Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. november 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Nynorsk i Sogn og Fjordane - Huseby-salmeboka



Året 1894 er eit salmebokhistorisk merkeår. For fyrste gong kom det ut salmar på nynorsk i ei offisielt godkjend salmebok. Og det var ein mann frå Sogn og Fjordane som stod bak tiltaket - Olaf Huseby frå Leikanger. Han dreiv forlag og prenteverk i hovudstaden.

Systrene Roberta Trowbridge (t.v.) og Jeanne Mc Guire vitja Fylkesarkivet i juni 2006. Her ser dei i salmeboka som oldefaren, Olaf Huseby, gav ut i Kristiania i 1894.

Systrene Roberta Trowbridge (t.v.) og Jeanne Mc Guire vitja Fylkesarkivet i juni 2006. Her ser dei i salmeboka som oldefaren, Olaf Huseby, gav ut i Kristiania i 1894.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

"ho skal vera reint merkjeleg"

Sommaren 1894 melde presten Johannes Barstad på Sunnmøre at det på "Huseby & Komp. sitt Forlag" var komen ei ny og "merkjeleg" utgåva av Landstad salmebok. Notisen stod i bladet hans Stille stunder - "eit maalblad fyr kristeleg Uppbygging." Det nye med Huseby si salmebok var at ho hadde med Elias Blix sine etter kvart godt kjende salmar på nynorsk, og i tillegg noter, bilete og omtale av salmediktarar, tonediktarar og kyrkjer. Barstad hadde ennå ikkje fått boka i hende. Han såg fram til det, for som han sa, "ho skal vera reint merkjeleg" (verd å merkja seg).

Nesten fråverande i litteraturen

Huseby si utgåve av Landstad Salmebok i 1894, og seinare utgåver, vart etter kvart kjend som Huseby-salmeboka eller Huseby-utgåva av Landstad salmebok. Olaf Huseby sjølv fortel at det vart selt 200 000 Husebø-salmebøker før han utvandra til Amerika i 1903. Men likevel - Huseby og salmeboka hans er nesten uråd å finna nemnd i litteratur ein skulle venta det var naturleg å ta ho med. I Soga um norsk salmesong av Holger Barkved (1935) ikkje eit einaste ord, - i tobindsverket Salmediktingi i Noreg (1954) ein fotnotemerknad, - i Noregs Mållag si jubileumsbok Vilje til språk, eit setningsinnskot. Det er alt - me har funne.

Elias Blix: Nokre Salmar

Året 1869 er óg eit salmehistorisk år. Då gav Det norske samlaget (skipa 24. mars 1868) heftet Nokre Salmar, gamle og nye - utan namn på forfattaren. Det nye var at salmane i heftet var skrivne på landsmål (nynorsk). Alle salmane i kyrkja sine salmebøker var skrivne på dansk. Aldri hadde folk hatt høve til å høyra, eller vera med og syngja salmar på eit mål som samsvara med talemålet. Dei 13 fyrste salmane i Nokre Salmar kom seinare i nye og auka utgåver. I 1891 kom 4. og "aukade" utgåva, no med 150 salmar, - 86 originale og 64 omsette. Og denne gongen gjekk det fram kven som var forfattar: professor, dr. Elias Blix.

Autorisert 1892

Frå 1869 vart Blix-salmane smått om senn kjende og meir og meir brukte - også av og til i kyrkjene. Men eit stort hinder for kyrkjebruk var at dei ikkje hadde kongeleg autorisasjon. Det skjedde ikkje før 4. mars 1892: Nokre Salmar "tillades benyttet ved den offentlige Gudstjeneste" ved sida av dei tidlegare autoriserte salmebøkene, men, på vilkår av at "Menighedens Husfædre" fatta vedtak ved vanleg avrøysting i samsvar med kgl. Res. 11. oktober 1873.

".. ikkje for tidleg!"

Olaf Huseby sette no i gang det store salmebokprosjektet sitt: Å gje ut ei autorisert salmebok med salmar på nynorsk. Han har sjølv fortalt om korleis det bar til ved to høve, i eit brev til avisa Sogn og Fjordane førti år seinare, og i stykket Attersyn og kringsjå festskrift til Olaf Norli 1933.

