Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Emma Normann Pastor - illustratør



Pastorhuset på Esestrondi er prega av norrøn mystikk. Huset er teikna av Emma Normann Pastor. Ho var dotter til den kjende kunstnaren Adelsteen Normann og gift med Willy Pastor - ein sentral tysk kulturskribent

Sjøsida av huset, utskjeringar laga av Ivar Høyvik

Sjøsida av huset, utskjeringar laga av Ivar Høyvik

Balestrand er kjend for dei mange villaene. Desse ligg ved fjorden, og er stort sett bygd i perioden mellom 1890 og 1914 Eitt av dei merkelegaste og husa i Balestrand er det såkalla Pastora-huset på Esestrondi.

Emma og Willy Pastor

Emma Normann, dotter åt Adelsteen Normann, blei gift med tyskaren Willy Pastor. Han rekna som ein av dei mest framståande skribentane innanfor det tyske kultur- og vitskapsmiljøet rundt hundreskiftet. Han hadde ein særeigen personlegdom.

Willy Pastor skreiv ei rad utgreiingar om teoriane sine om det felles kulturhopehavet mellom Norden og Tyskland. Han var særleg oppteken av den eldste, folkelege kulturarven gjennom den ariske rasen.

Stavkyrkjene

Han såg klare parallellar mellom dei norske stilartane slik vi finn dei til dømes i stavkyrkjene og den stilarten ein finn i alpelandetskapet i Bayern.Willy Pastor arbeidde også for å etablera ein Nordisk Park som eit germansk friluftsmuseum midt i den gamle Botaniske Hagen i Berlin.

Emma Normann Pastor illustrerte mannen sine bøker. I 1910 bygde ho huset sitt ved Esefjorden. Det blir fortalt at ho sjølv teikna huset, og laga utkast til dekorasjonane som framleis pyntar gavl og inngangsparti. Motivvalet er tydeleg inspirert av den felles-germanske kulturarven.

Fellesgermansk

Ivar Høyvik skar ut alle dekorasjonane, og Emma sette fargane på. Dekorasjonane syner noko av det fremste vi eig av drakestil. Og dette er ikkje noko merkeleg; - Willy Pastor var drakestilens store forsvarar - og teoretikar. Det var stavkyrkjene med utskjeringar og reine linjer som først sette Willy Pastor på tanken som den fellesgermanske kulturarven - den ariske arven.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR