Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 31. mars 2008

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Innbrot hjå Fylkesbaatane



Ei natt i november 1908 var uvedkomande på ferde i ekspedisjonsbygningen til Fylkesbaatane i Bergen. Innbrotsjuven var i full gang med å sprengja eit pengeskåp då ei vaskekone kom på jobb grytidleg og ramla med bøttene sine. Han kom seg unna, men politiet sine mistankar gjekk i ei heilt bestemt retning. «Sogns Tidende» (Sogndal) hadde to oppslag om saka. Nedanfor er oppslaga attgjevne - i nyare målform og med mellomtitlar.

Åstaden for innbrotet i 1908: Patenebryggja i Bergen med den lyse bygningen til Fylkesbaatane. "Nordre Bergenhus amts Dampskibs-Expedition" står det måla på veggen. Fylkesbaatane kjøpte huset i 1883. Skipet er Fylkesbaatane sitt DS "Sogn".

Åstaden for innbrotet i 1908: Patenebryggja i Bergen med den lyse bygningen til Fylkesbaatane. "Nordre Bergenhus amts Dampskibs-Expedition" står det måla på veggen. Fylkesbaatane kjøpte huset i 1883. Skipet er Fylkesbaatane sitt DS "Sogn".

Eigar: I Nordre Bergenhus Amts Dampskibe

Datering: 1908 eller kort tid før

Fotograf: Ukjend

Det første stykket:

I Fylkesbaatane sin ekspedisjons-bygning i Bergen var det natt til tysdag [24. november 1908] utført eit brutalt innbrot. Lukka var at vaskekona kom kl. 5 om morgonen til arbeidet sitt. Tjuven høyrde dette og bykste ut av vindauga. Ein politikonstabel såg han og sprang etter, men tjuven kom seg unna.

Brekkjern og sprengstoff

Innbrotsmannen kom seg inn gjennom eit vindauga på altanen og braut opp døra til to kontor der det står to sterke panserskåp. Skåpet på kasserarkontoret gjorde han ikkje større skade på, det var for sterkt. Men det andre for han fælt med. Overdøra var sprengd laus med dynamitt eller nitroglyserin. Innafor denne utanpådøra er der to dører. Etter alt å døma har han greidd å opna den øvste med sprengstoff og funne nokre protokollar. Den nedste døra gjekk han laus på med brekkjern, og hadde han fått halda på, hadde han fått med seg eit par hundre kroner. Men då vart han uroa av vaskekona. Det låg ymse saker att etter han: 2 knivar, ei taska med bor, fil, kost, revolverpatroner, dynamitt og glyserin.

Namngjeven mann mistenkt

Dei meiner det er ein driven tjuv som har vore på ferde, Elias Tønnesen frå Nes ved Flekkefjord, berre 20 år gammal. (Så langt det første stykket).

Dette meldeSogns Tidende i det første oppslaget sitt, 27. november. Kort tid etter stod det andre stykket. Dei hadde greidd å fakka innbrotstjuven, og det var rett som dei trudde, det var «stortjuven» frå Flekkefjord som hadde vore på ferde, Elias Tønnesen. Bergens-politiet hadde fakka skapsprengjaren onsdag 24. november.

Det andre stykket:

Elias Tønnesen vart gripen i Bergen onsdags kvelden [25. november] kl. 8. ved Børsen. Ein heil politistyrke hadde vore på jakt etter han i eit par dagar. Det stod ein mistenkjeleg fyr, og dei skjøna straks at det var Tønnesen. Ein detektiv sprang straks på han og greip høgre armen hans, og ein konstabel tok den venstre. Dei var redde farlege våpen. Det første dei tok frå han var ein rovolver som han hadde i baklomma. Då dei hadde køyrt han til arresten, fann dei at han hadde 235 kr. på seg og ein del dynamittperler og ein ny barberkniv.

Innbrotsraid

Utanom innbrotet på amtskontoret [kontoret til Fylkesbaatane] var det same veka òg eit innbrot på kontoret til jernbanestasjonen i Solheimsvika. Der hadde tjuven fått med seg frimerke for nokre hundre kroner og ei bankbok som lydde på ein større pengesum.

Tjuven kunne ingen annan vera enn nemnde stortjuv. Endå han ikkje er meir enn 20 år, har han mange innbrot på samvitet, særleg i Stavanger, Haugesund, Eigersund, Sandnes og Lillesand. I Lillesand stal han 80 lommeur i 1905.

Han har tidlegare sete i fengsel både i Stavanger og Kristiania. Han har vore ute no sidan nyttår. Der er meldingar etter fritida hans frå fleire kantar av landet. I Fredrikstad vart pengeskåp sprengde med dynamitt.

Slutt i Bergen

No kom han frå Nidaros [Trondheim] der han sprengde eit pengeskåp med dynamitt og stal 600 kroner. Han kom til Bergen 8. november og budde på fleire losjihus under falskt namn. På hotellet på Fløyfjellet fekk han servitøren med seg på kappskyting med revolver, venteleg fordi han ville skyta inn det nye våpenet sitt. Han må nok rekna med å sitja fast nokre år etter dette. Foreldra hans lever i Kristiansand. (Så langt stykket i Sogns Tidende.)

Meir i «Norsk Polititidende»

Norsk Polititidende, 1908, har meir om «stortjuven» Elias Tønnesen. Han var fødd 24. januar 1888 i Nes ved Flekkefjord og i 1908 busett i Stavanger. I januar 1808 vart han sett fri frå Botsfengslet i Oslo etter å ha sona straff for tjuveri.

Den 11. august vart han etterlyst med bilete av politimeisteren i Telemark. Han var mistenkt for fleire tjuveri. Av etterlysinga går det fram at han er litt under middels høg, er breidskuldra, har blå auge, er  «skjægløs»og har kortklipt hår. Han var sist iført svart eller blå dressjakke, grå «turistskjorte» med svart rand nedover brystet, «krogstøvler» og grå, såkalla «ballonlue.»

I oktober vart han på ny etterlyst, no av «Detektivchefen» i Kristiania, som reknar opp nye brotsverk Tønnesen er mistenkt for å ha stått bak. Etterlysinga sluttar med denne oppmodinga: «Skulde nogen kunne give oplysning om, hvor han reiser, ell. hvem han er sammen med, bedes dette meddelt hertil.»

Og så, 27. november 1908, står Elias Tønnessen oppført i avdeling «B. Anholdte personer. (...) 25/11 anh. i Bergen. Bergens politikam.»

kjelder:

Sogns Tidende. 27.11, 08.12.1908.
Nordre Bergenhus Amts Dampskibe 1858-1908. Bergen 1908.