Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. juni 2008

Sist oppdatert 22. november 2018

Hauglandsenteret - Familiegravstad i Holmedal



Tett attmed kyrkja i Holmedal, på nordsida, ligg det ei gravplate med fire namn. Innskrifta fortel oss at det er ein familiegravstad. Skriftteikna gjev inntrykk av at gravminnet er av nyare dato. I 2001 var det blomar ved gravminnet. Graset voks tett inn til kanten på alle sidene. La oss sjå nærare på dette litt spesielle gravminnet.

Gravminnet på "Jens og Birgithe Hougland's familiegravsted" i Holmedal.

Gravminnet på "Jens og Birgithe Hougland's familiegravsted" i Holmedal.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2001

Fotograf: Hermund Kleppa

Innskrifta

Gravplata er laga av ein mørk bergart og er 70 cm x 100 cm. Overflata er gjort lys slik at uthogde skrifteikn kjem fram i mørk farge. Skriftteikna i dei fem første linene er laga på denne måten, mens innskrifta i dei to siste linene er påsette lause bokstavar og tal i bronsefarga metall. Nokre av bokstavane er delvis overgrodde av mikroorganismer. Det står:

JENS OG BERGITHE
HOUGLAND'S
FAMILIEGRAVSTED
CHRISTIAN BEKKER
[fødd] 15-8-1877 [død] 31-1-1980
HELGA BEKKER
1886 - 1969

Dei fire namna

Jens Haugland (1796-1878), gift med Birgitte f. Munthe Finde Tuchsen (1806-1901), var lensmann i Askvoll. Dei budde på slektsgarden Haugland i Fjaler. I 1889 selde enkja garden ut or slekta. Sonen Christian budde i Bergen. I 1906 tok han garden att på odel, men flytte ikkje til Haugland før mange år seinare. Jens og Birgitte Haugland hadde fem born. I oppstillinga nedanfor har me berre teke med den greina som har nærast tilknytning til familegravstaden, og vidare avgrensa til etterkomarane etter dottera Sophie.

Sophie (1845-1938), misjonær, gift 1876 på Madagaskar med misjonær Friederich Franz Bekker (1843-1935). Frå 1881 busette i Bergen. Begge døydde i Bergen og vart gravlagde på Møhlenpris kirkegård.

Born:
1. Christian, fødd 15.08.1877, ugift. Gjekk Hambros skole (Middelskule) i Bergen 1892, konfirmert 1893, student 1895, cand jur 1902, fullmektig hjå advokat Knudsen 1903, eigen sakførarforretning i Bergen frå 1910. I 1906 tok han att Hauglandsgarden på odel. Gjekk til fots Oslo-Fjaler 1902. Kjøpte og fekk freda øya Molvær i Askvoll. Døydde 31.01.1980 i Fjaler. Testamenterte Haugland til Sogn og Fjordane Røde Kors.

2. Jenny (1879-0000), gift 1917 med Gustav Noven, busette seg i Kristiansand.

3. Arnold Christian Reinhardt (1881-1965), cand philol., gift og busett i Oslo.

4. Helga (1886-1969), lege og forfattar, flytte frå Bergen til Flekke i 1940, budde på Hernes, over fjorden frå Haugland, hadde og hytte på Haugland. Gav ut diktsamling i 1916, seinare fleire.

Smått med opplysningar frå kyrkjekontoret

Å sjå til er gravminnet på Haugland/Bekker-grava av etter måten ny dato. Det er rimeleg å anta at gravene til Jens og Birgitte opphavleg var markert med eit anna gravutstyr. Fram til eit stykke inn på 1900-talet vart det av og til anlagt familiegravstader innhegna med gjerde av tre eller smijern. Kan dette ha vore tilfelle med Haugland/Bekker-grava?

Kyrkjekontoret opplyste i 2001 at dei ikkje kjenner til når eventuelt tidlegare gravutstyr vart fjerna. Dei opplyste vidare at Jens Haugland si grav er eit stykke utanom gravplata, og at dei ikkje har nokon festar til grava Haugland/Bekker.

Meir i privatarkiv

Christian Bekker testamenterte garden Haugland og andre eigneluter til Sogn og Fjordane Røde Kors. Privatarkivet hans fylgde og med. Ei saksmappe inneheld fleire skriv knytta til familiegravstaden . På ein konvolutt, poststempla 5. juni 1937, står påført med raud fargeblyant: " Vigtigt. Gravstedsfæsteseddel".

Av saksmappa går det fram at familiegravstaden vart utvida noko i 1937, og det blei sett opp nytt gittergjerde til erstatning for eit eldre. Kyrkjeverje O.R. Aasnes stadfesta i brev datert 5. juni 1937 at den innhegna gravstaden var forlenga med 1,5 m. Eigedomsretten var fastsett til 90 år og kr.12 skulle "vedlegges kirkekassen".

Holmedals mek. Verksted utførte arbeidet. Nytt gravgitter og reparasjon av låsar og nøklar kom på i alt kr.105,35 (tilsvarar kring 3000 2007-kroner). O.K. Lerpold skreiv under på rekninga.

I korrespondansen ligg det ved tre skisser som viser storleik, plassering og utforming, både av det tidlegare gravgitteret og det nye. Gravstaden låg mellom to andre familiegravstader, "Roklings Gravsted" og "Engebø Gravsted". Den tidlegare familiegravstaden var 2,44 m brei og 7,44 m lang. Den nye hadde same breidda, mens lengda var auka til 8,94 m. Det var to portar, på sørsida og austsida.

Nærare opplysningar

Christian Bekker budde i Bergen då det nye gjerdet rundt familiegravstaden blei sett opp, og hadde såleis ikkje høve til å følgja med på arbeidet eller sjå det ferdige resultatet. O.K. Lerpold skreiv den 18. juli at arbeidet var ferdig og oppsett etter avtale. Han vona Bekker ville finna arbeidet "tilfredstillende utført".

Det ser ut til at Christian Bekker fekk ein tredjeperson til å sjå på korleis arbeidet var "utført". Tilbakemeldinga frå Johannes O. Noven, datert 24. juli, gjev eit godt bilete av korleis det nye gjerdet var sett opp og såg ut.

Det står:

"Det ser (...) pent ut med nøiagtige mellemrum, og det er malet Sort. Porten gaar til høire mot kjerken. Og saa bemerker jeg at navne "Bekker" er indgraveret i Portens haandtrykker, som er av Messing. Stolpene til Gittergjære staar i en rund ring av sement som ligger gjevnt med Jorkanten. Sementen er lit synlig rundt stolpene, men det vil gaa an og fylle til sand paa om de ønsker det. Jeg har nu forsøkt og bemerket om arbeidets utførsel og jeg for min del finder ikke nogen serskjelt feil. Og med haap om at de maa bli fornøiet."

Oppsummering

Familiegravstaden Jens og Bergitte Haugland omfattar fire graver. Det er rimeleg å anta at det blei sett opp gravminne på Jens og Bergitte forholdsvis kort tid etter at dei døydde, høvesvis 1878 og 1901. I 1937 var gravene deira omgjevne av eit gittergjerde. Gravstaden vart same året utvida noko og gjerdet blei erstatta med eit nytt.

Seinare vart gjerdet teke ned og eventuelle eldre gravminne erstatta med eit liggjande gravminne med dei fire namna påførde: Jens og Bergitte Haugland, Christian Bekker og Helga Bekker. I 1937 festa Christian Bekker gravstaden for 90 år, som vil seia til 2027.

kjelder:

Kyrkjekontoret i Askvoll. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Privatarkiv SFF-99030 Bekker, Christian