Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kanalen gjennom Florø-eidet



Før byen Florø vart etablert i 1860, var handelen på Florelandet lokalisert i Gaddevågen og på Eidet. I 1872/73 vart det minert og bygt ein kanal gjennom dette eidet.

Den gamle brua over Kanalen var bygd med heiseordning slik at midtpartiet kunne opnast når fartøy med rigg skulle gjennom.  Vi ser båtar som nett har rodd gjennom og er på veg opp i Gaddevågen. I bakgrunnen den gamle Nygårdbua som no er riven. Den opparbeidde vegen til høgre, er gamlevegen opp til Nygård.

Den gamle brua over Kanalen var bygd med heiseordning slik at midtpartiet kunne opnast når fartøy med rigg skulle gjennom. Vi ser båtar som nett har rodd gjennom og er på veg opp i Gaddevågen. I bakgrunnen den gamle Nygårdbua som no er riven. Den opparbeidde vegen til høgre, er gamlevegen opp til Nygård.

Eigar: Offentleg eige.

Datering: Rundt 1900.

Fotograf: Ukjend (truleg Chr. Berg).

Ei ideell hamn

Gaddevågen var ei ideell hamn for båttrafikken på den tida. Godt i livd for alle slags vindar, voks det fram eit slags senter med litt handverk og handel langs den lange, lune vågen. Tre handelsmenn var etablert i området.
På Eidet var det også ei lita bryggje der presten lettvint kunne koma seg ned i skyssbåten som elles hadde naust i Båtevika. Då Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (Fylkesbaatane i dag) kom i drift i 1858, hadde dei stopp på Eidet. Der førte også gangstien frå Brandsøya til Gunnhildvågen/Furesund strategisk forbi, med sidesti til prestegarden og hovudgarden.

Krav om kanal

Etter kvart som det nye bysenteret voks fram, og handelsverksemda bygde seg opp der, kom kravet om ein kanal gjennom det smale Eidet mellom Gaddevågen og Solheimsfjorden. Kort tid etter at Florø vart eigen kommune i 1860, vart det valt eigen hamnekommisjon som tok opp kanal-spørsmålet. 5. oktober 1867 gav bystyret pålegg til magistraten og formannskapet om å vende seg til fylket og nabokommunane om støtte til prosjektet, og 1. oktober 1869 løyvde bystyret 300 spd. til arbeidet, og tok på seg ein del av vedlikehaldet.
I 1871 vart det sendt ei ny oppmoding til fylkestinget, der dei peika på verdien både for byen og distriktet med ein slik kanal, då det var ein lang og ofte verhard tur vestom Havreneset for å kome fram med ymse føring.

Førde ytte pengar

Florø greidde ikkje ta på seg større utgifter med anlegget, men var villig til å overta alt vedlikehald. Etter Amtmannen si innstilling, gjekk bystyret likevel med på å yte nye 300 spd. Kommunen hadde då fått lovnad på rentefritt lån i 10 år i Kinns Sparebank. Arbeidet vart sett i gang i 1872. Også nabokommunane hadde stor interesse av prosjektet, noko som vart understreka av at Førde kommune støtta prosjektet med eit tilskot på 200 kroner.
I 1873 overtok bystyret ansvaret for den ferdige kanalen. Den hadde kosta 12 400 kroner. Av dette hadde Florø løyvt 2400 kroner, Amtet 1200 kroner, Kinn 600 kroner og altså Førde 200 kroner. Resten var statsmidlar. Då Kanalen stod ferdig i 1873, rodde folk gjennom Eidet og ut i Gaddevågen, og vidare ut til det nye senteret. Prestebrygga vart flytta inn i den lunare Gaddevågen, der småbåtbryggene ligg i dag.

Bru over Kanalen

Bystyret vedtok også å bygge ei bru over Kanalen. Denne fekk eit midtparti som kunne heisast opp, slik at større båtar kunne kome gjennom utan å ta ned riggen. Ved ombygging midt på 1920-talet, vart brua gjort fast, slik at det kunne køyrast med den første bilen i byen. Brua vart bygd i solide trematerialar, og stod i nesten 60 år, fram til i kring 1930. Då vart det det vart bygt ny bru for å kunne ta biltrafikk på Brandsøyvegen som då vart sett i arbeid.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hole, E.M.: Florø gjennem 75 år. s. 35/36. Florø 1935.
Stavang, Harald J.: Flora - kulturhistorisk vegvisar. s. 221. Florø 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR