Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. september 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Stegastein



Utsiktspunktet og rasteplassen Stegastein ligg på Aurlandsvegen som er ein del av det nasjonale turistvegprosjektet til Statens Vegvesen. Plassen ligg mellom Aurland og Lærdal på fylkesveg 243. Utsiktspunktet vart kåra til Årets Anlegg på Byggegallaen i 2006.

Frå Stegastein er det godt utsyn utover den smale Aurlandsfjorden og fjella langs sidene av fjorden.

Frå Stegastein er det godt utsyn utover den smale Aurlandsfjorden og fjella langs sidene av fjorden.

Eigar: Trude Knutzen

Datering: 09.08.07

Fotograf: Trude Knutzen

Aurlandsvegen

Aurlandsvegen er ein alternativ køyreveg mellom Aurland og Lærdal for dei som er ute etter store natur- og kulturopplevingar på ferda. Dette er ein om lag 50 km lang fjellveg som stig opp til 1306 moh. på det høgaste punktet ved Hornsvatnet. Dei fyrste delane av vegen vart til som private gardsvegar, fyrst til fjellgarden Kvigno i Erdal (på Lærdalssida) i 1912. Dei to brørne som starta Kviknes hotell i Balestrand kom opphavleg frå denne garden. Sjølv om dei hadde starta eit nytt liv i Balestrand, hadde dei ikkje gløymt slitet på heimegarden. Dermed gav dei nevøen, som framleis dreiv garden, eit tilskot til å byggje veg. Fyrst 50 år seinare vart det bygt veg frå Aurlandsvangen til garden Bjørgo på Aurlandssida. Same år som vegen til Bjørgo stod klar, vart det i kommunen vedteke å føre vegen over fjellet til Lærdal. Dette stykket av vegen vart opna i 1967.

Turistveg frå 2008

Stortinget og Samferdsledepartementet har vedteke å utvikle 18 nasjonale turistvegar innan 2015. Satsinga på turistvegar er lagt under Statens Vegvesen gjennom det landsdekkande prosjektet, Turistvegprosjektet. Fellesnemnaren for dei utvalde vegane er at dei alle ligg i framifrå natur, og at dei spelar inn i landskapet på ein harmonisk måte. Målet for prosjektet er at vegen i seg sjølv skal kunne fungere som eit turistmål og reiselivsprodukt av høg kvalitet. Aurlandsvegen skal få status som Nasjonal Turistveg frå 2008. Utsiktspunktet og rasteplassen Stegastein er det fyrste tiltaket som sto klart på den framtidige turistvegen.

Utsiktspunktet

På utsiktspunktet er det bygt ein 4 meter brei utsiktsrampe av stål og limtre av furu. Rampa strekk seg 30 meter ut over det bratte terrenget, og gir optisk inntrykk av at ho svever i lause lufta. Ytst på rampa sit ei plexiglasplate som sørgjer for svimlande godt utsyn over terrenget under. I tillegg består anlegget av parkeringsplass og eit toalett. Anlegget er teikna av dei profilerte arkitektane Todd Saunders og Tommie Wilhelmsen, og har fått mykje merksemd i inn- og utland. I juni 2006 vart utsiktspunktet offisielt opna av samferdsleminister Liv Signe Navarsete. Same år vart Stegastein kåra til Årets Anlegg i konkurranse med bygg og anlegg frå hele landet. Dette er ein av byggenæringas viktigaste prisar og vert delt ut under den årlege ByggeGallaen.

Landskapet

Frå Stegastein er det godt utsyn ned til Aurlandsvangen og Aurlandsfjorden, samt Flenjahornet og Flenjaeggi som skil Undredalen frå inste del av Aurlandsfjorden. Under fjellet går Flenjatunnellen som sørgjer for køyreveg mellom Flåm og Langhuso i Undredal. I motsett retning av utsikta mot fjorden ligg eit godt skjøtta kulturlandskap beståande av løe, steingardar og slåtteteigar. Dette dannar ein overgang til det støls- og høgfjellslandskapet som opnar seg for dei reisande vidare innover Aurlandsvegen.

kjelder:

Thyri, Hans H.: Aurlandsvegen. Skald AS 2006

PERMANENT IDENTIFIKATOR