Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 09. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Futegarden på Askelund



Kring ein kilometer frå Balestrand sentrum mot Kvamsøy ligg ein staseleg bygning på nedsida av riksvegen. Dette er den gamle futebustaden som vart etablert av ein dansk fut i 1790-åra. Her budde futen i ytre Sogn fogderi i kring 100 år. I vårt århundre har det vore rikmannsbustad, hotell, sommarbustad, ungdomskule og asylmottak. I dag driv ein huslyd dette som pensjonat og selskapslokale. Dei har teke vare på bygningen sin stil og eigenart.

Den gamle futegarden på Askelund slik den ser ut i dag. Kring 1990 var huset byrja å forfalla. I tida som asylmottak vart det sett av midlar til å stoppa forfallet og å få sett huset i stand att. Den negative utviklinga vart snudd. Futegarden er i dag i aktiv bruk. Frode og Anita Høyvik kjøpte eigedomen i 1988. Her står dei framføre futegarden saman med borna Ola (4), Vår Maja (6), Thea (8) og Ina (15).

Den gamle futegarden på Askelund slik den ser ut i dag. Kring 1990 var huset byrja å forfalla. I tida som asylmottak vart det sett av midlar til å stoppa forfallet og å få sett huset i stand att. Den negative utviklinga vart snudd. Futegarden er i dag i aktiv bruk. Frode og Anita Høyvik kjøpte eigedomen i 1988. Her står dei framføre futegarden saman med borna Ola (4), Vår Maja (6), Thea (8) og Ina (15).

Eigar: Anita Nyland Høyvik.

Datering: 2001.

Fotograf: Esten A. Borgos.

Askelund vert futebustad

Askelund var opphavleg ein del av grannegarden Fjærestad. I 1790 kjøpte futen Jacob Hegelund frå Danmark eigedomen. Han hadde lagt merke til denne vakre staden ved Sognefjorden. Hegelund sette i gang ei omfattande utbygging av eigedomen. Han bygde stor hovudbygning og eit mindre hus som vart kalla skulehuset. Hegelund sette òg opp uthus, stabbur, eldhus med innemura kjel, borgstove og hus til dyra. Han planta frukt og kjøkenhage. På denne tida var fjorden ferdselsåra, og mange kom roande og siglande til futen. Hegelund bygde difor opp ei 80 alen lang sjøbryggje like nedanfor hovudhuset. I løpet av vel 10 år endra Hegelund eigedomen frå å vera eit bruk under Fjærestad til å verta eit stort og flott anlegg. Askelund vart eit senter i Sognefjorden.

Bilete av hovudhuset på Askelund.

Johan Nordal Brun på Askelund

Biskop Johan Nordal Brun vitja Askelund den 20. juli 1806. Brun skreiv om ferda: "På Aschelund er allting brilliant, ikke at tale om mad og rætter, til aftens dans." På festen var det mange sortar vin og champagne. Brun heldt fram: "Almuen blev trakteret med Øll og Brændevin for at danse." Etter segna stod biskop Brun ved den fine hengeasken i hagen og tala til folket. Han var ein myndig biskop og ein stor salmediktar. Ved denne festlege tilskipinga vart det skote med kanonar frå Askelund til ære for gjestene. Ved denne festen hadde elles verten, som var futen Holck, bede til seg ein prost, to sorenskrivarar, to infanterikapteinar og dei fleste embetsfolka i Sogn.

Nye futar

I 1814 vart Askelund kjøpt av futen Rasmus Endresen. Endresen rota det til for seg. Han hadde mange saker med grannane sine, nokre av privat slag, andre i si embetsgjerning. Han makta heller ikkje å halda orden på finansane som futeembetet skulle ta seg av. Etter kvart måtte hans overordna gripa inn. Han vart til slutt avsett som fut fordi det mangla svært mykje pengar i kassen. Endresen døydde i 1841, og enkja sat med eigedomen til 1846 då ho skøytte til Johan Winding Landmark. Han vart ein sentral mann i bygda.

Fornya jordbruket

Noko av det fyrste Landmark tok seg av, var fjellstølen Langedalen, gnr. 11. I 1847 stod han i brodden for å få auka drift i dalen. Han laga avtale med bøndene på Fjærestad, Sjøtun og Bale om bruken av stølsbeita der. Landmark vart seinare kalla Gamle-futen, og ingen fut hadde same stilling som han hjå bøndene. Han var ein varm talsmann for betre jordbruk, og rådde til at dei måtte ta til å planta skog på gardane sine. Landmark hadde ein åker som bøndene i Balestrand såg med undring på. Der sådde han ei kvart skjeppe vinterhavre og hausta 0,7 tønne, 1 skjeppe vinterrug og hausta 2 tønner, 1 tønne bygg og hausta 5 tønner, 0.5 tønne blandakorn og hausta 5 tønner, 0.5 tønne havre og hausta 5 tønner, ei kvart skjeppe erter og hausta 1 skjeppe, og 6 tønner poteter og hausta 50 tønner. Han hausta og til vanleg 2-3 tønner kålrot. Futen hadde langt større folltal enn bøndene.

