Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Astridstova i Feios



I bakkane ovanfor butikken i Osen i Feios står det ei gamal stove som vert kalla Astridstova. I denne stova har det budd folk som vart kalla strandsitjarar.

Astridstova i Feios, slik stova såg ut i 1997. Her budde folk fram til 1989.

Astridstova i Feios, slik stova såg ut i 1997. Her budde folk fram til 1989.

Eigar: Arne Inge Sæbø.

Datering: 1997.

Fotograf: Arne Inge Sæbø.

Namnet

Astridstova står på bygdealmenningen og er svært gamal. Me veit ikkje når stova vart bygd, men truleg kan ho vera frå tidleg på 1700-talet. Det finst fleire liknande stover i Osen i Feios.
Stova vert kalla Astridstova etter Astrid Monsdotter Osen (1896-1981) som budde der. Seinare har dotter hennar, Gerd Osen f. 1926, budd der fram til 1989. Gerd vart fødd i denne stova, og her voks ho og hennar fire sysken opp.

Andre namn

Stova har og vore kalla Havmanns-Gjertrudstova og Barbrastova. Gjertrud var gift med ein som var på fiske. Difor vart ho kalla Havmanns-Gjertrud. Namnet Barbrastova er etter Barbra Helgesdotter Eri (1815-1905) som var gift med Jens Ingebrigtson Borlaug (1810-1863).

Verneverdig

Denne gamle strandsitjarstova er ei tømmerstove som er verd å ta vare på. Huset har fått bylgjeblekk på taket, elles er det gjort lite med huset utvendig. Innvendig er stova vorten panelt.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sæbø, Arne Inge: Barbrastova-Astridstova. I Pridlao, nr. 3, 1997. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Munnleg informasjon frå:
Gerd Osen, f. 1926, Vik i Sogn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR