Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 26. april 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Vegsperring ved Dregebø nord for Vadheim



I Vadheim dreier hovudvegen E39 nordover gjennom Ytredalen, og rundt 4,5 km nord for Vadheim passerer vegen Dregebø i ein ny parsell gjennom ei stor fjellskjæring. I dette området finn vi framleis spor etter gamlevegen og den tyske vegposten ved Dregebø.

Dagens nye E39 går beint fram gjennom ei skjæring, medan gamlevegen og restane av den tyske vegposten står att på knausen til høgre på bildet.

Dagens nye E39 går beint fram gjennom ei skjæring, medan gamlevegen og restane av den tyske vegposten står att på knausen til høgre på bildet.

Eigar: Kjell-Ragnar Berge

Datering: 2017

Fotograf: Kjell-Ragnar Berge

Vegposten ved Dregebø
Vadheim er eit sentralt trafikknutepunkt og vegkryss. Under krigen var det ikkje vegsamband utover til Lavik, så rutetrafikken gjekk med båt på Sognefjorden inn til Vadheim der det var vegsamband via Førde til Sandane i Nordfjord. På Klævold låg eit tysk kystfort som sikring av innseglinga til Vadheimsfjorden, og i Vadheim var det stasjonert infanteri- og transportavdelingar, etablert forsyningslager og feltpostkontor.

Ved Dregebø etablerte tyskarane ein liten vakt- og kontrollpost ved bilvegen nordover til Førde. Bunkeren og skytestillingane til vegposten låg på nedsida av ein skarp sving på gamlevegen, og der hadde vaktmannskapa godt oversyn sørover dalen mot Vadheim. Bunkeren var både dekningsrom og opphaldsrom for vaktmannskap, og hadde løpegrav ut til skytestillingar på begge sider.

Sprenging av veg og bru
For å hindre ei framrykning av eventuelle fiendtlege tropper nordover dalen frå Vadheim, førebudde tyskarane sperringar av riksveg 580 Vadheim-Sande.

Planane for sperring 4f skildrar sprenging av vegbana ved vegposten på Dregebø. Her gjekk vegen gjennom eit smalt gjel, på austsida eit sju meter djupt dalsøkk, på vestsida ein åtte meter høg fjellskrent. Sprengstoff i fem sprengkammer skulle sørge for at heile vegen i ei lengd av 20 meter og i full bredde skulle rase ned i dalsøkket. På lager i Vadheim låg tennmiddel og 230 kg sprengstoff klar, og eit sprengningslag på seks mann skulle på ordre kunne utføre sprenginga i løpet av ein halv time.

Sperring 4g var instruksjonar for sprenging av Dregebø bro over Ytredalselva. I Vadheim var lagra 121 kg sprengstoff til denne sprenginga, og også her skulle eit sprengingslag på seks mann klare å utføre sprenginga i løpet av ein halv time.

Sperring 4c var sprenging av brua over elva Gaula i Sande sentrum. Dette var ei større bru, og eit sprengingslag på ni mann hadde ein time på seg til å få på plass 200 kg sprengstoff.

Tyske sperreplaner
Sprengingsobjekt vart valde ut nær militære støttepunkt, hamneanlegg i kystområdet og vegar som kunne vere aktuelle for ein fiende å bruke. Ved aktuelle objekt vart det laga sprengkammer for plassering av sprengstoffet. Dette arbeidet vart gjort av militært fagpersonell som i dei fleste tilfelle var pioner-soldatar (ingeniørsoldatar). Sprengstoff og tennmiddel vart lagra hos næraste militære avdeling som også hadde ansvaret for sjølve sprenginga når den tid kom. Samstundes med dei praktiske førebuingane blei det for kvar vegsperring og alle sprengingar også utarbeidd ein Sperranweisung. Det var ei detaljert rettleiing til dei som skulle utføre sprenginga om korleis oppdraget skulle utførast.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Distriktskommando Vestlandet: Arkivboks merka «Kommunikasjonsødeleggelser» - komød. Tyske sperreplaner i Sogn og Fjordane 1940-45.


Berge, Kjell-Ragnar: «Fronten er kysten!» - Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45. Hyllestad/Førde 1995

PERMANENT IDENTIFIKATOR