I festskriftet nemner han at latinen var einerådande i kyrkja gjennom heile mellomalderen, og at tyske salmar vart omsette til dansk som fylgje av Reformasjonen. "Og dette skulde sogning, gudbrandsdøl, telemarking og sætesdøl syngja. Og presten preika på dansk, og fut og skrivar og lensmann skreiv dansk-tysk. Og til slutt vart det fint å tala dansk, men stygt å tala norsk i Norig Jamvel norske bondemenn som vart «vakte» og byrja å preike, måtte freista tala dansk i bondestovene i Norig! (..) Men so fekk Norig ein salmediktar med verkeleg salmetone på norsk mål - den lærde, stillfarande, professor dr. Elias Blix, frå Nordland."

Huseby fortel at han kjende professorane Elias Blix og Anton Christian Bang, (den siste kyrkjestatsråd i åra 1893-1895). Det kom sjølvsagt vel med når byråkratane i kyrkjedepartementet skulle handsama søknaden hans om å gje ut ei heilt ny salmebok med salmar på nynorsk og fleire kyrkjehistoriske tillegg. "Soleis bar det til", fortel Huseby, "at eg laga denne salmeboki (..) Eg vilde hjelpa til, at norske salmar kunde verta høyrde i norske kyrkjor. Det var ikkje for tidleg!"

Kom ut 1894

20. august 1892 fekk "boghandler Olaf Huseby" brev frå Kyrkjedepartementet om løyve til å trykkja 50 000 eksemplar av "Landstads Salmebog" med noter og 50 000 utan noter, og dessutan eit nærare fastsett tal utan "salmebogens prosaiske del". Huseby sikra seg jamvel einerett på å gje ut Landstad-salmeboka med Nokre Salmar som tillegg! Me har ikkje funne opplysningar om detaljar i prosessen fram til ferdig salmebok. Det ser ut til at Huseby-salmeboka vart trykt i 1893, men kom ut litt seinare, ein gong i fyrste halvår 1894.

Innhaldet

Huseby-salmeboka er i røynda ei ny utgåve av Landstad salmebok - med fleire tillegg. Landstad-salmeboka hadde vore i bruk sidan 1869, autorisert 16. oktober same året. I Huseby-salmeboka er dei 634 Landstad-salmane disponert i tre deler: a) salmar til inngang m.fl. (94), b) salmar ordna etter kyrkjeåret (484), og c) "særlige" salmar (56). Etter Landstad-salmane fylgjer Nokre salmar, dei 150 salmane av Elias Blix i utgåva 1891. 141 er ordna etter kyrkjeåret, dei ni andre under overskrifta "nokre andre salmar", t.d. morgonsalma Sjå dagen sprett.

Den "prosaiske" delen har tre bolkar:
1. Om kyrkjesalmebøker og salmediktarar.
2. Om kyrjemusikarar og kyrkjemusikk.
3. Om norsk kyrkjebygningskunst.

1. Salmebøker og salmediktarar
Bolken om salmebøker og salmediktarar er skriven av biskop J.N. Skaar (1828-1904), fødd i Kvam i Hardanger. Salmediktar-oversynet omfattar salmediktarar "som har del i Landstads Salmebog". Oversynet er ikkje komplett. Peder Nielsson, sokneprest i Jølster 1572-1604, manglar. Salmehistorikaren P.E. Rynning meiner Nielsson skal ha æra for ei av salmane hjå Landstad, den fyrste salma skriven i Noreg etter reformasjonen: "Naar jeg betenker den Tid og Stund / Jeg skal af Verden fare" (1646. Tidlegare statsarkivar Egil Øvrebø er ikkje like overtydd.

2. Kyrkjemusikk
Bolken om kyrkjemusikk, eller som det står "oplysninger om kirkemusikere, hvis Navne er knyttede til Landstad Salmebog", er skriven av dåverande kyrkjestatsråd A. Chr. Bang. Elles må det nemnast at det er noter til alle salmane i note-utgåva, trestemmig sette, av Chr. Cappelen (1845-1916), organist og komponist, fødd i Drammen, og Olaf Paulus (1859-1912), han òg organist og komponist, fødd i Kristiania, død i Stavanger. Paulus vart gift i 1891 i Dale (Indre Holmedal/Fjaler) med Dagny Nitter. Kyrkjemusikk-kapitlet har også med eit stykke om koralbøker.

