Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 08. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Skodespelarparet Fahlstrøm



Kring 1915 bygde ekteparet Johan og Alma Fahlstrøm seg sommarhus i Balestrand. Dei dreiv eige teater i Oslo og Fahlstrøm var ein av dei store skodespelarane i si tid. Dei hadde ein son som omkom då Titanic gjekk ned. Kvar sommar etterpå stod det ein figur på ein stein nær bygdevegen til minne om han.

Huset som Anna og Johan Fahlstrøm bygde i Balestrand.

Huset som Anna og Johan Fahlstrøm bygde i Balestrand.

Eigar: I avisa Ytre Sogn.

Datering: 2001.

Fotograf: Johs. B. Thue.

Starta Fahlstrøms Theater

I 1915 og 1916 fekk Johan Peter Broust Fahlstrøm og Alma Isabella Bosse kjøpa seg sommarstad på Bruhjell. Fahlstrøm var fødd i Trondheim i 1867. Han debuterte som skodespelar på Christiania Theater i 1887. Same året starta han og frua Centraltheateret, og i 1899 starta dei Fahlstrøms Theater. Johan Fahlstrøm var ein av dei fremste skodespelarane i si tid. Han hadde store rollar som t.d. hovudrolla i Ibsendramaet Bygmester Solness.

Bilete av ein bronserelieff av Johan P.B. Fahlstrøm.

Teikning av Alma I.B. Fahlstrøm.

Målar og bilethoggar

Fahlstrøm var også målar og bilethoggar. Han modellerte heilfigurar og relieff av seg sjølv i ulike rollar, og elles byster av kjende menn som komponisten Sigurd Lie og maske av målaren Christian Krogh. Han laga òg byste av Roald Amundsen. Fahlstrøm deltok i fleire år på haustutstillinga, og på verdsutstillinga i Paris i 1900. Han er representert i Nasjonalgalleriet og i fleire andre større samlingar. Fru Fahlstrøm var òg ein kjend skodespelar, som også arbeidde som instruktør. I 1927 gav ho ut boka "To norske skuespilleres liv og de Fahlstrømske Theaters historie".

Måleriet "Møllerens hus i Balestrand" av Johan Fahlstrøm

Ein prat på bua

Den store, særprega gråsteinsmuren under huset vart mura av Rognald Hagen. Bendik og Ola Midtnes bygde huset. Ekteparet Fahlstrøm var ofte på krambua i Skåsheimselvi og slo av ein prat med folk frå grenda. Fahlstrøm døydde i Balestrand, og kona selde eigedommen til grannen deira i Oslo, ingeniør Josef Torgersen.

Gjekk ned med Titanic

Stundom fortalde dei om sonen Arne som drukna då Titanic gjekk ned i 1912. Fahlstrøm hadde ein gallionsfigur som vart kalla Ingebjørg. Denne vart sett ut på ein stein nedom vegen kvar sommar, og stod der med augo vende mot fjorden. Dette hadde visstnok samanheng med tapet av sonen i 1912.
Josef Torgersen heldt fram med denne tradisjonen, men steinenen vart borte då det vart bygd ny veg. Josef Torgersen, som kjøpte i 1944, var fabrikkeigar frå Oslo. Han fann opp ei maskin som laga sikringar. Dei var merkte med raud ring med T inni. Han og kona var årvisse gjester i Balestrand. I 1971 vart eigedommen seld til Dag Mossige og Guri Århus frå Voss. Mossige driv arkitektkontor på Voss, medan kona er lærar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards - og ættesoge. Bind II. Balestrand, 1991.
Intervju med eldre folk i Balestrand.

PERMANENT IDENTIFIKATOR