gagn for konge og bønder

Frå kring år 900 då landet vårt vart samla, vart det sterkare trong for eit effektivt landvern. Særleg var kysten i sør og vest utsett for åtak. Det galdt då å ha eit kystforsvar som kunne komme raskt på plass og avvise, eller aller helst slå fienden. I vikingtida kom det - etter mykje forhandling - i stand ordningar og avtalar mellom bøndene og kongen om eit landsforsvar som kunne vere til nytte for begge partar.
Kysten langsetter vart inndelt i faste forsvarsdistrikt, og eit slikt område vart kalla skipreide (jfr. gammalnorsk: reida ut skip).

Mange med årane

Sulingane høyrde til Utvær skipreide. Området fall saman med det noverande Solund, frårekna Losna. Samanlikna med dei 15 andre skipreida innover i Sogn, kunne Solund verke vidt i omfang, men her var nok tynnare folkesett.
På vêrharde Vestlandet med opne havstykke og mange åtak frå fienden, var det naturleg med større skip enn elles langs kysten. Medan andre rusta ut 20-sesser, stilte vestlendingane med 25. Det vil seie skip med 25 par årar. Men det kunne vere fram mot 100 mann om bord i skipet dersom kongen baud leidangsflåten ut av landet. Skipreida skulle halde naust over fartyet.

Mat for 2 månader

Kongen peikte ut den som skulle vere styrmann. Dersom ein mann åleine greidde ausinga til dei kom ut i hovudleia, var skipet sjøført. Eit gammalt skip kunne ikkje brennast før stamnane var klinka til kjølen på det nye.
Bonden (her ute var han vel meir fiskar) skulle halde tjeld og år. Sende han med ein kokk, trong har ikkje reise med sjølv. Når dei fór ut, skulle dei ha med to månadsmatar for kvar hamle (keip). Maten var av to slag: mjøl (gryn) og smør. Det var bøter for ikkje å stille opp, for å rømme, for å rane roret frå styrmannen, osv.

Mange tusen samla i Solund?

Me veit sjølvsagt ikkje kvar i Solund naustet stod, båtfjære og hamn vanta det knapt der folk budde. Derimot kunne det kanskje røyne på å skaffe nok mat og så stort mannskap når skipet vart kalla ut. Men dei måtte nok mønstre på då Harald Hardråde - etter Heimskringla - samla hæren sin i Solundir. Ikkje så rart då kanskje at nattedraumane varsla den mørkaste ulukke sidan han fall ved Stamford Bridge i september 1066. Men er det rett at han drog ut med innpå 200 leidangsskip, utanom matskuter og småskip, må det ha vore ei dryg folkemengd som gaula rundt på Solundøyane.

Vardebål låga i ufredstider

Ein viktig lekk i landvernet var vetane. Ein vete (gammalnorsk: víti) var eit tillaga vardebål på ein fjelltopp, og i Utvær skipreide var fleire slike plassar. Stadnamn som Vetefjellet, Veten fortel om "linkar" i varslingskjeda. Både på Håfjellet og Nesøy stod vetar klare til å tennast, likeins på Krakhellenipa og Pollatinden. Når ufred var ventande, skulle det vere vardevakt på veten, og fredlaus vart den som sovna. Bot var det og om han slumsa og tende på for fredelege skip. Veten på Nesøy og Håfjellet var godt retta mot Gulen og inn Sognefjorden. Vardane varsla både lokalt og vidare langs kysten.

kjelder:

Gulatingslovi. Det norske samlaget.
Bosheim, Oddkjell:Vetar i ytre Sogefjorden, artikkel i Kjelda, nr. 1, 2000.
Sturlasson, Snorre:Kongesoger, Gyldendal Norsk Forlag, Soga om Harald Hardråde.
Privatperson:
Olav Iversen.
Serien Norrøne Bokverk, Det norske samlaget.

PERMANENT IDENTIFIKATOR