Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kvernhus i Systaddalen



2-300 m nordafor gardshusa i Systaddalen ligg eit nyleg restaurert kvernhusanlegg. Både kvernhus og føringsslok med demning er bygde i stein. Anlegget er truleg frå siste halvdel av 1800-talet.

Kvernhuset i Systaddalen er bygt berre i stein. Anlegget er restaurert i åra 1997-2000, delvis med midlar frå Fylkesmannen og med mykje eigeninnsats frå grunneigaren si side.

Kvernhuset i Systaddalen er bygt berre i stein. Anlegget er restaurert i åra 1997-2000, delvis med midlar frå Fylkesmannen og med mykje eigeninnsats frå grunneigaren si side.

Eigar: Hyllestad kommune.

Datering: Hausten 1999.

Fotograf: Per Bygnes.

Kvernhusmiljøet i Systaddalen

Kvernhuset står i Systaddal-elva, 2-300 m frå gardstunet i Systaddalen. Huset er bygt fullt ut av stein. Det same er er føringssloket for vatnet fram til kvernhuset. Dei som bygde dette anlegget, kan ha henta stein i elva. Det er ikkje funne noko steinbrot på garden. Men det er registrert steinbrot både på Akse og Eide i same bygda. Sjølve kvernhuset har ei flatevidd på 8-10 kvadratmeter.
I området rundt kvernhusanlegget er det lange steingardar som ringar inn området. Det er også to steinflorar i same området. Den eine av desse vert nytta også i dag. Litt spesielt er det også at kvernsteinane er produserte i Hyllestad, i bergarten granatglimmerskifer.

Kvernhus for tre gardar

Kvernhuset i Systaddalen vart nytta i tida fram mot siste verdskrigen. I tillegg til bruksnummer 5 Systaddalen, nytta også bruka Systadgjerdet og Ekreskaret same kvernhuset. For det meste vart det mole havre på kverna, men og litt bygg til ølbryggjinga på garden. I Systaddalen vart kvernhuset vist til med "Nor me' kvenna".

Vøling og restaurering av anlegget

Alderen på kvernhuset og anlegget elles er uviss. Mest truleg er det frå siste helvta av 1800-talet. Sist i 1920-åra vart det skifta sutak og takberarar. Men etter å ha stått ubrukt i 60-70 år, var anlegget noko til nedfalls i slutten av 1990-åra. Etter søknad gjennom kommunen vart nåverande eigar tildelt ein del midlar frå Fylkesmannen til restaurering. Dette arbeidet har gått føre seg i åra 1997-2000. Innleigt arbeid er utført av Jo-Ry Byggmarked A/S. Resultatet av tildelte midlar og stor eigeninnsats frå grunneigaren si side har vorte eit nær på operativt kvernhusanlegg på nytt. Innvendig treverk er skifta ut. Kornteine og kvernkall er laga i lerketre, som er rekna til å vera eit svært haldbart trevyrke.

Tilkomst

Grunneigaren ynskjer at både lokalbefolkning og tilreisande kan få sjå dette heilt spesielle anlegget. Gardstunet i Systaddalen ligg 1,7 km etter ein heller smal, kommunal veg frå Systad-kvammen ved RV 57, ca. 8 km nord for Leirvik. Anlegget ligg også nær Den Trond-hjemske Postvei.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Firda. 23.10.1999.
Kopi av søknad til Fylkesmannen, datert 5.6.1997.

PERMANENT IDENTIFIKATOR