Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. juni 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Bautastein frå Nornes på Sogn Folkemuseum



På Nornes i Sogndal stod det lenge fleire eldgamle bautasteinar. Biskop Neumann nemner tre fyrst på 1800-talet. I. C. Dahl festa ein til lerretet i 1827, og ein er i dag å sjå på De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum. Den har ei merkeleg yngre historie.

I. C. Dahl: "Vinter ved Sognefjorden", 1827. Landskapet kan avgrensast nærare. Bautasteinen står på Nornes med Fimreite på andre sida av Sogndalsfjorden. Fjella i bakgrunnen ligg på sørsida av Sognefjorden.

I. C. Dahl: "Vinter ved Sognefjorden", 1827. Landskapet kan avgrensast nærare. Bautasteinen står på Nornes med Fimreite på andre sida av Sogndalsfjorden. Fjella i bakgrunnen ligg på sørsida av Sognefjorden.

Eigar: I Luster lokalhistorisk Årbok. Nr. 3, 1996/1997.

Datering: 1828.

Fotograf: J. Lathion.

Manglar skriftteikn

Bautasteinen frå Nornes kom til Sogn Folkemuseum i 1993. Han er om lag ein meter høg, nokolunde loddrett på eine sida, avrunda mot toppen på den andre. Det er ikkje gammal innskrift av noko slag, berre nokre riper her og der som truleg har oppstått under transport eller at nokon kom borti han der han stod dei siste åra før kan kom på museet.

Tok seg betalt med bautastein

Dr. Schøyen i Sogndal var ein gong kring 1920 på sjukevitjing på Nornes. Som oppgjer fekk han ein bautastein som stod i tunet. Året etter frakta Johannes Henjesand steinen til Sogndal med motorbåten sin, "Risen". Då han kom til Sogndal, fekk han høyra at eigaren var død same dagen. Dermed vart steinen liggjande på Steinbryggja i mange år. Han vart seinare sett opp på hjørna av krambua til Johannes Grøvlen. Grøvle-bui vart riven i 1970 for å gi plass til ny daglegvarehandel (K-sentreret), Høgskulen og Vestlandsforskning.

Berga av Olav Vatlestad

Då urmakar Vatlestad skjøna at det var fare for at bautasteinen kunne hamna i tufta til nybygget, greip han inn og fekk lov til å ta med seg steinen heim. Planen hans var å setja han opp i eit blomsterbed attmed huset. Andre tykte ikkje heilt om dette, og ein morgon oppdaga Vatlestad at folk hadde vore på ferde om natta og fare med "bautasteinen". Men tjuvane blei lurde. Det var ein annan stein dei hadde fått med seg. Nornes-steinen låg framleis trygt lagra i kjellaren, og etter dette nattraidet fann Vatlestad det tryggast å la han bli liggjande der, - heilt til han avleverte han til museet.

Biskop Neumann melder om fem

Biskop Neumann (1772-1848) var interessert i fornminne. Han hadde vakne auge for "oldtidsminne" på embetsreisene sine, og var med og grunnla Bergens Museum i 1825. I ein artikkel i skriftet Urda, som kom ut i åra 1837-1847, nemner han bautasteinane på Nornes. Det var då berre tre att. Den høgaste var 9,5 alner (nær 6 m) høg, 1 ¼ alner (ca. 80 cm) brei og ½ alen (ca. 30 cm) tjukk. Steinen var tilspissa i toppen og omgjeven av ei sirkelforma steinsetjing. Dei to andre var noko mindre, kring 4,5 meter høge. Om ein fjerde stein fortel han at berre eit lite stykke stod att, og at ein femte stein var teken opp og frakta opp til ein av gardane på Nornes.

På nasjonalromantisk målarstykke

Under den nasjonalromantiske perioden på 1800-talet brukte fleire av målarane gamle bautasteinar i motiva sine. I. C. Dahl (1788-1857) har ein bautastein i framgrunnen på målarstykket "Vinter ved Sognefjorden" frå 1827. Vi kjenner att landskapet. Steinen står eit stykke opp frå sjøen frå Nornes, med Slinde til høgre i biletet. Landskapet er elles Norafjorden, Fimreite og i bakgrunnen eit fjellparti på sørsida av Sognefjorden.

Kunstnaren har framheva denne eine bautasteinen ved ikkje å ta med andre element i nærleiken av bautasteinen bortsett frå ein heilt liten stein på marka attmed, ei buske mot fjorden og eit par kråker. Målarane på denne tida måla ikkje alltid "fotografisk" korrekt. Dei kunne trekkja frå, leggja til eller regissera element i bileta sine.

Kvar vart det av Nornes-steinane?

På Nornes er det er ingen att no av dei gamle bautasteinane. Det er sagt at den siste vart teken ned etter ein storm i 1880, utan at vi har kjeldebelegg for dette. Biskop Neumann nemnde at ein bautastein var teken ned og frakta opp til ein av gardane. Det er grunn til å tru at fleire bautasteinar opp gjennom tidene har vorte nytta i husmurar, klopper (mindre bruer) eller til andre føremål. I Harry Fett sine fornminneregistreringar på midten av 1900-talet, er det t.d. opplyst at ein bautastein på Slinde skal ha vore brukt i ein fjøsmur.

Meir enn 1000 år gamle bautasteinar

I Sogn og Fjordane finst det over femti bautasteinar som er bortimot 1000 år gamle eller eldre. Dei fleste er utan innskrift av noko slag, og jamt over vanskelege å datera. Truleg har dei vorte reiste gjennom ein periode på fleire hundre år. Somme av dei vart sette for å markera graver, andre vart reiste som minnesmerke.

kjelder:

Sogn Avis. 13.10.1984.
Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. Bind 2. Kristiania 1901.
Kulturhistoriske leksikon for nordisk middelalder. Oslo 1956.

PERMANENT IDENTIFIKATOR