3. Kyrkjebygningshistorie
Bolken "Kort Oversigt over de norske Kirkebygningers Historie" er skriven av professor dr. Lorentz Dietrichson (1834-1917), kunsthistorikar og diktar, fødd i Bergen. Fyrste delen handlar om kyrkjer i den katolske tida (fram til 1536), andre delen om kyrkjer bygde etter reformasjonen. Oversynet omfattar kyrkjer i heile landet. Om den gamle stavkyrkja på Stedje i Sogndal, riven 1867, står til dømes:

"Stedje Stavkirke i Sogn (..) der omtales i Sverres Saga, idet den stod i Fare for at brændes da Sverre 15/6 1184, samme Dag som det afgjørende Slag ved Fimreite stod, lod afbrænde Sogndalsbygden; men Birkebeinerne reddede Kirken ved at hænge vaade Seil over den. Den var vistnok netop da nybygget, siden en stolpe i Kirken synes skjænket til Naade for den endnu 1183 levende Arnthor af Hvals [Kvåle] Sjæl. Dens to rigt udskaarne Portaler findes i Bergens Musæum."

Skipa salmeboksamlag

Medan første utgåva av Huseby-salmeboka kom ut på forlaget Huseby - Co's Forlag, kom ei utgåve i 1896 eller 1897 ut på eit salmebok-samlag, skipa etter initiativ av Olaf Huseby. På tittelbladet står opplyst at boka er "forlagt af Aktieselskabet Norsk Salmebog-Samlag." Denne utgåva har dei same 150 Blix-salmane som utgåva i 1894, men det kyrkjehistoriske tillegget er kraftig nedkorta. Salmebok-samlaget si utgåve er trykt i "Olaf Husebys Bogtrykkeri" i Kristiania.

Nokre utsegner om Huseby-salmeboka

Den nye salmeboka vart vel motteken av mange. Johannes Barstad skreiv i ei notis i Stille Stunder, 31.10.1896: "Ingen som skal hava seg Salmebok, maa kjøpa nokor onnor enn Huseby si. Ho gjeng yver alle andre Salmebøker i Rikdom, Finleik og gild praktisk Utreiding."

Andreas Vamraak (1861-1936) frå Kyrkjebø (Høyanger), skreiv om salmeboka i Sogns Tidende, 11.09.1895: "Jeg kan ikke skjønne, at det herefter kan bli tale om at kjøbe nogen anden udgave af salmebogen end denne. Alle disse udmærkede tillægg faar man jo virkelig saagodtsom gratis. Bogen har da ogsaa fra kirken mødt den gunstigste modtagelse, idet ikke mindre end ca. 100 prester i forskjellige blade landet rundt har givet den sine bedste anbefalingar. Folk bør mærke sig dette, naar der nu f. eks. skal kjøbes bøger til konfirmationen. Som bekjendt er det sogningen, hr. Olaf Huseby, som har faaet denne udgave i stand, et arbeide, som sikkerlig vil bringe ham det norske kirkefolks tak."

Ein annan sogning, lærar og forfattar Johan Austbø (1879-1945), fødd i Lavik, skreiv eit helsingsstykke til Olaf Huseby i avisa Sogn og Fjordane, 16.04.1937: "Um ikke De har kjent meg, so har då eg kjent Dykk i mange år - heilt frå den fyrste "Huseby-utgåva" av Landstad-salmeboki kom. Då var eg ikkje gamal karen, men gamal nok til å gleda meg over at Blix-salmane ved Dykkar utgåva fekk eit so vyrdeleg rom millom den kjære salmeskatten vår. Det hjelpte med dette godt til å brøyta veg for desse norske salmane som no er millom dei mest sungne av dei som står i Landstad salmebok.

kjelder:

Målbladet Stille Stunder, fleire nummer.
Huseby, Olaf: Attersyn og kringsjå. Halv hundar års minnestubbar. I Attersyn og kringsjå. Et 100 års minne. Olaf Norlis Bokhandel, 1933.
Sogns Tidend, fleire nummer.

PERMANENT IDENTIFIKATOR