Bonnevie Angell

I 1899 selde staten Askelund til overrettssakførar Bonnevie Angell for 18 700 kroner. Det ser ikkje ut til at Angell var fastbuande på Askelund. I folketeljinga i 1900 var det ingen sakførar på garden. Ola Olson frå Lavik var "Gaardsbestyrer", og han budde der med huslyden og ei tenestejente. No var Askelund vorten sommarbustad for rikfolk frå Bergen. Det same hadde skjedd med Flesje. Angell selde etter kvart unna store deler av eigedomen slik at berre jorda kring futebustaden vart att.

Bilete av Askelund tidleg på 1900-talet.

Hans Bonnevie Angell vart bankdirektør for Bergen Sparebank. Han var bror til ein oberst Angell som ofte vitja Balestrand. Hans Angell døydde i 1909. Initialane til Hans og Natalie står fleire stader i huset, på møblar og over inngangsdøra. Enkja Nathalie tok over eigedomen på Askelund, og etter kvart kvitta ho seg med det meste.

Tyske eigarar

Den tyske keisaren hadde gjort Balestrand kjent i Tyskland. Då krigen kom, vart grunnlaget for det nystarta hotellet borte. Hausten 1913 var Frantz Reinboth på forretningsreise til USA. Han gav då opp Gressen i Tyskland som fødestad og 1881 som fødselsår. Christine Reinboth selde i 1916 Askelund til direktørane Josef Emanuel Danielsen og Paul Scholz for 55 000 kroner. Danielsen var ungkar, og han var direktør for United Sardin Factory på Nordnes. Han budde i ein stor villa i Fjøsanger saman med to systre. Paul Scholz var tyskar og starta Bergen Blikktrykkeri. Kona heitte Gunda og var frå Stavanger. Paul og Gunda hadde 10 born og heile huslyden nytta Askelund som sommarbustad.

Rikfolk frå Bergen

Kvart år til pinse kom Danielsen og Scholz i eigne båtar. Dei hadde då gjerne invitert med seg høveleg selskap som akademikarar, direktørar og liknande som dei hadde omgang med i Bergen. Pinsehelga var fast tid for finare herreselskap på Askeund. I ferien kom resten av familiemedlemmene. Danielsen hadde ein båt som heitte "Karama". Scholz hadde ein båt som heitte "Astrid", og borna hans hadde ein overbygd båt som bar namnet "Heimchen".

Bilete frå innsida av Askelund.

Dei fyrste åra hadde Danielsen og Scholz tilsett gartnar på årsbasis. Den fyrste var Kristen Lunde, seinare Georg Mehl. Bernhard Linde var og gartnar, men berre sommarstid. På Askelund hadde dei drivhus i merket med miss Abbott. Dei hadde bringebær og andre bær og ein imponerande flott prydhage.

Danielsen og Scholz var her kvar sommar til ut i september. Dei hadde litt kontakt med fru Adelsteen Normann og andre som høyrde til villamiljøet i bygda. Dei hadde ikkje omgang med folk elles.

Bilete frå innsida av Askelund, her i mellomstova.

Sogn indremisjon startar skule

I 1930-åra var Sogn Indremisjon på leiting etter ein høveleg stad til å starta ungdomsskule. Dei kom i kontakt med Danielsen, og i 1936 fekk dei kjøpa eigedomen for 44 000 kroner. Etter kvart vart det bygt høvelege skulebygg som internat, sløydbygg og gymnastikksal. I mange år hadde skulen på Askelund ei sterk stilling i Balestrand og i Sogn. Utover i 1980-åra minka elevtilgangen. Eit par år i slutten av 1980-åra var skulen asylmottak for flyktningar. Det vakre hovudhuset vart pussa opp og ført attende til tidshøveleg stil i siste del av 1980-åra. Det har vore nytta til ulike kulturtilskipingar, m.a. utstilling av kunst og til ymse konsertar.

Nytt liv i Futegarden

I første del av 1990-åra var det uvisst kva Futegarden skulle nyttast til. Sogn Indremisjon avgjorde til slutt at dei ville selja eigedommen. I 1988 kjøpte Frode og Anita Nyland Høyvik eigedommen for 4,1 millionar kroner. Etter at dei flytte inn, opplevde dei at tidlegare elevar kontakta dei. Dei skulle ha elevtreff og ville gjerne få høve til å samlast i den gamle futegarden. Anita og Frode sa ja til dette, og tanken om å byrja med pensjonat og restaurant tok form. I dag er det Anita som har hovudansvar for drifta av pensjonatet. Ho tek imot gjester, steller rom og lagar mat. Futegarden tek imot alle typar tilskipingar som bryllaup, fødselsdagar, konfirmasjon, julebord og representasjonsmiddagar.

Det er mange og store hus på Askelund. Heile eigedomen har 5500 kvadratmeter golvflate fordelt på futegarden, skulebygningen med gymsal, leilegheiter og internathus. Ein del leiger dei ut. Huslyden bur i dag i det som var verkstadbygning då Askelund var skulestad. Sjølve futegarden vert berre nytta til selskap og overnatting.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards - og ættesoge. Bind II. Balestrand 1991.
Intervju med eldre folk.

PERMANENT IDENTIFIKATOR