Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. februar 2001

Sist oppdatert 02. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kulissene i Bygdetun



Då gamle Bygdetun vart opna på Bryggja i 1935, kunne folk også gleda seg over vakre kulisser måla av nordfjordkunstnaren Erling Solheim. Då nytt Bygdetun vart opna i 1996, fekk kulissene plass i glasmonter. Erling Solheim var fødd på Bryggja i 1911 og døydde i 1973. Arbeida hans finst i mange heimar i Nordfjord.

Kulissene frå gamle Bygdetun i glasmonter i nye Bygdetun på Bryggja.

Kulissene frå gamle Bygdetun i glasmonter i nye Bygdetun på Bryggja.

Eigar: Rigmor Navekvien.

Datering: Ca. 1996.

Fotograf: Rigmor Navekvien.

Kulissene i Bygdetun på Bryggja

Då gamle Bygdetun på Bryggja vart innvigd i 1935, gav kunstmålar Erling Solheim eit vakkert arbeid til bygget. Han hadde måla kulisser som syner utsynet frå Bryggja med fjellet Hornelen i bakgrunnen. Dei lyse bjørkene skulle symbolisera håpet, ungdommen og våren. Gjennom åra vart kulissene slitne, lerretet morkna og stadig fleire rifter kom til syne. Dette var ein av bygdefolket sine kulturskattar, og gleda var stor då kunstverket vart restaurert og plassert i glasmonter i det nye Bygdetun. 31. juni 1996 var det høgtideleg opning av utstillinga i monteren. I det høvet var det òg laga ei utstilling av målarstykke og teikningar laga av Erling Solheim.

Bilete av kulissane i Bygdetun.

Bilete av det gamle bygdetunet.

Kunstnaren Erling Solheim

Erling Solheim var fødd på Bryggja i 1911 og døydde i 1973. Han har sett mange spor etter seg i bygdene i Nordfjord. Erling var son til lærar Anders Solheim og Anne Brobakke. Etter folkeskulen drog Erling Solheim til Ålesund på middelskulen, og seinare til gymnaset på Eid. I gymnastida måla han fleire bilete som hang på veggene i skulen. Som teiknar var Solheim sjølvlært. Han fekk aldri høve til å ta utdanning i den retninga han hadde slik givnad. Eitt av dei første større arbeida hans var sceneteppet i ungdomshuset på Blakset. Det er 4 x 3 meter og viser utsyn mot Hildeneset og Innvikfjorden. Det måla han då han var 17-18 år gammal. Solheim laga mange hundre teikningar med motiv frå nordfjordbygdene. Dei fleste nordfjordingar har sett ei Solheim-teikning. Stilen er særprega og lett å kjenna att. Dei vanlegaste motiva er Nordfjordmiljø, ofte med dyr som er naturtru og livfullt attgjevne. Mange har tykt vel om teikningane hans, og dei finst i mange stover i Nordfjord.

Portrettbilete av kunstnaren Erling Solheim.

kjelder:

Jul i Nordfjord 1987.
Brev frå Rigmor Navekvien.

PERMANENT IDENTIFIKATOR