Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 23. juli 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Kjeberging i Koldegjelet i Undredal



Om somrane vert kjea til påsett sette ut på beite for seg sjølve langs fjorden. Eigarar må vitja dei regelmessig for tilsyn og for at dei skal vera tamme og ikkje forsvinna på fjellet. Dei vert etter kvart svært spreke av livet ute i dei bratte liene, men det hender ein sjeldan gong at dei går seg skårfaste. Då må me ut og berga dei. Det skjedde den 22. juli 2007.

Oversiktsbilete som viser kvar Koldegjelet ligg i forhold til Aurland og Undredal.

Oversiktsbilete som viser kvar Koldegjelet ligg i forhold til Aurland og Undredal.

Eigar: Pascale Baudonnel, Undredal

Datering: 21.07.2007

Fotograf: Pascale Baudonnel

Kje til påsett
Kvar vinter i januar-februar vert kjea fødde i fjøsane i Undredal. Det vert fødd omlag 1,5 kje per mjølkegeit. Kvar geitebonde held att eit visst tal geitekje under dei beste geitene. Desse skal veksa seg store og erstatta dei geitene som går ut av flokken kvart år av ulike årsaker som alder, sjukdom eller skade m.m. Nokre få bukkar vert óg sette på.
Desse påsette kjea står i fjøset i eigen binge til våren. Då slepp me dei på beite langs fjorden. Kvar gard har sitt område. Våre 19 påsette vart sette ut i mai i området mellom Koldegrufsa og Koldegjelet, like før garden Stigen

Venne seg til utelivet
Første dagen ute er dei ikkje høge i hatten. Dei har ikkje sett anna i sitt liv enn sin vesle binge. Plutseleg er taket uendeleg og underlaget glatt og bratt.
Første bod er velstelte klauver som gjev godt grep på steinane. Så lærer me dei at fjorden ikkje er eit fint, flatt teppe dei kan spasere på ved å tvinga dei nett uti. Ein gong tok me oss ikkje tid til det. Då fann me ein drukna killing neste dag.
Den første veka er me der nesten kvar dag og gjev dei pellets (kraftfor) ved fjordkanten for å læra dei å kome ned når me kallar. Det hender ofte me må henta dei, sjølv om dei berre er nokre få meter oppe i lia . Alt er så skummelt endå. Men dei vert fort modigare og kliv stadig lenger opp etter den beste maten

Skårfaste
Ein sjeldan gong set dei seg fast i berghamrane. Sjølv om dei vert utruleg spreke, så skjer det at dei hoppar nedover nokre fjellhyller som er for høge til at dei greier å hoppa opp att Ei slik felle har me i Koldegjelet. Det er andre gongen på fåe år at me må berge kjea frå akkurat denne plassen.

Oppdaga kjea
Me oppdaga 4 kje på fjellhylla 21. juli då me skulle sjå etter dei. Det var berre eit kje av 19 ved fjorden. Me stogga motoren og kalla på dei. Då høyrde me ynkelege stemmer frå fjellsida. Etter litt greidde me å lokalisera 4 stk på ei lita hylle langt oppe. Hylla var heilt svart. Dei måtte ha gått der ei stund. Medan me stod og så på dei, kom eit ramnepar ned mot dei og skremde dei slik at dei sprang til den andre kanten av hylla.

Ekspedisjonen
Neste morgon laga me klar sekken: 100 m tau, klatresele, rappel åtte og kraftfôr. Me tok på oss gode sko. Det var eigarane Ivar og Pascale som gjekk. Heile turen tok 4,5 timar. Først drog me med båt til Koldegjelet. Då me kom i land, hadde det einsame kjeet me såg dagen før, fått følge av eitt til. Det viste seg at det var ein av dei fire som var kome ut av hammaren på eiga hand. Om det var nedover eller oppover får me aldri vita, men ho bar i alle fall ikkje preg av noko fall.
For å kunna berga kjea, måtte me ta oss opp til me kom opp i lia over dei. Så måtte me klatra ned, dra dei opp og så få dei ned att til fjorden.

Vasspyttar og tang
Turen ned att gjekk fint. Dei beita ivrig og fylte opp att dei slappe vommene sine. På telefonen frå garden Stigen fekk me høyra at dei 14 kjea som me ikkje hadde sett i det heile gjekk opp mot Koldao som ligg på høgde med Stigen. Så lenge dei ikkje står fast, er det ikkje farleg. Vel nede ved fjorden drakk kjea ivrig frå dei små vasspyttane og dei byrja å eta tang.

Eiga kjetrapp
No reknar me med at denne fjellhylla ikkje er så freistande meir for i år, men den vart så hardt gjødsla at det vert kanskje frodig og freistande der neste år. Då må me vurdera å byggje ei trapp der så dei kan kome opp att sjølve.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fortalt av forfattar Pascale Baudonnel og mannen Ivar-Bjarne Underdal som gjennomførte berginga.
Pascale Baudonnel. 2007

PERMANENT IDENTIFIKATOR