Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. juni 2001

Sist oppdatert 08. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Steinstolpen på Grodås



Den 9. juli 1993 vart det avduka ein solid telefonstolpe i stein på Grodås. Steinen er ein kopi av den fyrste inntaksstolpen til telefonstasjonen på Grodås. Inntaksstolpen vart reist på om lag same plassen 100 år før.

100 år etterpå, i 1993, vart det reist ny "inntaksstolpe" på Grodås. - Fremst, på benken, sit dei som avduka steinen, dei to eldste dålevande telefonarbeidarne i Kjølsdalen: Anton Horn på 99 år og Harald Rutledal på 81 år.

100 år etterpå, i 1993, vart det reist ny "inntaksstolpe" på Grodås. - Fremst, på benken, sit dei som avduka steinen, dei to eldste dålevande telefonarbeidarne i Kjølsdalen: Anton Horn på 99 år og Harald Rutledal på 81 år.

Eigar: Norsk Telemuseum/Oddkjell Bosheim.

Datering: 1993.

Fotograf: Oddkjell Bosheim.

Telefonen kjem til Nordfjord

Det var private interesser som sto føre den fyrste telefonutbygginga i Nordfjord. I 1890-åra bygde Nordfjords Telefonselskab og Søndelvens Telefonselskab telefonlinjer på strekninga Eid - Hornindal - Sunnylven - Stryn - Innvik. Stryns Telefonselskab knytte seg til nettet på Tonning og om Innvik - Utvik fekk ein telefonsamband til Gloppen og fleire bygder i Sunnfjord. Her var det andre store private telefonselskapet i Fjordane: Sønd- og Nordfjords Aktietelefonsamlag som bygde ut eit tilsvarande privatnett.

I fleire av bygdene vart det etter kvart opna telefonstasjonar, eller rettare sagt talestasjonar. På Grodås fekk ein "centralapparat" eller vekslar. Som inntaksstolpe til stasjonen på Grodås vart det sett opp ein gedigen "bauta" med heimesmidt telefonjarn og fem isolatorar på toppen. På steinen vart det hogge inn "17de Mai 1893".

Nordfjords- og Søndelvens Telefonselskab fusjonerte i 1898 og i 1905/08 vart selskapet løyst inn av det statseigde Telegrafverket. Telegrafverket sette straks i gang ombygging og opprusting av linjenettet. Den gedigne inntaksstolpen på Grodås vart det etter kvart ikkje bruk for og den kom bort.

Bilete frå Nordfjords Telefonselskab.

100 år med telefon

Etter opptak av Hornindal kommune og i samarbeid med Norsk Telemuseum, vart det til 100-årsjubileet for telefonen reist ein kopi av steinen på om lag same plassen. Kommunen sto føre alle formalitetane ved prosjektet og kjøpte inn ein ny stein frå Nergård Steinindustri AS i Eide. Telemuseet sytte for reising, kopi av telefonjarn og isolatorar og minneplate med inskripsjon:

TELEFONEN I NORDFJORD 100 ÅR * NORDFJORDS TELEFONSELSKAB * 1893 - 1908 * Gjenreist av Hornindal kommune og Norsk Telemuseum 1993

Til arrangementet under Bygdedagane i Hornindal i 1993 var det invitert representantar for dei samarbeidande kommunane 100 år før, Televerket, Norsk Telemuseum og gamle telefonarbeidarar frå Sogn og Fjordane. Mykje folk var møtt fram og dei to eldste telefonarbeidarane i Kjølsdalen, Anton Horn og Harald Rutledal, sto føre avdukinga av den nye "inntaksstolpen". - Nei, no blir eg 'kje overraska over noke lenger, uttala den 99 år gamle Anton Horn til ein journalist etterpå.

Bilete av telefonarbeidarar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Runde, Harald Jarl: Litt om utbygginga av telefonnettet i Nordfjord. I Kulturdagane i Hornindal 1993, vedlegg til Fjordingen og Fjordabladet, juli 1993.
Sindre, Svein: Telefonen i Nordfjord snart 100 år. I Fjordingen. Julenummer 1990.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Arkivsaker ang. Nordfjords Telefonselskab.
Norsk Telemuseum, arkivet, mappe: Telefonjubileum - Stein Grodås 1993.
Norsk Telemuseum, arkivsaker ang. dei private telefonselskapa i Møre og Romsdal/Sogn og Fjordane.
Norsk Telemuseum, fotosamlingar.
Lenæs, Ingolf: Privattelefonen i Norge. Skien 1966.
Runde, Harald Jarl: "De spredte Distrikters gjensidige forbindelse." I Vestnorsk Reiseliv, nr. 2, 1997.
Sindre, Svein: Telefonutbygginga i Indre Nordfjord. I Hornindal Historielag. Historisk årsskrift, nr. 9 - 1993.
Thingvold, Georg H.: Televerket i Sogn og Fjordane fra 1858. Førde 1984.
Thingvold, Georg H.: Førde Telegrafstasjon 1875 - 1974. 1994.

Nettstader:
http://www.norsktele.museum.no/
(Heimesida til Norsk Telemuseum).

PERMANENT IDENTIFIKATOR