Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. januar 2008

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Henrik Wergeland i Nordahl Rolfsens lesebok



"Jøde" skrek forferdet / en manns- og kvinnerøst. "Da blir du ute! / Vi eier ingen ting å kjøpe for / og blot ulykke vil du bringe huset / i denne natt da han ble født du drepte." Dette er fem strofer i Henrik Wergelands dikt Juleaftenen. Diktet stod i den nye utgåva av Nordahl Rolfsens lesebok for folkeskulen (grunnskulen) våren 1940.

Jøden Jakob i snøstorm julekvelden. Illustrasjon til Wergeland-diktet <i>Juleaftenen</i> i Nordahl Rolfsens lesebok, bind fire 1940. Nordahl Rolfsen la vekt på å bruka gode illustrasjonar. Det skulle medverka til å vekkja leselysta hjå borna. Mange kjende kunstnarar laga illustrasjonar. Denne er signert Gustav Wentzel (1859-1927).

Jøden Jakob i snøstorm julekvelden. Illustrasjon til Wergeland-diktet Juleaftenen i Nordahl Rolfsens lesebok, bind fire 1940. Nordahl Rolfsen la vekt på å bruka gode illustrasjonar. Det skulle medverka til å vekkja leselysta hjå borna. Mange kjende kunstnarar laga illustrasjonar. Denne er signert Gustav Wentzel (1859-1927).

Eigar: I Nordahl Rolfsens lesebok

Forbarma seg over eit barn

Diktet Juleaftenen handlar om ein omreisande jøde, skreppehandlaren Jakob. Staden er "midt i Sveriges ørken", "Tivedskogen", og tidspunktet er julekvelden. Det er tett snøvêr. Jakob høyrer lyder som liknar på barneskrik. Han går ut av vegen og finn eit å sjå til livlaust barn. Han kastar skreppa, tullar barnet inn i undertrøya si og held bylten inn til brystet. Nå er det om å gjera å finna fram til folk. Men korleis kan han koma seg tilbake til vegen. Fara hans er attsnødde. Jakob får hjelp.
 

Englar

Da sprang han opp. Men nå hvor hen? Ti stormen
har blåst hans spor igjen. Det ei bekymret.
Ti han i tordenen i skogens topper
nå hørte Davids jubelharper kun;
ham fykende nå syntes som kjeruber
der viste vei på svanehvite vinger
og i det må og få han fulgte, følte
han Herrens eget sterke fingertrekk.

Teikning i leseboka

Teikninga til stykket i Nordahl Rolfsens lesebok (over) viser Jakob med barnet når han prøver å finna tilbake til vegen. Han opplever at englar med "svanehvite vinger" kjem til og syner veg. Han kjenner det som at Gud sjølv står bak, og han finn vegen tilbake. Jakob kavar seg fram i snøveret, kreftene minkar, han kjem til eit hus, greier å slepa seg opp til døra og bankar på. Nokon opnar.

Avvist

"I Jesu navn, hvem der i slik en natt?"
"Den gamle Jakob. Kjenner I mig ei?
Den gamle jøde?"

"Jøde" skrek forferdet
en manns- og kvinnerøst. "Da blir du ute!
Vi eier ingen ting å kjøpe for
og blot ulykke vil du bringe huset
i denne natt da han ble født du drepte."

Deira eige barn

Dei avvisande orda - "ingen jøde i et kristent hus", "slengte" han hardare "enn vinden" ned i snøen. Han er avvist. På ny ser Jakob englar, men denne gongen berre som hjelparar inn i døden. Om morgonen ser mannen og kvinna i huset at jøden ikkje er reist. Dei vil jaga han bort, men oppdagar at han er død og at bylten hans ikkje inneheld salsvarer, men deira eige barn. "O, Gud har straffet oss! Ei stormens kulde, / vår egen grusomhet har drept vårt barn!"

Innleiing

Det er ein litt avkorta versjon av Juleaftenen som står i fjerde bandet av Nordahl Rolfsens lesebok, bind fire 1940. Til diktet står denne innleiinga:

"Etter grunnloven var på Henrik Wergelands tid jødene utelukt fra riket. Wergeland arbeidde iherdig på å skaffe dem adgang; han kom med framlegg for Stortinget gang på gang. Først 6 år etter hans død seira hans tanke; men hans kamp for jødene har gitt oss "de blomstrende tornekvister" (som dikteren kaller de to diktningene) Jøden og Jødinnen. Til Jøden hører dette diktet (..)".

22 sider om Henrik Wergeland

Nordahl Rolfsens lesebok, bind fire 1940, har diktet med i eit illustrert stykke på 22 sider om Henrik Wergeland og diktninga hans. Forfattaren fortel om barndommen og ungdommen, forholdet hans til den svensk/norske kongen Karl Johan, diktninga hans og når livet tok slutt. "Hans død kom tidlig, hans liv blei kort, men virksomt og rikt på kamp."

I 2008 - i eit Wergelandsår - er det interessant å sjå på stykket om Wergeland som lesetekst til born i alderen 12-14 år, borna som gjekk i folkeskulen frå 1940 til kring 1960.

Leseverk for folkeskulen (barnetrinnet)

Nordahl Rolfsens lesebok og Austlids lesebok var to lesebøker eller leseverk som vart brukte i folkeskulen (7 til 14 år) i tida 1892 til kring 1960. Lesebøkene hadde som mål å fremja lesedugleik, skapa leselyst og gje kunnskap. Første utgåva av Nordahl Rolfsens lesebok kom i 1892 med landsmålsutgåve (nynorsk) i 1893. Austlids lesebok kom ut i 1902 og var nynorsk-lesebok. Begge leseverka kom i fleire utgåver. Frå tid til anna vart dei reviderte i høve til rettskrivingsnormalar, læreplanar og den allmenne samfunnsutviklinga. Leseverka kom i fleire bind, med stigande progresjon etter aldersstega.

kjelder:

Nordahl Rolfsens lesebok. Bind 4, 1940.
Norsk Allkunnebok. Bind 9, 1959.